– Det finst berre eitt helvete, og det bur me i no, seier Melisandre (Carice van Houten) i den første traileren for fjerde sesong av Game of Thrones.
Det er ikkje det at fantasiriket Westeros har vore koseleg og varmt tidlegare, men det kan uansett sjå ut som det tek endå meir av i den komande sesongen som får premiere den 6. april i år, 7. april på HBO Nordic og C-More Series.
I helga slapp HBO fem småteasers på Vine, og i morgontimane i dag slapp dei heile traileren som skal starte ballet. I denne får me den første kikken på Oberyn Martel, The Red Viper – spela av chilenske Pedro Pascal (The Adjustment Bureau) – som spelar ei stor rolle i bøkene serien er basert på, andre halvdel av Storm of Swords.
– Han er sexy og sjarmerande, men veldig farleg; intenst likbar, men driven av hat. Menn elskar han, damer elskar han, og han elskar alle tilbake. Med mindre etternamnet ditt er Lannister, har serieskaparane Weiss og Benioff uttalt om figuren.
Les også: «Game of Thrones» er 2013s mest nedlasta serie
På den andre sida av havet får me også sjå Khaleesi Daenerys (Emilia Clarke) bryggje opp til krig.
– Dei kan leve i mi verd, eller døy i den gamle!
– Dei er freistande å sjå på fienden som vond. Men det er gode og vonde på kvar side i einkvar krig, seier Ser Jorah Mormont (Iain Glen), og oppsummerar Game of Thrones grumsegrå moralstrider i to kjappe setningar.
Filmpolitiet gler seg til framhaldet på serien, som karra seg til fjerdeplass på lista vår over fjorårets beste seriar. «Kan det bli betre?» spurde Marte Hedenstad i si anmelding av førre sesong:
– Eg er spent på korleis serieskaparane David Benioff og D.B. Weiss skal klare å overgå sesong tre av Game of Thrones, for sesongen er av så høg kvalitet av det skal mykje til å toppe den.
Kva synest du om Game of Thrones sitt storslåtte fantasyunivers?