Litt slapp E3-opning prega av oppfølgjarar og kjende namn frå EA og Bethesda så langt, og sjølv om Microsoft for så vidt viste fram ein del nytt, så var det meir det maskintekniske som var i fokus.

Frå no av kan du anta at spel som er eksklusivt for Xbox One og PC er kryss-spelbare – og Microsoft byrja kuttinga fleire av sperrene mellom PC-verda og konsollverda i løpet av tida dei hadde på scena – ein tanke som også dukka opp i nytenkjinga rundt Minecraft.

Gears of War 4

Tre gongar hurra for nye hoftehøge veggar å gøyme seg bak, det er Gear of War 4! Ein av Xbox sine travarar, ein av dei større Xbox-eksklusive seriane sidan Gears of War dukka opp for 360 i 2009.

No har me ikkje sett gjengen sidan 2011 – og for mange er det nok eit velkoment gjensyn.

https://www.youtube.com/watch?v=9V-aBdWY2us

Anmelding: Gear of War 3: – Klodens største machomann er klar for å redde menneskeheten, igjen

Det fjerde i serien tek verda endå eit hakk vidare – og avsluttar på den eldste travaren av dei alle, Marcus Fenix.

(Eg må vere ærleg å seie at eg først tenkte at det var Snake, og byrja å lure på om det var ein sjuk Metal Gear Solid-crossover på gang. Heldigvis ikkje.)

Gears of War 4 kjem den 11. oktober.

Sea of Thieves

Hei hå og ei flaske med rom, eit piratliv for meg! Sea of Thieves vart vist fram som eit pirat-MMO, der vener kan ta kontroll over eit piratskip og gjere tokt mot andre sjørøvarmannskap.

Romdrikking, skipsstyring, kanonkuler, krutt og splitting av bramsegl ser bra ut for slike som meg, som var av typen som synest skipsfarten var det gøyaste med til dømes Assassin’s Creed IV: Black Flag.

Anmelding: Assassin’s Creed IV: Black Flag: – Ut på bøljan blå!

Så var det ikkje så mykje meir enn dette traileren viste.

Datastyrte spelarar, noko særleg til byar, fort, eller andre ting å angripe glimra med sitt fråvér, men det verkar iallfall som ein artig måte å gå saman om oppdrag på.

Sea of Thieves har ikkje fått lanseringsdato enno.

Minecraft

Over 100 millionar spelarar på 14 plattformar er eit stort beist å halde samla, og etter oppkjøpet av Minecraft for nokre år sidan har ikkje suksesshistoria stansa for Microsoft.

Det nyaste på planen er The Friendly Update – å late iOS-, Android-, Windows 10- og Gear VR-spelarar spele saman på dei same serverane – spesifikt det Microsoft kallar Realms, nettverket med dedikerte serverar for Minecraft

Les også: Bekreftet: Microsoft kjøper Minecraft-studioet

John Carmack – grunnleggjar av Id Software, og mannen bak Doom og ei rekkje andre spelklassikarar – kjem på scena for å spele litt med VR-briller, som er prosjektet han held på med for tida.

I tillegg får desse versjonane av Minecraft enkle mods som kan tilføyast fiendar og andre dyr for å endre utsjånad eller evner. Dei kallar det Add-Ons.

The Friendly Update er allereie tilgjengeleg for dei gjeldande plattformane.

Inside

Limbo slo inn på marknaden med eit heftig smell for nokre år sidan. Til trass for enkle mekanikkar var stemninga og spelet ellers såpass hardtslåande at .

Frå scena viste utviklar Playdead sitt neste spel, Inside, som absolutt verkar å vere i same mørke bane, men med eit anna preg.

Me har fått sjå litt av dette før i 2014, då såg me ein tidlegare versjon av sjølve spelet.

Inside blir tilgjengeleg allereie den 29. juni.

One more thing…

Frå før av var det sluppe ut at Microsoft i løpet av året skulle lansere Xbox One S, ein så smått oppgradert, lett slanka, Xbox One – laga for Ultra High Definition 4K-speling og -videoframsyning. Den kjem i august.

Men noko anna var også i gjære. Xbox-sjef Phil Spencer avduka også noko nytt, under banneret «Beyond Generations». Project Scorpio, med kraftigare hardware, for blant anna å drive kraftigare VR-briller, er den neste oppgraderte konsollen etter Xbox One S igjen – som kjem til å kome mot slutten av 2017.

– The highest quality pixels you’ve ever seen, seiest det om Project Scorpio i filmen, som strengt talt er ei setning som ikkje betyr noko som helst, men som likevel teiknar eit viktig steg vekk frå den «gamle» typen konsollar.

Der ein konsoll tidlegare har vore ei stort sett statisk eining gjennom fleire år, medan spel-PC-ar har vore oppgraderbare og stadig skiftande, kan ting – spesielt i samanheng med kryss-speling mellom Windows 10 og Xbox One – no tyde på at Microsoft ynskjer å byrje å viske ut dei skilja.

Eit viktig poeng er at alle spel og alt utstyr laga for Xbox One vil vere mogleg å nytte på alle dei (hittil) tre versjonane av konsollen, men dei kraftigare modellane vil ha betre moglegheiter for grafikk og hardware generelt.

Og resten…

Så mange korte glimt av spel! Eg tok med fire lengre oppe, men tre-fire av dei kunne kjapt ha vore bytta ut. Bilspelet Forza Horizon 3, det smågale tredjepersonsskytespelet Recore, ei roguelike utvidingspakke til The Division, zombiespelet State of Decay 2, RTS-spelet Halo Wars 2, zombieactionspelet Dead Rising 4, kortspelet Gwent frå The Witcher 3 som eigenståande spel, slåssespelet Tekken 7, og actionspelet Scalebound – som Platinum Games skryt av har den største boss-kampen nokosinne.

I tillegg viste dei fram moglegheita til å kunne utforme sin eigen Xbox-handkontroller i ei rekkje fargar og bestille den via nett-tenesta Xbox Design Lab. Så om du alltid har hatt lyst på ein syregrøn handkontrollar med rosa og oransje detaljar, så kan dette vere din lukkedag. Det blir tilgjengeleg når Xbox One S kjem i august.

https://www.youtube.com/watch?v=yGxxXkDqRS8

Neste presentasjon ut er «PC Gaming»-eventet, før Ubisoft, og så Sony skal vise fram sine fremste prosjekt for dei komande åra.

Les Alle sakar frå E3 2016