Fire år tidlegare døydde 38 skuleelevar i ei bussulukke. Etterlatne foreldre i ei støttegruppe sit i ein ring og diskuterar minnesmerket som skal bli satt opp for å heidre deira minne. Plutseleg bankar det på ei dør, det er eit av dei avdøydde borna.

Dei døde har kome attende, og dei er svoltne. Men denne gongen er det ikkje etter hjerner, det er etter kveldsmat.

Franskmennene har det med å gjere si greie. Også når det gjeld zombiar. Og etter alle vandødes svoltne, tanketomme, inngåande gang er det forfriskande at dei bortkomne denne gongen kjem attende med alle minner intakt – tilsynelatande utan tanke på at dei har døydd, klar for å ta over der dei slutta.

Marknadsføringa tilseier kanskje at dette er ein zombieserie, men det er lite eksplisitt skummelt i starten av sesongen – anna enn ei underliggande dyster stemning.

Gjengangerne. (Foto:  Haut et Court TV)
To tvillingar – men den eine har vore død i fire år og kom nettopp attende. (Foto: Haut et Court TV)

Når franskmennene no tek for seg zombiane er det like greit at dei gjorde det på sin måte, i eit drivande, overnaturleg drama mellom mennesker. Og kva enn dei andre tinga er.

Anmelding: Top of the Lake: – Menneskesinnet er en avgrunn med mange rom

Når vi døde vågner

Ein desperat pappa spør ein psykolog som nettopp har undersøkt ein attkomen tvilling.

– Så, hva er diagnosen? Akutt oppstandelse?

Der den tilbakevendte ser akkurat ut som då ho forsvann, har ho som har vore i live heile tida vokst og blitt ei vaksen kvinne. Akkurat det er det lett å skjøne problemet med.

Første episode etablerar mange dilemma som dette, knytt opp til korleis tilbakevendinga av døde vener og familie kan vere ei velsigning, ei forbanning, og alt derimellom. Andre episode og vidare ut i sesongen tek sikte på å etter kvart forsøke å løyse desse problema.

Spørsmålet er korvidt dei vandøde kan gli inn i mengda, til stadane dei ein gong var.

Det er fleire problem i familien. (Foto:  Haut et Court TV)
Det er meir enn eitt problem i familien. (Foto: Haut et Court TV)

Serien vann prisen for beste internasjonale serie på Emmy i fjor. Det er sjølvsagt ein amerikansk remake på veg, med Kurtwood Smith (That 70s Show, Robocop) i ei sentral rolle. Denne har inntil vidare verken fått norsk premieredato eller kanal.

I norsk språkdrakt har serien fått eit visst Ibsensk preg gjennom tittelen sin. Om tittelen først skal inspirerast av norske dramatikarar, så hadde kanskje Når vi døde vågner vore betre?

Les også: The Walking Dead S04 E01-02: – Realismen er seriens styrke

Skumlast er kjenslene

Bandet Mogwai har lydlagd serien, hvis mørke klang passar stemninga og brotet mellom levande og døde veldig godt. Serien skin blandinga mellom småbydrama, og overnaturleg dysterheit. Den aukande kjensla av at noko er alvorleg gale i den vesle byen vert sterkare for kvar episode.

Gjengangerne. (Foto:  Haut et Court TV)
Meir creepy blikk enn Glenn i «Mad Men». (Foto: Haut et Court TV)

For kva er greia med den skumle ungen? Grøss!

Våre vande vandøde – som me har sett i …of the Dead-filmane og The Walking Dead – har gjerne ein tendens til å bli rekna som eit symbol på tankelaus konsumering. I Gjengangerne er desse heller ein metafor for korleis me attlatne her oppå jorda taklar bortgang, og høgst levande sorg og minner.

Det er ein interessant vri på temaet, som gjer serien frisk i seg sjølv – men den løyser kræsjet mellom det overnaturlege og det fullstendig verdslege på ein nydeleg måte.

For slapp av, det er ikkje berre filosofering over vår forholdsvis korte eksistens du får frå Gjengangerne. Serien er ikkje fransk. Den tidlegare nemnde psykologen nemner fleire gongar at han jo har sett noko slikt før. I tillegg blussar ei massemordsak opp igjen, ein lokal demning synk uforklarleg, og det er mystisk elektrisk kluss i heile området.

Kanskje er det på tide å legge dei hjernetørste zombiane på hylla no – her kjem franskmennene!

«Gjengangerne» går torsdagar klokka 21.30 på NRK2. Anmeldinga er basert på dei to første episodane. Du kan se første episode kl 21.30 i kveld her.

Om SERIEN

Gjengangerne
  • Gjengangerne
  • Slippdato: 20.03.2014, torsdagar NRK2, klokka 21.30
  • Regi: Fabrice Gobert og Frédéric Mermoud
  • Utgiver: Canal+
  • Originaltittel: Les Revenants (The Returned)
  • Sjanger: Drama, Eventyr