Bethesda er mest kjend for å ha starta seriar som Elder Scrolls, men har med åra også blitt ein distributør av ei rekkje spennande spel frå andre selskap.

På årets E3 var det mest kikking bakover, med eit heiderleg unntak – som andremann ut etter Electronic Arts.

Så lat oss starte med unntaket!

Prey

Heilt fram til i natt har dette spelet heitt Prey 2, som ein slags oppfølgjar av 2006-spelet Prey, kansellert i 2012, men plukka opp igjen i 2013. Det første spelet brukte omtrent 10 år på å faktisk bli utgitt, så då passar det vel også fint at dette også har brukt tid på å kome til skjermen.

Prey handlar om ei relativt nær framtid, 2032 for å vere spesifikk, og historia sentrerar rundt menneskeeksperiment som har gått heilt, heilt galt. Bethesda beskriv det sjølv som sci-fi-action i ein «psykologisk tvist», med det nye andletet Morgan Yu i hovudrolla.

I staden for opphavlege Human Head Studios er det Arkane Studios som står bak utviklinga av dette spelet – og det litt skitne, men veldig detaljerte universet, kan absolutt minne litt om det dei har gjort i Dishonored tidlegare – dog med eit sci-fi-preg i staden for gotisk fantasy.

Groundhog Day er kanskje den mest openbare referansen til å byrje med, men det er tydeleg at hovudpersonen her ikkje er like heldig som Bill Murray. Iallfall ser det ut som han har skumlare fiendar å møte på – inkludert seg sjølv?

Prey får premiere i 2017.

Quake: Let’s party like it’s 1999

Quake var kjempeviktig for det spretne fleirspelarførstepersonsskytespelsjangeren frå midten av 90-talet. Moderselskapet Id Software, som òg står bak seriar som Wolfenstein og Doom, har plukka opp igjen gamle merkevarer, og tida er komen til Quake

Med Quake Champions ser dei ut til å gå litt same veg som det Blizzard og Overwatch nyleg gjorde – såkalla «hero shooters» med meir særprega skyteheltar, i staden for meir generelle klassar.

Frå ei bane som kan hinte litt til Quake 2 sitt Black Cathedral får me sjå eit hint av det Bethesda meiner kan bli ein utfordrar på marknaden. 90-tals-twitch-musklane mine dirrar litt allereie, så får me sjå om det fungerar like godt som gjenskapingane av Doom og Wolfenstein

Anmelding: Doom: – Helvetes nært på!

Quake Champions har ikkje fått noko lanseringsdato enno.

Dishonored 2

Det første Dishonored-spelet var ei herleg overrasking i eit frykteleg levande, dystopisk, industrielt univers – basert på kvalolje og damp. At det skulle kome ein oppfølgjar har vore kjend ei stund, men akkurat kva den går ut på har ikkje vore klart før i natt.

Frå scena viste prosjektleiar Harvey Smith fram den nye byen Karneca, den nye hovudpersonen Emily Kaldwin, og ei verd satt nokre år seinare enn det første spelet. Emily er dottera til den unge dronninga frå det første spelet – no tronlaus – og det er tydeleg at riket ikkje er blitt koselegare sidan sist.

https://www.youtube.com/watch?v=lNFtACeifcU

Anmelding: Dishonored: Brutalt, mørkt og ubehagelig – atmosfæren i Dishonored er til å ta og føle på

I spelet kan du velgje om du vil spele Emily eller Corvo – frå det første spelet – som skal vere utstyrt med kvar sitt eigenskapstre for overnaturlege evner. Dermed blir det nok atter meir blinking, besettelse, tidsmanipulering – men også tydelege nyheiter som skuggevandring.

Utviklarane i Arkane Studios kom inn som ein knusarball med det førre spelet i 2012, og verkar å halde på det visuelle. Så gjenstår det å vente til november med å sjå om det har klart å gjere det like bra som sist gong.

Dishonored 2 kjem til Noreg den 11. november 2016.

Skyrim: Special Edition til PS4 og XB1

Skyrim – det femte spelet i fantasyserien Elder Scrolls – vart ein enorm suksess for Bethesda i 2011. Det sjette spelet har me ikkje sett snurten av enno, og i mellomtida har dei lansert eit kortspel og eit MMO – med varierande grad av suksess.

Med suksessane som andre selskap nyleg har hatt med gjenskapingar og grafisk oppussing av spel frå førre konsollgenerasjon er det ikkje rart at desse også prøver seg – og i løpet av året kjem Skyrim også til Xbox One og Playstation 4.

https://www.youtube.com/watch?v=SrKgiAMjrbo

Anmelding: The Elder Scrolls V: Skyrim: – Den virkelige verden er oppskrytt!

På same måte som Fallout 4 skal det også ha (begrensa og selskapsstyrt) konsoll-støtte for mods, og er generelt oppussa for den nye generasjonen.

Skyrim har neppe sett betre offisielt betre ut enn dette (med mindre du har det på PC, og har lasta ned prosessorhungrige mods som nesten vil gjere den verkelege verda overflødig).

Skyrim: Special Edition dukkar opp den 28. oktober.

Fallout 4 og Doom til HTC Vive

Fjorårets Bethesda-megasuksess Fallout 4, og årets retroherlege Doom får støtte for VR-briller. Båe desse spela vil få ein versjon som kan brukast til HTC Vive – eit system som støtter handkontrollar som visast i spelet.

Stort sett har det vore mindre demospel til dette systemet, så det blir spennande å sjå korleis såpass store forteljingar vil fungere. Både Deathclaws og helvetes demonar blir nok utfordrande når dei kjem – iallfall digitalt – heilt opp i ansiktet ditt.

https://www.youtube.com/watch?v=GLbXrwsAXvE

I tillegg til dette får båe desse to spela meir nedlastbart materiale i løpet av året. I sumar får Fallout 4 to nye småpakkar – moglegheita til å byggje fleire feller neste veke, og eigenadministrerte bomberom i juli – samt ei større historiepakke Nuka World i august, meir på størrelse med nylege Far Harbor.

Doom blir i juli utvida med Unto the Evil i juli med meir fleirspelarinnhald, blant anna tre kart, nye våpen og eit nytt megamonster å slåss mot.

Og resten?

Bethesda utviklar for tida sitt tilsvar til det digitale kortspelet Hearthstone. Elder Scrolls Legends, satt i same verd som Skyrim, er for tida i lukka beta på PC, og skal kome i løpet av året på iPhone, Mac og Android-plattformar.

Her er ein video av det.

Etter showet hadde Blink 182 (av alle band) ein konsert. I mellomtida ventar me på Microsoft sin presentasjon i kveld 18.30 norsk tid – som ikkje har klart å skjule at dei skal lansere ein ny versjon av Xbox One – kalla Xbox One S. Nærare detaljar rundt det, og mest sannsynlegvis ei rekkje spel – dukkar opp då.

Les Alle sakar frå E3 2016