Distributør Ubisoft har mange tær i mange ulike vatn, og viste fram ei rekkje ulike retningar og stilar for spela sine for dei komande åra. Noko stort, noko lite, bitte litt smalt, mykje breitt, mykje skjegg, og dansande giraffar.

Ja, det var ei slik natt frå E3.

Steep

For folk som meg, hobbyalpinkøyrarar som stort sett held seg langt unna dei heftigaste off-piste-løypene, er det likevel gøy å sjå utøvarar som presterer på sitt beste i ulike snøbårne ekstremsportar. Eit av dei nye prosjekta som Ubisoft viste fram var Steep, eit adrenalindrive spel om turen ned kvitkledde fjellsider.

Ski, snowboard, glidedrakt, eller paraglider ser ut til å vere moglegheitene, og med grunn i ekstremsportmiljøets personlegheiter er det nok eit utappa potensial her som ein knappast har vore borti sidan Tony Hawk-spela var gode, og sidan SSX-serien var levande.

Anmelding: Supervention: – Gjennom enorme fjellsider og tronge byområde

Spelet tek utgangspunkt i eitt fjell, nær fellesgrensene mellom dei mellomeuropeiske alpelanda, og gir deg mange ulike måtar å kome nedover. I førsteperson ser eg for meg at dette med rett mekanikkar kan minne litt om Mirror’s Edge-flytsonene – eit djupdykk i ein indre adrenalinslave.

Steep har planlagd sleppdato i desember 2016.

South Park går i strupen på superheltane

South Park: The Stick of Truth var eit herleg spel, som med overlegg parodierte absolutt alt av moderne fantasy-popkultur. Denne gongen har tida kome til superheltane, og Cartman & venene hans set ut i den vesle byen South Park i superheltkostyma du kanskje kjenner igjen frå TV-serien.

Superhelt-produsentane Marvel og DC er dei største målskivene for dette spelet, spesielt sumarens Captain America III: Civil War, men også andre storfranchiser som Star Wars føler seg nok treft av mediesatiren.

Anmelding: South Park: The Stick of Truth: – Skikkelig drøyt

Som vanleg er også serieskaparane Matt Stone og Trey Parker høgst deltakande, og intervjuet med dei to på scena er som vanleg eit høgdepunkt.

Dei kan avsløre at Kanye West vil dukke opp i spelet som ein homofil fisk som vil til himmelen. Ja, nei. Joda.

South Park: The Fractured But Whole får premiere på PC, Xbox One og Playstation 4 den 6. desember.

Watch Dogs 2

Det var knytt store forventningar til det første Watch Dogs-spelet, mykje nettopp grunna ein god trailer på tidlegare E3, og eit nytt Ubisoft-spel sett til ein moderne kvardag. Dei oppfylte ikkje alt, kanskje spesielt ein litt slapp hovudfigur, men serien gjekk likevel godt nok til

I oppfølgjaren verkar Ubisoft heller å ha latt seg inspirere av «for the lulz»-hackarbasen, og det er ei betrakteleg yngre og meir fargefylt protagonist-gruppe som planlegg opprør mot etablissementet. Dedsec er det nye namnet å sjå opp for.

Grunnmekanikkane er framleis dei same, du nyttar mobiltelefonen din til å manipulere teknologien rundt deg – anten det er å for å finne informasjon eller distrahere folk ved å få mobilen deira til å aktivere motorar og elektronikk for å få tilgang stader du ikkje burde ha vore.

Nytt av året er blant anna fjernstyrte minikøyretøy som kan nyttast for å overvake og interagere frå ein litt anna vinkel enn før.

Watch Dogs 2 kjem til Noreg 15. november.

Star Trek: Bridge Crew VR

Det er heilt naturleg at Star Trek, serien som populariserte tanken om virtuell verkelegheit med sitt holodeck, no dukkar inn i VR-verda. I Star Trek Bridge VR får du prøve deg som mannskap på eit av USS-fartøya, i rolla som kaptein, navigatør, kommunikasjon, og så vidare.

LeVar Burton, kjend frå rolla som Geordie LaForge i The Next Generation-serien på 90-talet er entusiastisk for tanken, og speler betre enn

Målet er å samarbeide om å overvinne motstandaren, ved å passe på at straum, skjold og våpen blir fyrt av på strategisk riktige stader. Romreiser plar vere eit ganske einsamt tilvære i dataspel, og sjølv om denne ideen har vore på bana før – som i Artemis Spaceship Bridge Simulator får det jo eit ekstra element ved at alt rundt deg ser ut som i seriane og filmane.

Så får det så vere at ein er avhengig av ikkje mindre enn eitt VR-brillesett per person – fire stykk – for å spele. Det vil bli tilgjengeleg i løpet av året for HTC Vive, Oculus Rift, og PlayStation sitt VR-system.

For Honor

Dette spelet dukka først opp på fjorårets E3, og verka hovudsakleg å vere ein eller anna variant over spørsmålet «Kven hadde vunne ein kamp mellom vikingar, og samuraiar?».

For Honor finn stad i ei oppriven verd der soldatar og slåstkjemper frå ulike historiske tider – vikingar, samuraiar, middelalder-riddarar – slåst mot kvarandre, under styring av den overnaturlege krigsherren Apollyon.

Alle desse får kvar sitt historieløp, alle med same mål, om å styrte den vonde tyrannen. Samarbeid er tydelegvis oppskrytt. Dei viste også eit 10 minutt langt klipp frå viking-kampanjen.

For Honor dukkar opp den 14. februar 2017.

Og resten …

Far Cry: Blood Dragon var eit sideprosjekt av Far Cry, dynka i 80-talsfargar og actionleiketøyfetisjisme. «Oppfølgjaren» Trials of the Blood Dragon – med mekanisk innhopp frå terrengmotorsykkelspelet Trials – er visst like bananas, som vist ved denne herleg absurde VHS-traileren. Spelet er ute allereie no.

Tom Clancy’s The Division får ei andre utvidingspakke, som bringar deg under bakken i New York, i tilfeldig genererte underjordiske gangar, og utandørs i forferdeleg dårleg vêr.

Endå eit Tom Clancy-spel, denne gongen Tom Clancy’s Ghost Recon Wildlands, som tek deg ut i øydemarka for å jakte ned kokain-kartell på ville vegar. Eit taktisk fleirspelar-spel ikkje heilt ulikt Rainbow Six-suksessen.

Grow Home var ei herleg lita overrasking. Til å vere eit spel om å vere ein robot som klatrar i overraskande store organiske konstruksjonar, var det ei særs sjarmerande reise. Oppfølgjaren Grow Up, frå Ubisoft Reflections, ser ut til å vere mykje av det same.

Blanda drops frå Ubisoft, nestemann ut er Sony – som skal vise fram spel for sine mange plattformer – og som nok blei høgdepunktet så langt på E3, før den siste presentasjonen før Nintendo i kveld.

Les Alle saker frå E3 2016

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.