E3, verdas største spelmesse er her, og det var speldistributøren Electronic Arts som fekk æra av å sparke i gang ballet for presentasjonane, hovudsakleg prisgitt dei største namna i bransjen.

Årets messe har vore prega av at overraskande mange titlar og trailerar og nyheiter har blitt lekka før tida – men noko heilt ferskt var det likevel frå scena i Los Angeles.

«Titanfall 2» får éinspelarmodus

Titanfall var eit av dei første Xbox One-spela for den nyaste konsollgenerasjonen, og skulle setje igang den nye tilkopla tilværelsen. Frå scena lanserte også EA ein oppfølgjar, som går vekk frå det reine fleirspelar-spelet den første i serien var.

Anmelding: Titanfall: – Et velsmurt maskineri

Presentasjonen viste ei forteljing der nære band skal knyttast mellom dei spretne pilotane og den kunstige intelligensen i Titan-robotane (som skal beskytte piloten for alt det er verdt). Dei teiknar dermed ei litt Asimovsk historie der ein infanterist må ta over for ein av Titanane sine opphavlege pilotar, og lære den å kjenne undervegs – i kamp mot fælslege romvesen.

Utviklarane i Respawn Entertainment tek dermed spelet i ei litt anna retning enn det førre, men slapp av Titanfall-fans: Fleirspelarmodusen er absolutt framleis til stades – og tilfører gripekrokar til dei allereie teknologisk framheva parkour-soldatane.

Titanfall 2 får si premiere den 28. oktober i år.

«FIFA 17» får ei historie?

Kvart år høyrer ein stort sett det same når sportsspela til EA kjem opp. Og sanneleg min hatt, så endte dei med å snakke om fotball-FIFA– og amerikansk fotball-Madden NFL-spela også denne gongen.

Etter ei litt halvpinleg poetisk monolog om spelet fekk me vite at FIFA 17 blir litt meir personleg denne gongen – når spelet introduserar ein historiemodus. Det blir mogleg å følgje fotballspelaren Alex Hunter frå tidleg i karriera, gjennom gode og vonde dagar, agentproblem og møte med verda. Anar me ei litt Rocky-sk historie her?

Anmelding: FIFA 16: – Fortsatt helt konge

Nytt av året er også ein ny spelmotor – fotballspelet låner den svenskutvikla Frostbite-motoren frå Battlefield-spela, og blir kanskje akkurat så mykje meir menneskleg. Forresten, kven veddar ein pakke ostepop mot at absolutt ingenting om sportens nylege korrupsjonsproblem kjem til å dukke opp her?

Men FIFA-spela sitt viktigaste felt vil alltid vere Det Vakre Spelet slik me kjenner det – og Manchester United-manager Jose Mourinho er din introduksjon til «resten» av FIFA 17:

– Du er klar, fansen er klar, det er på tide å vise kven som er best.

Etter gårsdagens EM-kamp lurar me likevel mest på om det vil vere mogleg å gjenskape dette:

FIFA 17 kjem til Noreg den 29. september.

«Mass Effect: Andromeda» søker ukjende horisontar der menneske aldri har vore før

– Vårt driv som rase har alltid vore å søke det ukjende, opnar Mass Effect: Andromeda-traileren med.

Eit tema som kan minne litt om Interstellar er ikkje å kimse av, i ei historie der utviklar Bioware ser ut til å late oss jakte på ein ny heim for menneskearten utanfor Mjølkevegen – med dertil merkelegare romvesen å møte på.

Ellers veit me ikkje mykje anna enn at Mako-fartøyet frå det første spelet dukkar opp igjen, og at me får ein ny hovudperson etter tre spel med Commander Shepard i hovudrolla. Det skal bli godt å setje beina attende i dette universet igjen.

Anmelding: Mass Effect 3: – En epoke er over

Mass Effect: Andromeda er venta å kome i starten av 2017.

EA støtter småutviklarar gjennom programmet Originals

I fjor lanserte EA Unravel frå scena, med ein svensk, smånervøs indieutviklar som fekk fortelje om sitt kjære og nære prosjekt på verdas fremste PR-plattform. Det same hendte i år, men i ein litt anna skala.

EA Originals er det nystarta distribusjonsprogrammet til selskapet, som skal løfte fram og distribuere ulike indiespel, og frå scena vart det hinta til at all profitt skal gå til småutviklarane – noko som i så fall er eit prisverdig tiltak frå eit av verdas største spelselskap.

Anmelding: Unravel: – En spillopplevelse av de sjeldne, terningkast 6!

Det første i den nye serien vil vere Fe frå den svenske utviklaren Zoink. Spelet følgjer ein kvalp som startar livet i ein skog, og etter kvart oppdagar meir om korleis alt i skogen har sin song – frå planter til dyr – og korleis alt dette er knytta til kvarandre.

EA viser ikkje mange detaljer hittil, men dei legg opp til eit par av denne typen prosjekt i året, med mål om å kunne vise andre typar spelopplevingar enn dei me kanskje er borti oftast – nærare og meir personlege historier.

Hittil kan det minne litt om Sony sine C.A.M.P.-prosjekt eller samarbeidet med thatgamecompany, der henhaldsvis snurrige idear som Rain eller Journey får økonomisk liv og ein større plattform å stå på.

Fe har ingen lanseringsdato enno.

Battlefield One

Etter mange år i relativt moderne krigføring har våre to største førstepersonsskytespelseriar flytta seg litt i kvar si retning for det komande året.

Call of Duty (som du får vite meir om seinare på E3) peikar framover i ukjend tid, og den svenske Battlefield-serien hoppar desto lengre bak i tid – meir spesifikt ein stad mellom 1914 og 1918.

Battlefield One tråkkar ned i skyttergravene til den første verdskrigen, og verkar nesten å gjere krig litt for kult for sitt eiget beste.

Anmelding: Battlefield: Hardline: – Politi og røvere som ikke er i Kardemomme by

Etter presentasjonen viste dei fram ein time med gameplay – tre liverundar med spelet – som visar at Battlefield-modellen lever godt og vel.

Hus kan bli øydelagd, vraket etter luftskip blir liggande som eit nytt miljø på bakken, og tanks og andre køyretøy har enkeltbestanddelar som kan bli øydelagd utan at det nødvendigvis tek heilt knekken på deg. Til dømes kan larvehjula på tanksen kan bli øydelagd utan at våpena blir det. Video via Eurogamer:

Battlefield One kjem den 21. oktober.

Og resten?

Ved sidan av litt kleine kjendispresentasjonar frå blant anna Zac Efron og The Game etterpå var resten av presentasjonen var via framtida – og heile tre Star Wars-prosjekt i åra som kjem. Det kjem eit nytt Battlefront, og eit hittil lite detaljert prosjekt frå Respawn, som blir deira neste spel etter Titanfall 2.

Eit lite glimt fekk me også av Visceral sitt Star Wars-prosjekt, der blant anna Amy Hennig har vore ein viktig bestanddel.

Ho var blant manusforfattarane på dei tre første Uncharted-spela, som i det minste lovar godt for ei cinematisk historie – og sjølv om dei ikkje viste mykje såg me iallfall eit hint av vårt favorittreir for avskum og skurkeskap – Tatooine.

Neste presentasjon ut er Bethesda, som i natt viste sine komande oppfølgj… prosjekt, blant anna Dishonored 2, eit nytt Quake og eit oppussa Skyrim for neste generasjon konsollar.

Les Alle sakar frå E3 2016

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.