Seth MacFarlane har hatt stor suksess med sitt Family Guy, men dei andre prosjekta hans har ikkje teke heilt av på same måte. Cleveland Show går gradvis nærare nedlegging, og American Dad flytta til Fox’ systerkanal TBS. No har han derimot fått tilslag på ein ny animert TV-serie, ifølgje Variety.

Serien skal heite Bordertown, og finn stad i ein småby på grensa mellom USA og Mexico. Kjenner me Seth McFarlane rett vert nok ein del av humoren litt på grensa òg, sentrert rundt to nabofamiliar.

Dei to namngitte hovudpersonane er Bud Buckwald, ein konservativ trebarnsfar som arbeider som grensevakt, og Ernesto Gonzales, ein firebarnsfar som innvandra frå Mexico med håp om den amerikanske draumen.

Mark Wahlberg og teddybjørnen Ted i Ted (Foto: United International Pictures).
Seth MacFarlane gjorde suksess med komedien «Ted» (Foto: United International Pictures).

Ein kan vel allereie her fastslå at det vert mange vitsar rundt utlendingar, kulturkræsj og «dey took our jerbs».

Anmelding: Ted: – Seth McFarlane gjennomfører ideen til 20 i stil

Dukkar opp i 2014

Seth MacFarlane er òg kjend for jobben som Oscar-vert i fjor, med dertil tilhøyrande støytande vitsar. Han har seinare uttalt at han aldri kjem til å gjenta den rolla, på grunn av presset og tilbakemeldingane han fekk. I januar er det heller trygge Ellen DeGeneres som skal vere Oscar-sendingas fjes utad.

Bordertown vil dele animasjonshumorflatene til Fox saman med ein ny sesong av Family Guy, The Simpsons, og Bobs Burgers. Manusforfattarane er MacFarlane og Mark Hentemann som òg arbeidde på Family Guy, og dei har fått ei bestilling på ein 13 episoders førstesesong. Serien vil dukke opp i 2014.

Forhåpentlegvis går det betre enn MacFarlanes nylegaste prosjekt (som han dog berre er utøvande produsent for, ikkje manusforfattar) Dads, ei situasjonskomedie som har fått så dårlege tilbakemeldingar frå kritikarar at dei har teke med bitande anmeldarsitat i promoteringa av TV-serien:

Kva synest du om humoren til Seth MacFarlane?