Allereie ved lanseringa av Star Wars Episode 1: The Phantom Menace i 1999 nemnde fleire norske anmeldarar at det då vitterlegen var noko veldig kjend med den pod racing-scena – kappløpet der filmens unge Anakin Skywalker må køyre for å vinne sin eigen fridom.

Scenene har nemleg mange likskapar med den norske klassikaren Flåklypa Grand Prix frå 1975. Ein helt frå enkle kår med heimelaga doning, ein forseinka start sabotert av heltens erkefiende, og ei snirklete bane gjennom hardt landskap som leier til ein siger for hovudpersonen.

Star Wars-skapar George Lucas har aldri anerkjent den som inspirasjon, og sjølv Flåklypa-regissør Ivo Caprino har benekta at filmhendingane er så like som folk skal ha det til.

– Eg synest ikkje scenene liknar i det heile teke. Det er jo artig om publikum ser likskapar. Men Flåklypa-racet er mykje meir spennande, sa Caprino til Dagbladet i 1999.

– Eg må seie meg samd med Ivo Caprino at likheitene ikkje er dramatiske nok til å anklage Lucas for plagiat. Men at det eksisterar ei viss kinematografisk likskap synest eg er openbar, seier Kristoffer Hellesmark.

For å framheve poenget har han like godt klipt saman, skot for skot, kameraføringar og element som er veldig like i dei to filmane:

Klippet var resultatet av ei ueinigheit mellom Hellesmark og ein kamerat, som førte til at han sette seg ned med båe filmane for å vise likskapane.

— Eg er vel ein av få filmelskarar som har sett Star Wars-dokumentarane som følgjer med det komplette bokssettet fleire gongar enn sjølve filmane, seier Hellesmark, som studerar statsvitskap, men har ei stor interesse for film.

Anmelding: Star Wars: The Complete Saga: – Stjerneklar stjernekrig!

George Lucas’ mange inspirasjonskjelder

Lucas har sagt at podrace-scena er inspirert av vognkappløpet i Ben Hur frå 1959, og den har blitt samanlikna med opningsscena frå Grand prix. Det ville uansett ikkje ha vore første gongen at han lånte spesifikke scener frå andre filmar.

George Lucas vart fascinert over 30-talets Flash Gordon-filmar, men fekk aldri rettigheitene til å gjenskape dei. Dermed laga han Star Wars i staden, og tok i tillegg inspirasjon frå ei rekkje av den japanske regissøren Akira Kurosawas filmar, og mytologiboka The Hero with a Thousand Faces.

Frå ekstramaterialet til Star Wars-filmane.

Angrepet på Dødsstjernen i A New Hope lånte kraftig frå den britiske krigsfilmen The Dambusters – ned til at Lucas tok spesifikke enkeltklipp og kopierte dei til sitt eiget storyboard (sjå klippet til høgre).

Klimakset i The Dambusters er ei gruppe flygarar som må flyge langs ei smal elv for å bombe eit svakt punkt i eit viktig demning – til forveksling likt hendingane i A New Hope.

Er det då så utenkjeleg at Lucas kan ha gjort det same med Flåklypa Grand Prix?

Anmelding: «Flåklypa Grand Prix» på Blu-Ray: – Yter filmen full rettferdighet!

«Star Wars»-innspeling i Noreg på slutten av 70-talet

– Ein må jo hugse at då Star Wars: Episode I først kom ut var podrace-scena utruleg teknologisk imponerande, fordi mesteparten av sekvensen var animert ved hjelp av datamaskiner og spesialeffekter, seier Hellesmark.

– Det ville då ha slått meg som merkeleg om den animerte race-filmen Flåklypa Grand Prix aldri vart nemnd av eller for Lucas under produksjonen. Difor finn eg det sannsynleg at anten Lucas eller produksjonsteamet hans henta inspirasjon frå Flåklypa.

Lucas og resten av Star Wars-kompaniet var i Noreg rundt mars 1979 for å spele inn snøfylte Empire Strikes Back-scener på Finse – berre nokre år etter at Flåklypa Grand Prix kom på kino i 1975, så heilt usannsynleg er det kanskje ikkje?

Eventuelt, så har berre Kristoffer lurt oss alle med god redigering!

I Noreg er Flåklypa Grand Prix uansett ein evig klassikar, som gjekk konstant på kino ein eller anna stad i verda fram til 2003. I Noreg visast den gjerne rundt juletider, og i år går den på TV2 1. juledag klokka 19.25.

Trur du det er sannsynleg at Lucas har latt seg inspirere av Flåklypa Frand Prix?