Powers er Sony sin første Playstation Originals – seriar laga for å visast i konsollens strøymeteneste – basert på teikneseria med same namn av Brian Michael Bendis og Michael Avon Oeming. Ein politiserie, med superheltar.

I første sesong såg vi Christian Walker (Sharlto Copley) – tidlegare «Power», no vanleg, bitter politidetektiv – og Deena Pilgrim (Susan Heyward) – vanleg politidetektiv utan erfaring med superkrefter – kome inn i rytma som påtalemakt i spesialdivisjonen for superheltrelaterte saker. Walker møtte tidlegare vener, fiendar og mentorar, og lærte opp Pilgrim i superkreftene si verd.

Men veldig bra var det ikkje, sånn totalt sett. Og superheltane reddar ikkje dagen denne sesongen heller.

Anmelding: Første episode av Powers: – Selv i en spennende verden har hovedrolleinnehaverne liten egenart

Maktvakuum etter død superhelt

Andre sesong byrjar med drapet på Retro Girl, ein superhelt frå 70-talet og Los Angeles store forsvarar, med kjærleiksband til Walker. Drapet fører til eit maktvakuum i byen, og diskusjon omkring den føderale lovlegheita og fridomen til superheltar og -skurkar – igjen, ikkje heilt ulikt verken Captain America: Civil War eller Batman v. Superman: Dawn of Justice.

Produksjonsverdien er nesten litt artig. På den eine sida ser det ut som ein litt billeg network-serie frå CBS eller liknande, på den andre sida bannar og knullar dei som om det var HBO. Det er gøy å sjå det som nesten må oppfattast som eit hybriduttrykk i TV-serieverda oppstå i gapet som nye plattformar – her Sony Playstation Network – skapar.

Powers lir diverre framleis mest under manglande styrke i skodespelet. Det er ikkje nok pondus bak dei mange dramatiske situasjonane som historia legg fram, og scener minner ofte meir om B-skrekkfilmar frå 90-00-talet enn ein tv-serie laga av ein av verdas største mediebedrifter.

Anmelding: X-Men: Apocalypse: – En underholdende, men ujevn superheltfilm

Powers. Foto: Sony Playstation
Superhelten Retro Girl er død, og problem oppstår i hennar bortgang. Foto: Sony Playstation

Fin verd, men veldig usamanhengande

Plottet og verdsbyggjinga er framleis godt fungerande, det er interessant å sjå korleis ei vanleg verd – betrakteleg meir normal enn Marvel eller DC sine filmunivers, og også mindre karikert enn variantar som Kick-Ass – hadde reagert på folk med superkrefter.

Spesielt artig er inkluderinga av superheltfans, groupies som famnar om sine heltar til den grad at dei vil vere dei, og selskapa som vil utnytte merkevara til superheltane. Det er omtrent slik eg ser for meg at det hadde hendt i røynda.

TV-serien hadde vanskar med å samle seg til eitt heilskapleg univers under showrunner Charlie Huston – som etter frustrasjon forlot prosjektet etter første sesong – og inntil vidare ser det ikkje ut som om dei resterande produsentane har klart å få det til i andre sesong heller. Då hjelper det heller ikkje at dialogane kjennest ut som dei er togge ferdig og spytta ut av dei mange politiseriane som Powers skal vere eit svar på.

Sharlto Copley reagerer på dette ved å prøve å spele i ein endå meir hardbarka serie enn resten av skodespelarane. Der andre snakkar relativt bedageleg, om enn med ei viss spenning, kjenner eg nærast blodårene rundt auga til Copley dunke mot skjermen når han hvesar replikkane sine. Resten av skodespelarane er i NYPD Blue, Copley er derimot i Sin City, nokre av skurkane er moglegens frå The Tribe.

Anmelding: Kick-Ass: – Morsom gladvold av godt merke!

Powers. Foto: Sony Playstation
Michael Madsen – i ei lita, men viktig rolle, som pensjonert superhelt – trugar Copleys rollefigur. Foto: Sony Playstation

Pinleg dårlege effektar

I ein sekvens nyttast tre ulike versjonar av akkurat det same effektklippet, spegelvendt den eine gongen for å skjule det for sjåaren. Scena der Calista (Olesya Rulin) prøver ut kreftene sine bleiknar i forhold til Youtube-prosjekt med betrakteleg lågare effektbudsjett. Her har nokon spart for mykje pengar for sitt eiget beste.

Sony Playstation har full makt over eiget domene, og tydeleg nok pengar til å hente inn eit interessant prosjekt som flaggskip for strøymetenesta si. Dernest forsøker dei å lage ein billeg versjon av superhelt-CSI, eit serieunivers som i 2016 – etter 18 år på lufta – er fullstendig kansellert.

Det finst fleire uavhengige alternativ til Marvel og DC sine teikneseriar som er verdt å ta ein kikk på – men hittil er det ikkje til tv-versjonen av Powers vi skal late vere leiestjernene våre, dei vi ser opp til. Då lyt ein heller peike på Preacher eller, om me først er i politiseriepastisjland, IZombie.

Powers kan sjåast av Playstation Plus-medlem i Norden utan ekstra kostnad, og kan også visast på Viaplay i Norden.

Om SERIEN

Powers
  • Powers
  • Slippdato: 31.05.2016
  • Sesong: S02 E01-03
  • Utgiver: Playstation Store, Viaplay
  • Serieskaper: Charlie Huston
  • Aldersgrense: 15
  • Sjanger: Action, Drama