Historia om Phillippe Petit har allereie blitt filmatisert i den fantastiske dokumentarfilmen Man on Wire av James Marsh. Men Robert Zemeckis (Forrest Gump, Tilbake til fremtiden) har lenge planlagd å lage ein fiksjonsfilm basert på den same hendinga, planlegginga og utføringa i 1974 – då franskmannen balanserte på line mellom dei to World Trade Center-tårna.

Trailer for dokumentaren «Man on wire».

Zemeckis har no huka inn Joseph Gordon-Levitt i hovudrolla, melder Deadline. Filmen har fått namnet To Reach The Clouds, den same tittelen som Phillipe Petits memoarar.

Filmen startar innspeling i mai.

Anmelding: Man on Wire: – Svimlende!

Store 3D-planar

Gordon-Levitt kan visstnok fransk etter å ha studert fransk poesi på universitetet, og var ein gymnast i sine yngre år, noko som nok vil hjelpe på å kome inn i rolla. Manuset er skrive av det relativt uskrivne bladet Christopher Browne, saman med Zemeckis.

Planen skal vere å gjere det som ein 3D-film, i kuppfilmsjangeren (heist/caper), sentrert rundt arbeidet med å snike seg usett til toppen av tårna, blant anna kalla «the artistic crime of the century». Produsent er Tom Rothman, som tidlegare har arbeidd med blant anna Life of Pi og Avatar – så det er folk med 3D-ambisjonar som ynskjer å lage storfilm.

Zemeckis er ein visuell og effektglad kar, som kan gjere mykje bra med eit godt manus. Det kan iallfall bli spektakulært! Gordon-Levitt er ein travel mann som for tida vert rykta inn i kvar einaste storfilm, men som samtidig har ei rekkje sideprosjekt ved sidan av Hollywood-karrieren – blant anna webserien HITRECORDJOE. Hans neste kinofilm i Noreg er Sin City-oppfølgjaren A dame to kill for i september.

Kva trur du om Gordon-Levitt i ei slik rolle?