Det er vel på sett og vis ei slags vidaresending av fakkelen i skisporten. I opninga av skifilmen Supervention fér først skihoppar Tom Hilde ned Lysgårdsbakken, då han kjem opp igjen står to menn i litt andre skiklede klar til å reise ned det same unnarennet – dei reknar dog ikkje med å hoppe like langt.

Supervention. (Foto: Field Productions/ SF Norge)
Supervention. (Foto: Field Productions/ SF Norge)

«Ikkje gløym V-stilen,» seier Hilde – symbolsk(?) – før førstemann set utanfor, landar på kulen, held fram ned unnarennet før dei seglar ned på eit skråstilt tak – ein del av OL-fakkelkonstruksjonen – og vidare ned mot byområdet.

Ei glimrande opning til det regissørane sjølve har kalla eit «innblikk i kva ski- og snowboardkøyring er i dag».

Se også: Kortfilm: Shredding in Switzerland

Enorme fjellsider og tronge byområde

Eg nyttar nok meir tid i løpet av eit år på å sjå såkalla tradisjonell skikøyring enn den moderne, men har likevel sett ein del oppigjennom. Det som slår meg er at Supervention i større grad viser gleda rundt skileiken, og ikkje berre sjølve køyringa.

Miljøa i Supervention vekslar mellom enorme fjellsider og tronge byområde med stort hell. Her får me alt frå heftig natur i Lyngen, Canada og New Zealand, til utvalde stader i blant anna Lillehammer og Stockholm. Leikinga i den spektakulære gruvebyen Barentsburg står fram for meg som noko av det stiligaste i filmen, og den vellukka hoppinga frå kapittel til kapittel gjer til at filmen aldri rekk å miste farten, men vert ei sterk reise frå start til slutt.

Eit snøras blir ståande som det einaste som stikk seg ut negativt. Ikkje fordi det ikkje er like morosamt som resten av filmen – snøras er, og skal vere, farleg – men fordi intensiteten er skrudd litt for mykje til. Den digitale ristinga av kameraet er overdriven i ein film som elles kjennest heilt naturleg.

Regissør Filip Christensen og resten av crewet hans har klart å lage ei herleg reise som representerer alle delane av den moderne skikøyringa, der – interessant nok – ein god kameravinkel kan vere nesten like viktig som sjølve utøvinga av sporten.

God bruk av alt frå helikopter og meir tradisjonell filming, til dei stadig meir populære hjelmkamera og ulike former for dronefilming, viser fram idretten på sitt beste i spektakulære og imponerande omgivnader.

Aksel Lund-Svindal køyrer utanfor løypa i «Supervention»
Aksel Lund-Svindal køyrer utanfor løypa i «Supervention»

Se også: Kortfilm: Hafjell Edit

Krev ikkje forkunnskapar

Dei fleste har nok eit eller anna forhold til alpinverdsmeister Aksel Lund Svindal, men dei fleste utøvarane her er nok heller ukjende andlet for folkemengda. Terje Håkonsen dukkar òg opp, som ein representant for «gamle dagar» – den éine framfor kamera som framleis ikkje heilt klarar å leggje frå seg rivaliseringa mellom ski og snøbrett. Sjarmerande!

Supervention klarar uansett å gjere deg kjend nok med hovuda bak dei utrulege prestasjonane – eit innblikk i den utrulege gleda bak plankekøyrarane og den finslipte teknikken.

Du treng ikkje ha kjennskap til verken filmsjangeren eller sporten for å ha glede av Supervention, dette er imponerande uansett. Og sjølv om snøsportfilmen kanskje har best grobotn på dataskjermar eller TV-stover verda over, så er det først på kinolerretet at slik god kamerabruk verkeleg kjem til sin rett.

Om FILMEN

Supervention
  • Supervention
  • Slippdato: 25.10.2013
  • Regi: Filip Christensen, Even Sigstad
  • Utgiver: SF Norge
  • Originaltittel: Supervention
  • Sjanger: Dokumentar, Sport