Nintendo-milliardærar er ikkje heilt som andre Nintendo-milliardærar. Der dei fleste andre presentasjonane ved E3 forsøker å vise mykje forskjellig, og byggje opp mot noko spennande på slutten – smeller Nintendo til med det viktigaste først: sitt nye Zelda-spel.

Traileren fokuserar hovudsakleg på det Nintendo-sjef Reggie Fils-Aimé beskreiv som «berre éin del av» fantasyverda Hyrule, og lova at det var ingen som ville kunne nå over alt me såg i traileren i løpet av E3. I tillegg til at det var betrakteleg meir enn dette i spelet.

Nytt «Zelda» i 2017

Det presenterast nesten litt Shadow of Colossus-aktig, med store saumlause flater. Det ser flott ut, litt en plein air-inspirert, og tydeleg friare og meir fysikk-basert enn tidlegare spel?

– Det viktigaste for meg var å bryte Zelda-konvensjonane, sa sjefsprodusent Eiji Aonuma på Nintendo sin Twitch-kanal.

Me ser iallfall Link kutte ned eit tre for å lage ei bru, manipulere kampesteinar og plankar for å bruke mot fiendar, klatre opp fjell, tre og bygningar, samt magnetisk plukke opp metall. I tillegg ser me han lage og ete mat, på grunn av ein overlevingsmekanikk.

Det er eit hint av Minecraft her – hugging av tre, samling av mat for å overleve, og enkel basebyggjing. Hyrule er ikkje den levande verda me har sett før, det er i ruiner.

I tillegg viste Nintendo fram nye amiibo-figurar – Archer Link, Rider Link, og Guardian – som det er uvisst korleis påverkar spelet. Om du koplar Wolf Link-figuren frå Twilight Princess til konsollen vil du få ein ulvefigur som hjelper deg i spelet.

Zelda: Breath of the Wild har ikkje fått noko fast dato enno, men spelet kjem til Nintendo Wii U og Nintendo NX i 2017.

Anmelding: The Legend of Zelda: Skyward Sword: – Det gode Wii-spillet vi har ventet på!

Og resten… Pokémon!

Det andre viktige for Nintendo var Pokémon!

I år er det 20-årsjubileumet for Pokémon Blue og Pokémon Red, i årets to spel Pokémon Sun og Pokémon Moon er det nettopp sola og månen som er viktig, ifølgje Nintendo.

Rowlett, Litten, og Popplio er dei tre start-monstera du kan velgje mellom – ei lauv-ugle, ein flammekatt og ein hav-sel. Som tidlegare kjend reiser ein rundt i Alola, eit øyområde som er inspirert av blant anna Hawaii.

Som maskotar for henhaldsvis Sun og Moon står Solgaleo og Lunala – representantar for dei to himmellekamane.

Spela kjem til Noreg den 23. november 2016 for Nintendo 3DS.

Så, ingenting som ikkje var ein oppfølgjar frå Nintendo – kun kjende merkevarer. Dei veit kva som selgjer.

Det var det for offisielle presentasjonar under E3 2016. Distributørane og publisherane i Electronic Arts, Bethesda, Ubisoft, samt PC-gaming – og konsollprodusentane i Microsoft, Sony og Nintendo er ferdige.

Les også: Les alle sakene frå E3 2016