HBO er nok sugne på å ta tilbake TV-marknaden etter at nye krefter har slått seg veg inn, og dersom TV-seriar som True Detective held det dei lover, så kan 2014 bli eit artig år for TV. I natt slapp HBO ein ny trailer for ein av neste års seriepremierer.

Louisiana er skumlare enn det ser ut til. Dei to politimennene Rust Cohle (Matthew McConaughey) og Martin Hart (Woody Harrelson) vert henta inn i 2012 for å nøste opp ei sak som hende i 1995, eit rituelt mord i sørstatsskogane ein stad.

Historia vert fortalt i notida gjennom intervju med Hart og Cohle, som vert trekt inn «i ei verd dei trudde dei hadde forlate». Det me hittil har fått sett er illevarslande greier, og den nyaste traileren er ikkje noko unntak:

Greitt, musikken frå 28 Days Later er kanskje litt sliten etter kvart, men stemninga her verkar veldig harmdirrande. Og eg kunne ikkje ha vore meir glad for at McConaghey er fullstendig ferdig med romantiske komediar – dei siste åras hopp inn i meir alvorlege roller har gjort han veldig bra.

Anmelding: «The Lincoln Lawyer»: McConaughey har nå funnet veien ut fra kjelleren med glemte filmkjendisar

Eit hardt, tørt landskap

Manusforfattar og showrunner er Louisiana-fødde Nic Pizzolatto, som blant anna har skrive manus for The Killing. True Detective er tenkt som ei såkalla antologiserie – som American Horror Story, med nye karakterar kvar sesong – og er spelt inn i 8 episodar frå regissør Cary Fukunaga (Sin Nombre, Jane Eyre):

– Det eg såg for meg var eit hardt, tørt landskap – og to verkeleg sterke mannsrøyster som eg ikkje har gjort enno. Det var drivkrafta, å kome inn i psyken til to menn – éin litt filosofisk, og éin som ikkje tenkjer for mykje, og berre leike med den verda og observere, sa Fukunaga til IndieWire tidlegare i år.

True Detective har premiere den 13. januar, og vil i Noreg vere mogeleg å sjå både på C-More Series og strøymetenesta HBO Nordic. Den fyller ut ein aktiv januarmånad for HBO, som òg startar tredje sesong av Girls den 13. januar, andre sesong av Banshee den 11. januar og den nye LHBT-serien Looking den 20. januar.

Kva TV-seriar gler du deg til i 2014?

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.