Det har neppe mangla på etterspørsel, men teikneseria Tommy & Tigern har verken dukka opp som eigen animasjonsfilm, og ikkje ein gang som lisensierte sengetøy til fans verda over. Grunnen er at serieskapar Bill Watterson har vore veldig påpasseleg med ikkje å selje lisensrettar til nokon som helst sidan starten i 1987.

I eit sjeldant intervju – Watterson likar best å halde seg utanfor publikumsmerksemda – har han utbrodert kvifor han aldri kunne tenkje seg å sjå ein animasjonsfilm sentrert rundt dei to figurane sine, sjølv ikkje frå Pixar som han er stor fan av.

– Pixars visuelle sofistikasjon imponerer, men eg har inga interesse i å animere Tommy og Tigern. Om du nokosinne har samanlikna ein film med boka den er basert på, så veit du at boka blir skamfert. Det er uunngåeleg ettersom ulike media har ulike styrker og behov, og når du lagar film er det filmen som vert servert. Som ei teikneseriestripe fungerer Tommy og Tigern akkurat slik eg meinte det skulle vere. Det er ingen fordelar for meg å filmatisere det, skriv han til nettmagasinet Mentalfloss.

Eit av få offisielle bileter av Bill Watterson. (Foto: AP)
Eit av få offisielle bilete av Bill Watterson. (Foto: AP)

Skildra i ny dokumentar

Han utdjupar sitt eiget forhold til lisensrettar, og seier at han ikkje hadde mogelegheita til å vere så påpasseleg som han ynskja i seriens spede start, det var først etter ei tid at han fekk alle rettane tilbake.

– Eg hadde signert bort dei fleste rettane mine for å bli [avis-]syndikert, så eg hadde ingen kontroll over kva som hendte med mitt eiget arbeid, og eg var ikkje i juridisk posisjon til å krangle på noko. Eg kunne ikkje ta med meg stripa om eg ville slutte, ei heller klage om eg vart erstatta, så eg var utruleg redd for at eg ville miste alt eg brydde meg om.

– Eg gav mange engasjerte innlegg for kvifor eit kunstverk skulle reflektere ideane til skaparen, men kontrakten mi gjorde det irrelevant. Det var ei grim, trist tid. Desperasjon får ein person til å gjere galne ting!

For tida arbeidar regissør Joel Allen Schrader med ein dokumentar om Wattersons Tommy & Tigern, og alle stripeteiknarane han inspirerte i tida serien framleis var aktiv. Filmen Thank you, Mr. Watterson oppstod i ei Kickstarter-kampanje, og skal bli tilgjengeleg den 15. november. Sjå den koselege traileren for filmen her:

Forresten, om du som meg har lurt på om dei tallause bilklistremerka der Tommy pissar på alt frå fotballag til bilmerke er offisielle – nei. Watterson kommenterer det fint, og litt sarkastisk, i slutten av intervjuet.

– Slik eg ser det, sjølv lenge etter stripeseria mi er gløymd, så vil dei klistremerka vere min billett til udødelegheita.

Kva er ditt forhold til Tommy og Tigern