Det er 20 år sidan Pokémon dukka opp for første gong. Satoshi Tajiri, mannen som var sjef for prosjektet då, var sterkt inspirert av insektsamling – som han likte godt då han var born. Kjensla innkapsla han i Pokémon Red og Pokémon Blue som dukka opp i 1996. Gjennom tida har det kome mangfaldige spel i serien som stort sett har fulgt den same formelen heilt fram til i dag.

No er Pokémon Go her, som sluttar sirkelen Tajiri starta på. Endeleg kan spelarane gå fysisk ut i parken og samle «insekta» hans, dei 151 originale pokémon – pocket monsters – i røynda.

Spelet er i skrivande stund ikkje offisielt sluppe i Noreg endå, men har alt teke av. Det vi har fått er noko som har ei fantastisk evne til å motivere folk til å gå rundt og ta omvegar for å plukke med seg «rare dyr, som bor inni ein ball» – men som eigentleg er eit ganske enkelt og litt funksjonstomt spel.

Spelmelding: Pokémon X og Y: – Kjernen i det globale spillfenomenet har vært uendret siden debuten i 1996

Kartet flyttar seg dit du går, men ver forsiktig kvar du speler. (Foto: Andreas Hadsel Opsvik)
Kartet flyttar seg dit du går, men ver forsiktig kvar du speler. (Foto: Andreas Hadsel Opsvik)

Frognerparken har mange Squirtles

I staden for å sitje i ro og mak og samle Pokémon i den virtuelle verda er du i Pokémon Go nøydd til å bevege deg. Spelet er i bunn og grunn ein kart-app, men har eit lag med augmented reality over seg – som nyttar attraksjonar, parkar og gater som åstad for monsterjakta. Etter kvart velgjer du deg eitt av tre lag, som ikkje er skilt av anna enn fargen – blå, raud eller gul.

Nintendo har, i prinsippet, tapt pengar dei siste åra. Grunna ein enorm eigenkapital og valutaendringar har dei likevel gått i pluss, men spelprosjekta deira har ikkje vore heilt dei store sigrane sidan Nintendo Wii dabba av for nokre år sidan. Den nyaste Wii U-en har absolutt gode spel, men salstala har ikkje vore heilt der dei hadde håpa.

Så dei prøver noko nytt, samarbeid. I fjor opplyste dei at dei – omtrent for første gong – ville tillate andre spelselskap å leike med dei sagnomsuste figurane sine. Det har resultert i eit par prosjekt – blant anna Mario i Minecraft, og Pokémon i Tekken-modus, og Mii-figurar på telefonen. Men det er det Niantic-utvikla mobilprosjektet Pokémon Go som har blitt den første radikale suksessen.

Les også: På én uke har Pokémon Go blitt større enn Twitter

Ein Drowzee på pendleruta, ein Koffing på kontoret og ein Krabby i stova. Fang Pokémon der du er. (Foto: Andreas Hadsel Opsvik)
Ein Drowzee på pendleruta, ein Koffing på kontoret og ein Krabby i stova. Fang Pokémon der du er. (Foto: Andreas Hadsel Opsvik)

For mekanisk grunt

Diverre er appen i seg sjølv eigentleg litt for enkel. Kartlaget er velfungerande, og basert på GPS-dekninga di leiter du etter dyra du kan sjå nederst i hjørnet. Fanging av pokémon er enkelt løyst ved at du sveipar fingeren for å kaste pokéballen mot eit bestemt punkt – men det er ikkje særleg djupn anna enn at dess høgare Combat Power eit monster har, dess vanskelegare er det å halde på det.

Combat Power er òg det avgjerande i kampar på gymnas (kamparenaer) – utvalde stader der spelarar kan legge att monster for andre å kjempe mot, åleine eller opptil tre samtidig. Kampar er diverre løyst best ved å trykke så raskt du kan på skjermen.

Ei stille lansering i Australia og New Zealand, og etter kvart USA, har likevel ført til at millionar verda over alt har lasta det ned – anten i utanlandske appbutikkar eller uverifisert over nettet – som har fått serverane deira til å vakle. Ei faktisk Noregslansering er i skrivande stund nok like om hjørnet, så snart dei får kjølt ned systema sine, men inntil då er den diverre plaga av gjentekne kræsj.

Etter lansering vil det òg vere mogleg for dei som har lasta den ned tidleg å kjøpe nyttige (og «nyttige») gjenstandar i appens medhøyrande butikk. Men slapp av, alt du treng kan du plukke med deg om du berre tek beina fatt.

Det tidlegare Google-eigde selskapet har frå før laga Ingress, som tek utgangspunkt i mykje det same rutenettet av attraksjonar (og alt i alt er eit meir polert og interaktivt spel). Desse attraksjonane og punkta, gjerne innrapportert av brukarar, har blitt stader du kan plukke med deg pokeballar frå, eller legge ut lokkemat.

Les også: Den éine viktige tingen Nintendo viste fram på E3 2016

Ta på deg dine mest comfy shorts, ver merksam på omgivnadane dine, og gå til landemerker i nærområdet. (Foto: Andreas Hadsel Opsvik)
Ta på deg dine mest comfy shorts, ver merksam på omgivnadane dine, og gå til landemerker i nærområdet. (Foto: Andreas Hadsel Opsvik)

Er ikkje ferdigutvikla enno

Pokémon Go har alt blitt eit fenomen som eg mistenkjer kan få fart på mange bein som vanlegvis ville ha vore litt rolegare i sumarvarmen (inkludert mine eigne). Spelets potensial er nesten uendeleg når det gjeld motivasjon for å gå ut og sprette («stay aware of your surroundings», som spelet seier sjølv). Når det likevel får terningkast 4 er det ikkje fordi det ikkje er eit artig spel, men fordi det hittil er begrensa både i funksjonar og interaktivitet.

Det kan godt vere denne anmeldinga vil vere utdatert om nokre månader. Niantic har alt sagt frå at spelet kjem til å bli utvikla i 2-vekers-iterasjonar, og mogleg få tillagt nye funksjonar og systemdjupn. Moglegheit for direkte monsterkamp eller monsterbytte mellom spelarar er den openbare, men det er mykje å plukke frå i Pokémon-verda.

Det beste med Pokémon Go er eigentleg det som foregår utanfor sjølve spelet: at vener og framande møtest, går tur, og preiker om Pokémon – i åstaden for verdas mest harmlause og barnevenlege hanekampar.

Om SPILLET

Pokémon Go
  • Pokémon Go
  • Slippdato: 06.07.2016
  • Utgiver: Niantic Labs
  • Aldersgrense: 9 år
  • Plattformer: iPad, Mobil
  • Sjanger: