Som motstykke til dei store konsollprodusentane – og speldistributørane som i relativt stor grad fokuserer på konsollspel – har dei siste åra magasinet PC Gamer hatt ein presentasjon på E3, nettopp for å vise fram kva som røyrer seg i PC-verda i tillegg.

Resultatet er den lengste presentasjonen på E3, som i prinsippet er ein trailerbonanza ispeidd litt koseprat. Ikkje dei store nyheitene her, men ein del artige spel.

Tyranny

Obsidian Entertainment er kjend for rike rollespel, som Star Wars: Knights of the Old Republic 2, Fallout: New Vegas og Neverwinter Nights 2, men også eigenlaga seriar som Alpha Protocol og meir nylege Pillars of Eternity som vart ein stor kronerullingssuksess på Kickstarter.

Anmelding: Pillars of Eternity: – Et storslått rollespill!

Deira nye spel heiter Tyranny, og har det artige premisset at du ikkje skal redde verda (som i mange rollespel), men du skal forsøke å byggje det opp igjen etter ein tapt krig (som du kjempa på det vondes side i).

Vil du styre med jarnhand med støtte frå tyrannen Kyros, eller lage ditt eiget rike frå grasrota i det krigsherja landet? Dette ser ut til å vere den sentrale konflikten i spelet, hvis utviklarar iallfall har erfaring med å utforske gråsonene mellom det vonde og det gode.

Uttrykket minner ein del om Pillars of Eternity, og brukar då også same grunnmotor i spelet.

Superhot VR

Superhot er eit merkeleg beist, eit skytespel for skytinga sin del, med ein actionfilmmekanikk som går ut på at verda stort sett kun beveger på seg når du gjer det. Dermed kan du tydeleg sjå kulene som kjem mot deg, og planleggje rørslene etter korleis motstandaren angrip.

Spelet har alt kome ut, men som mange andre tech-fokuserte spelselskap for tida ynskjer også utviklarane i Superhot Team å få spelet sitt inn i den virtuelle verda, her med støtte frå HTC Vive-brillene.

Dette er eit av spela som nok får mykje frå VR-støtte, at rørslene frå hovud og armar blir spora meir nøyaktig gir nok eit ekstra element av «realisme»til kuledukkinga.

Dawn of War 3

Det første Dawn of War fokuserte på tradisjonell RTS-basebyggjing, det andre gjekk tettare inn på mindre grupper angripsstyrker, og Dawn of War 3 forsøker å kombinere desse to.

Dermed får du både masseprodusert kanonfôr, men også namngitte figurar som utviklar seg med deg i kampen. Med unntak av kjempar som Starcraft har den tradisjonell RTS-sjangeren kanskje blitt litt borte dei siste åra, så det er gøy at det framleis skjer ting andre stader også.

Anmelding: Starcraft II: Heart of the Swarm: – Det beste strategispillet akkurat nå

Grimt og mørkt, med store robotar og laserstrålar frå verdsrommet. Kven likar vel ikkje det utgangspunktet?

Mount and Blade II: Banner Lords

Om storkampane i Game of Thrones er noko for deg, og lokale laiv-grupper ikkje er hardt nok, så kan Mount & Blade-serien vere di greie. Med tida kjem oppfølgjaren (eller forfølgjar, strengt talt, Mount & Blade II: Banner Lords, som tek sverd-og-skjold-kampane i spelet til større og meir varierte slag, med fleire beleiringsmaskiner.

Grunnrollespelet er stort, open og heftig, medan dette verkar å peike mot meir aktive storkampar, som kan vere noko som kjem spelets natur til gode. Spelet har ikkje fått noko sleppdato enno.

Giant Cop

Dagens raraste: Når lovens lange arm blir verkeleg lang, og beina til loven blir kjempestore, og strengt talt heile loven blir like høg som eit hus, og kan overvinne kriminalitet ved å plukke den opp frå gata. Giant Cop er akkurat det som står på boksen – du er ein kjempestor politimann.

Endå eit spel for VR-briller, denne gongen Oculus, som gjer deg til ein politihatt med pilotbriller, og to hender til å passe på byen.

Utviklar Other Ocean har hovudsakleg arbeidd mest med portar av større spel til mindre mobile og handhaldne plattformer, men har her laga ein lettare absurd spelidé som har potensial til å slå an, iallfall om ein skal ta traileren på alvor.

Og resten …

Militærnerdane sitt hjartebarn, den nådelaust realistiske ARMA-serien, får ei ny utvidingspakke. ARMA III: Apex. Det tsjekkiske utviklarane i Bohemia lanserte premieredatoen 11. juli.

Har du ikkje alltid hatt lyst til å vere ein dinosaur? For eit dumt spørsmål, sjølvsagt har du det. Ark: Survival Evolved, det nye spelet frå Wildcard let deg lage basar, utvikle teknologi, og overleve som best du kan i villmarka, med dinosaurar som arbeidsdyr og angrepsdyr.

Utviklar Klei Entertainment har tidlegare gjort veldig kule og dynamiske 2D-plattformspel som Mark of the Ninja. Oxygen not included var den kortaste traileren på presentasjonen, men viser hint av eit kolonibyggjingsspel inni ei asteroide – nye merker for Klei.

Turing Test er laga av Bevel Studios, og er eit førstepersons-puzzlespel i same stil som Principle of Talos, The Witness, Portal og sjølvsagt Myst. Likevel i ein sci-fi-kontekst, sett på ein av Venus sine månar.

Endå ein kort trailer. Observer er eit skrekkspel i ei cyberpunk-verd, frå gjengen bak Layers of Fear. Sjå fram til å spele ein politimann i ein spesialdivisjon som arbeider med å hacke hjernar.

Endå meir skrekk, og endå meir VR-briller. Snart kan du få spele fjorårets Killing Floor med Oculus Touch, sånn om du er glad i å torturere sanseinntrykka dine. Utviklar Tripwire annonserte i same slengen at dei arbeider på Killing Floor 2.

I same bane som No Man’s Sky og ei rekkje andre romutforskingsspel og overlevingsspel for tida. Utviklar Novaquark lagar eit MMO der ein skal byggje skip, utforske universet, og finne måtar å overleve på. Spelet er i tidleg alfa, og er venta å dukke opp i 2017.

Utviklar Finji satsar meir sobert, og ser ut til å ha laga eit overlevingsspel med sterke hint av amerikana. Uttrykket er enkelt, men kan minne litt om andre «amerikansk solnedgang»-spel med stemningar som luktar bål, prærie og post-apokalypse.

Nokre få høgdepunkt her, men hovudsakleg er det vanskeleg å konkurrere med stornamna frå dei andre presentasjonane. Det er likevel godt å sjå at PC-speling har eit sterkare tilvære her enn nokre tidlegare år. Spørsmålet er om det med tida blir Microsoft – med si sakte utvisking mellom PC og konsoll – som tek på seg hovuddelen av denne rolla. Nestemann ut er Ubisoft!

Les Alle saker frå E3 2016