Kva var eigentleg greia med VHS? Sjå Filmbonanza torsdag 20.55 på NRK2!

– I vårt magasin Fra medisinsk forskning og praksis har vi denne gangen étt hovedemne: Forholdet mellom sykehjemsplasser, utnyttelsen av sengeplasser i våre sykehus, og utbyggingen av hjemmesykepleien.

Nei, det er ikkje tull. Fra medisinsk forskning og praksis var eit heilt reelt program på NRK frå 1975 til 1986.

Kanskje det var like greitt at det vart konkurranse om TV-kvelden? Denne vekas Filmbonanza handlar om VHS-kassettens inntog i Noreg.

Då videobutikkane «dukka opp som paddehattar» i 1979, var manglande mogelegheit for avspeling for folk flest hovudproblemet for det nye VHS-formatet.

– Det kosta jo 6-7-8 tusen kroner for ei videomaskin, og det var jo mange som ikkje hadde råd til det. Så var det mange som ikkje turte å investere før dei visste kva video var – video var jo så skummelt, seier VHS-gründer Jimmy Jochumsen.

I 2011 gav Jochumsen sin siste moviebox til Teknisk Museum i Oslo.

Movieboxen vart redninga

Løysinga til Jochumsen og det svenske elektronikkselskapet Esselte vart movieboxen – ei utleigbar videoavspelingsmaskin som folk kunne ta med heim.

Ideen dukka opp ein sein kveld på filmfestivalen i Cannes.

– Vi fant ut utover natta at me skulle gi bort ei videomaskin til alle i heile Norden. Me fann ut dagen etter at det vart jo for dyrt, så då diskuterte me oss fram til ei rein avspelingsmaskin som kunne leigast ut av videoforhandlarane med film, seier Jochumsen

Dette hendte i 1983. I 1985 var allereie halvparten av all videoutleige i Noreg gjort med ein moviebox, til ei omsetjing på éin milliard kroner for videoforhandlarane. I eit hemmeleg lager på Austlandet finst framleis ein av Jochumsens tidlege movieboxar. Fungerer den framleis – 30 år etter lansering?

Sjå videoklippet i toppen av artikkelen.

Hugsar du forresten denne vesle videoen? Legg att dine VHS-minner i kommentarfeltet.