TV-serien om venegjengen rundt Lena Dunhams lettare sjølvbiografiske figur Hannah Horvath får ein fjerde sesong. Det bekrefta ein HBO-talsperson på ei Television Critics Association i går, ifølgje The Hollywood Reporter.

Den tredje sesongen av Girls startar på måndag, og den fjerde vil starte innspeling seinare i år med planlagd premiere i 2015. Fornyinga er inga overrasking, med tanke på suksessen serien har vore hittil. To Golden Globes, éin Emmy-pris, ei rekkje nominasjonar, samt stort sett gode tilbakemeldingar frå både publikum og anmeldarar.

– Folk spør ‘Korleis kan du sympatisere med Hannah’, og eg plar svare ‘Du ser ut til å like Walter White’, sa ho nyleg i møte med kritikken om sine mange usympatiske figurar.

Les også: Mener «Girls» er gammeldags: – Gir ikke et realistisk bilde av 20-åringars sexliv, seier Guri Idsø Viken i VG

Ho har blitt teke under vengja av humorprodusent Judd Apatow (Superbad), som Dunham tidlegare har uttalt at har latt ho få lage den serien ho sjølv vil. På Golden Globes natt til måndag er ho og serien igjen nominert for to prisar – best komiserie, og beste kvinnelege hovudrolle i ein komiserie.

Setjer i gang TV-året 2014

I det heile teke verkar det som eit spennande TV-år frå HBO, som verkar å ha skrudd opp eigne forventningar litt etter eit 2013 som var fullt av gode TV-seriar – òg frå mange av kanalens konkurrentar.

Andre sesong av Banshee startar TV-sesongen for HBO/Cinemax, og saman med TV-serien True Detective startar tredje sesong av Girls den 13. januar på strøymetenesta HBO Nordic og C-More Series. HBO køyrer òg på med den nye LGBT-serien Looking frå den 20. januar.

Anmelding: True Detective S01 E01-03: – HBOs nye krimserie er et strålande og stemningsfullt karakterdrama

I natt avslørte dei òg datoen på fjerde sesong av Game of Thrones og tredje sesong av Veep, som båe vil dukke opp 6. april.

Kva synest du om Girls og Lena Dunham?