Kva kan amatøren tilføre filmbransjen? Sjå Filmbonanza torsdag 20.55 på NRK2!

Youtube har blitt staden der mange glade filmamatørar samlast for å blande inn eigen kreativitet med remixar av eksisterande filmunivers. Størst popularitet har eit visst klipp frå filmen Der Untergang fått.

Den historiske figuren Hitler, i kombinasjon med ei gravalvorleg scene og det tyske språket har ført til at Bruno Ganz rolletolking har diskutert alt frå prompevitsar, via PSYs Gangnam Style, til frekke internettkomikarar som våger å gjere narr av Hitler. Det gjekk såpass langt at produksjonsselskapet ynskja å ta vekk videoane.

– Sjølv om me på ein måte var smigra over merksemda filmen fekk, så var me òg litt bekymra over kor langt det kom til å gå, seier Martin Moszkowicz – produsent på filmen.

PistolShrimps mest populære video

Sjå parodiane i videoen i toppen av saka

100 millionar visningar, and counting

To nordmenn har teke denne remiksgleda eit hakk lengre. Den norske duoen PistolShrimps, beståande av Christer Larsen og Stian Hafstad, klipper seg sjølv inn kjende filmunivers, og legg videoane ut på Youtube. Fair Use-prinsippet i amerikansk opphavsrettlov gir lov til å klippe om i eksisterande materiale, i parodisk eller kritisk samanheng.

– Me har ikkje gått på skule, og me brukar ikkje særleg mykje pengar på dette. Me brukar berre mykje tid, seier Christer til Filmbonanzas Njål Engesæth.

Dermed har han blant anna vore gangster i Ringenes Herre-Midgard, og modellpappa i George Lucas Star Wars-filmar. Inspirasjonen kom blant anna frå Jack Blacks opptreden under MTV Awards i 2002, der han klipte seg inn i Peter Jacksons film som ein alv litt utanom det vanlege. 5 år, og over 100 millionar visningar etterpå, har vore innom ei rekkje kjende filmklassikarar.

– Dess meir annleis definert universet er frå vårt, jo gøyere er det å lage noko nytt av det. Hadde me gjort gangsters i Mission Impossible, hadde det ikkje vore så gøy.

Men kva trur Christer sjølv om å bli remiksa? Sjå resultatet i videoen i toppen av saka.

Sjå meir: PistolShrimps på p3.no: – Harry finn ein interessant «tryllestav»