Engasjementet rundt norske fiksjonsseriar har aldri vore større. I den anledning har NRK tromma saman ein fagjury som skal kåre den beste norske tv-serien frå 2000 og fram til no. I dag skal 6.-plassen avslørast.

  • Juryen
  • Juryformann Ulrik Eriksen, Morgenbladet
  • Mikael Godø, Dagbladet
  • Cecilie Asker, Aftenposten
  • Terje Eidsvåg, Adresseavisen
  • Aksel Kielland, frilansskribent
  • Birger Vestmo, Filmpolitiet
  • Anne Gjelsvik, filmprofessor ved NTNU
  • Audun Engelstad, førsteamanuensis ved Filmskolen i Lillehammer
  • Gry Rustad, stipendiat av IMK ved universitetet i Oslo
  • Andreas Iversen, mastergrad i norske og danske tv-seriar

– På den endelege lista er det lite drama, ikkje så veldig mange som når opp med nokre unntak. Det seier vel òg at nivået på humor er høgt i Noreg, og dramaet kanskje ikkje er like anerkjent, seier juryformann Ulrik Eriksen frå Morgenbladet.

Saman med ei rekkje norske tv-tenkjarar har han gått gjennom tv-seriane dei siste åra.

– Me fekk ei liste som bestod av alle fiksjonsseriar som er produsert sidan 2000, og så fekk kvar i jurymedlemma mogelegheita til å plukke ut nominerte som det ville ha med vidare. Ingen rangering, berre utplukking av dei som var verdt å merke seg.

Sidan den 6. mars har me sleppt éin tv-serie om dagen. Den 13. mars vil så topp 3 bli vist fram på Filmbonanza torsdag kveld, og på nett her hjå Filmpolitiet. I tillegg til jurylista har me hatt ei publikumskåring hvis resultat vil bli avslørt same dag.

Les også: – Første som slår meg er at det er laga langt fleire tv-seriar enn eg kan hugse!

(Jurybegrunninga finn du under biletet.)

Borettslaget. (Foto: NRK/Ole Kaland)
Linda Johansen, Miss Vesterålen 1965. (Foto: NRK/Ole Kaland)

6. Borettslaget

NRK1, 2002-2008

TV-serien Borettslaget er ein mockumentary – ein fiktiv dokumentar – som finn stad i samhaldet og interaksjonane i burettslaget Tertitten. Serien starta våren 2002, og hadde Robert Stoltenberg som ei rekkje av seriens mange merkelege personlegdommar.

Serien haldt fram til ein tredje sesong, og filmen Jul i Borettslaget – i tillegg til at fleire av figurane har gjort innhopp andre stader i NRK.

Juryens begrunning:

«Det er nesten noe nasjonalistisk over det», sier driftsleder Roy Narvestad helt i begynnelsen av første episode av Borettslaget, mens han heiser vimpelen til Tertitten borettslag på Carl Berner. Narvestad hadde rett. Sjelden har en fjernsynsserie samlet nasjonen på samme måte.

Med sin blanding av finurlig og folkelig humor, uhyre treffende karikaturer, og minneverdig rollegalleri traff Robert Stoltenberg både høyt og lavt, gammel og ung. Kall det gjerne en koselig og hjertevarm serie, men det geniale var at ”Borettslaget” – som Narvestad selv – aldri var harmløs.

Juryformann Ulrik Eriksen

– Folk trur eg må ta på ein parykk for å bli meg sjølv

Robert Stoltenberg, ideskapar og mannen bak mange av seriens figurar, forklarar at serien nesten var eit slags spontantprosjekt – inspirert av dei mange realityprogramma som dukka opp på denne tida, ville dei lage noko som framstod som ei slags verkelegheit. Nokre av figurane hadde sjåarane sett før i blant anna Copacabana og Café.

Robert Stoltenberg vant to Amandaer i 2002. (Foto: Scanpix)
Robert Stoltenberg vant to Amandaer i 2002 for «Borettslaget». (Foto: Scanpix)

– I dei to seriane hadde eg prøvd ut ein del figurar. Plutseleg kom eit program som heitte Camplingliv, eit realityprogram. Vi skulle lage ein anna serie, men droppa det og lagde Borettslaget, seier han.

Nokre år før hadde han skrive og regissert ein kortfilm som heitte Plenen, om ein gut som vert forfølgt av ein vaktmeister i eit burettslag. Ideen appellerte til han, og han tok den vidare.

– Burettslag er ei eiga verd i verda, som er morosam å utforske. Eg la til eit knippe nye figurar som me bebudde burettslaget med. Så mange tilfeldigheiter møtte kvarandre, også oops! Heilt ubudd.

Dermed fekk me knyte kjennskap til blant anna Piirka, Linda Johansen, Roy Narvestad og Blomster-Ali. Serien vart ein sjåarsuksess, og dei mange figurane fekk mykje merksemd då serien starta hausten 2002. Stoltenberg skildrar reaksjonen på serien som overveldande.

– Med Borettslaget føler eg verkeleg at eg trefte noko. Det vart nesten litt for mykje av det gode. Det er greitt å vere der oppe ei kort stund, men greitt å kome ned igjen etterpå.

Vart du lei figurane?

– Jaja, verkeleg. Eg går ikkje rundt og er desse figurane til vanleg. Eg er glad i dei, men det er liksom jobb. Slik andre går på jobben går eg på jobb. Folk trur eg må ta på ein parykk for å bli meg sjølv, sånn er det verkeleg ikkje, seier Stoltenberg.

– Men det er enormt fin terapi. Tankane som figurane representerer er folk som eg irriterer meg over. Eg har nok spart nokre terapitimar ved å spele dei ut. Ei perfekt hemn! Litt psykodrama.

I går fekk Svarte penger, hvite løgner sjuandeplassen i kåringa. I morgon avslører me femteplassen!

Kva synest du om «Borettslaget»? Del di meining i kommentarfeltet under videoen.