Eg orkar ikkje å late vere lenger. Slepp meg fri, lat meg få diskutere ned til minste detalj kvifor eg hatar Breaking Bad, kvifor eg elskar Breaking Bad – og kva det er som gjer til at eg likevel ender opp med å gi det høgaste poengsum.

Først, utan spoilers: Breaking Bad er oppnåinga av det som starta med Sopranos, feiringa av den manipulerande, slu, jævlige antihelten, med sin eigen form for moral, som me likevel heiar på. Med femte sesong har TV-serien hoppa glatt inn blant favorittane mine – som eit glimrande eksempel på ein TV-serie som slutta akkurat då den burde.

Det kjem ikkje an på mengda eller mangelen på vald, narkotika eller andre – det handlar om den mørke, vesle hemmelegheita alle menneske har ein eller anna stad inni seg. Den som insisterer på at «eg kunne ha kome unna med ‘Det Perfekte Mordet’. «Om eg berre ville».

– Men det vil eg jo sjølvsagt ikkje, eg er jo ikkje eit monster.

Breaking Bad er ein TV-serie som må sjåast. Helst frå start til slutt – ikkje i rykk og napp, slik eg har gjort det. Detaljrikdommen i både forteljinga, figurane, omgivnadene og hendingane stiller nemleg i tillegg det ekstra kontrollspørsmålet:

– Eller er eg det?

SPOILER-advarsel – hald fram på eiget ansvar:
Breaking Bad (Foto: Sony Pictures Home Entertainment)
Slik ser ein typisk matpause for speedkokkar ut. (Foto: Sony Pictures Home Entertainment)
Den skitne vesle hemmelegheita

Det er når Walt endeleg innrømmer det at den siste puslespelbiten klikkar på plass. Gjennom fem sesongar, tallause dialogar, og absolutt alle beskrivingar av serien nokosinne har Sanninga vore:

«Om kjemilæraren Walter White som vert dødeleg kreftsjuk, og byrjar å produsere metamfetamin for at familien skal leve godt etter han vert vekke». Familien har stadig vore årsaka til at den geniale kjemikaren har nytta kreftene sine til det vondes teneste – han gir faen i middelet, så lenge målet er sikra.

Men då kona Skyler set han til veggs i siste episode – nesten som ein representant for TV-sjåaren – og konfronterer han med vegen han har gått for å nå målet sitt innrømmer Walt/Heisenberg at han har enda opp ein anna stad.

– Eg gjorde det for meg. Eg likte det. Eg er flink til dette.

Emilio, Tortuga, Jane, Victor, Tio, Gus, Mike, Dennis, Todd, Jack, Lydia, og endå fleire til. Alle har døydd på grunn av Walters innblanding, på ein eller anna måte.

Setninga hans fell som replikken til regissør Kathryn Bigelow om Hurt Locker. «War’s dirty little secret is that some men love it» – kjærleiken til noko ein eigentleg ikkje har lov til å like.

Ambisjon

Anti-helten har vore hylla i TV-mediet i mange år allereie. Fleire av TV-seriane som går – eller har gått – for å vere «verdas beste» no i «TV-ens gylne alder» involverer hovudpersonar som ikkje er den tradisjonelle helten (og heller ikkje den tradisjonelle antihelten, men det er ein diskusjon for ei anna dag). Breaking Bad er i bunn og grunn ein serie om og av ambisjon.

På den eine sida har ein Walter White – fantastisk spelt av Bryan Cranston, som har fortent absolutt alle prisar han har fått – ein éin gang ambisiøs forskar, redusert til ingenting av tidlegare samarbeidspartnarar, som no augnar mogelegheita til å skape noko verkeleg stort igjen. Han er ikkje i narkotikabransjen, han er «i imperiebransjen».

Forholdet hans til læreguten Jesse, kona Skyler, sonen Walt Jr., og svogeren Hank har endra seg dramatisk over åra – alle støttar hovudpersonen på beste måte, noko Emmy-prisane er eit tydeleg teikn på. Siste halvdel av sesongen var ikkje med i rekninga då serien vann i år, så eg vil ikkje vere overraska om den dukkar opp der til neste år òg.

Bak kamera har ein Vince Gilligans ambisjon, som for ein sjeldan gongs skuld har klart å avslutte ein TV-serie til heilt rett tid. Av nyare eksempel på det motsette har ein seriar som Dexter, som nok burde ha gitt seg for nokre år sidan, og dersom sisteepisode har møtt mykje motstand.

Med buzzen som har følgt femte sesong kunne Gilligan utan problem ha fått lov til å lage meir. Ein heil sesong der Walt og Jesse må reise til Tijuana for å treffe den nye narkobaronen der, og Jesse forelskar seg i dottera hans? Rarare ting har hendt i TV-historia. Dreamworks-sjef Jeffrey Katzenberg var klar for å betale 75 millionar dollar for tre episodar til – styrt av fanbuzz og mogelegheita for profitt. Heldigvis skjedde det aldri.

Lyden av New Mexico

Lyden av New Mexico

Breaking Bad har vore gjennomgåande god i musikkbruk. Frå seriens sentrale tema, som skildrar New Mexico-området som ein slags moderne westernserie, til dei mange nydelege låtane strøydd rundt om i serien.

Sisteepisode heiter Felina, oppkalla etter elskaren til hovudpersonen i Marty Robbins låt El Paso, som òg dukkar opp i episoden, og omhandlar ein jaga manns siste dagar. Stokkar du om på bokstavane får du ordet «finale» – langt frå den einaste bittelille detaljen Gilligan og co har lagt inn.

Sjølv om det er den nest nest siste episoden, Ozymandias, som står igjen som den kraftigaste enkelthistoria, så fungerer dei to siste nydeleg som ein slags epilog for serien. Den forklarar ikkje alt – kva hender med Jessie, kva førte eigentleg til at Walt trakk seg ut av forskarkarrieren, og kva med Huell? – men pakkar Walter Whites stygge, valdelege, moralsk forkastelege reise mot slutten med ei sløyfe på toppen (nesten litt for pent for nokre, som hevdar at det heile var ein fantasi frå ein døyande mann).

Når Walter White til slutt klarar å innrømme for seg sjølv og verda rundt at han er monsteret han alltid har hevda at han inst inne ikkje er, er det ei passande endelikt. Me har alltid visst at han kom til å døy, spørsmålet var berre korleis. Sjølv meiner eg at hans siste kjærteikn til sitt «Baby Blue» plasserer Breaking Bad blant dei beste TV-seriane i verda.

I Noreg går serien på TVNorge Max. Siste episode av Breaking Bad går i kveld, klokka 23.00.

Om SERIEN

Breaking Bad
  • Breaking Bad
  • Slippdato:
  • Regi: Michelle MacLaren, Adam Bernstein, Vince Gilligan mfl.
  • Utgiver: AMC
  • Originaltittel: Breaking Bad
  • Sjanger: Action, Drama

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.