Etter denne søte vesle Twitter-samtalen mellom Sony-sjef Shuhei Yoshida og Xbox-sjef Phil Spencer på Twitter, var det på tide med Playstation sin presentasjon på årets E3:

I motsetning til Microsoft, snakka Sony ikkje om sin komande nyversjon av Playstation 4 – gjerne kalla Playstation 4 Neo, eller Playstation 4.5 – men fokuserte i staden på spela, og det som dukkar opp i virtual reality-land, støtta av deira eiget VR-brillesystem.

God of War i norrønt landskap

På gutturale lydar skal finfolket kjennast, som det heitte i mi heimbygd. Opninga på showet er oldtids trommer og song – framført av Eivør Pálsdottir, som har spelt med Vamp tidlegare – for å varsle faretrugande om Kratos neste oppdrag. I det nyaste God of War er me sanneleg ikkje langt unna heimbygda mi heller, dei neste folka på dødslista hans er nemleg våre heimlege norrøne guddommelegheiter.

Dette verkar å vere det same Norden som i TV-serien Vikings, mykje pels og lær, smått moderne hårfrisyrar, kule arr, og runer over alt. Saman med Charlie, som verkar å vere sonen til Kratos trakkar me ut i eit kaldt nordisk landskap på jakt etter mat.

Anmelding: God of War: Ascension: – God gammel oppskrift

På same måte som Doom, Prey, og ei rekkje andre spel-oppfølgjarar for tida, vel spelet vekk tal og undertitlar, og kallar det rett og slett God of War. Sjå fram til vage stadnamn, som berre så vidt gir meining for oss som snakkar lokalspråket.

God of War har ikkje fått noko lanseringsdato enno.

The Last Guardian

Dette har vi gledd oss til lenge. Som ein fullførar av Fumito Ueda sin åndelege trilogi saman med nydelege Ico og Shadow of Colossus har dette spelet vore i utvikling sidan 2007, og har sidan då vore gjenstand for fleire «will they, won’t they»-artiklar enn Ross og Racher i Venner for livet.

Anmelding: Shadow of the Colossus: – Tidløst spill i HD

Då det endeleg verka som om det var på veg, kom det på «spel vi gler oss til i 2012»-lista vår, seinare dukka det opp på «Fire ting Sony gløymde på E3 2013»-lista vår, så pusta me letta ut på fjorårets E3 då det endeleg dukka opp igjen. Og her er traileren, med ein dato. Det er nesten ikkje til å tru!

25. oktober 2016. Kan det leve opp til forventningane?

Death Stranding

Hideo Kojima er som om ein blanding av Lars von Trier og Quentin Tarantino skulle ha fostra opp ein spelinteressert kar i Japan. I tiår har han pussa på Metal Gear Solid-serien sin, og dytta eit sjølvlaga krysningspunkt mellom actionfilm, kunstspel, djupe forteljingar og heftige set pieces framfor seg som ein sint, men inspirert, curlingspelar.

Synest du at eg går meg vill i metaforane? Vel, det gjer Hideo Kojima også. Her er ein teaser for Death Stranding.

Anmelding: Metal Gear Solid V: The Phantom Pain: – Føles ikke som slutten, men begynnelsen på noe stort

I fjor hoppa han av det nyaste Metal Gear Solid V: The Phantom Pain like etter publisering som følgjer av såkalla «creative differences» med Konami. Prompte starta han eit nytt spelselskap, og Death Stranding er hans første prosjekt i direkte samarbeid med Sony, som gir ut spelet eksklusivt.

Teaseren er eit auteursk gjennomgang av eit landskap, der du får sjå den digitaliserte rumpa til Norman Reedus. Fordi Hideo.

Death Stranding har ikkje fått noko lanseringsdato enno.

Call of Duty: Infinite Warfare

Nytt år, nytt Call of Duty. Og me held oss i framtida her – i staden for å gå bakover i historia, som deira fremste konkurrent i den svenske Battlefield-gjengen DICE har gjort.

Romskip og interplanetært, og lavgravitasjonskampar ser ut som ei artig foreteelse. Akkurat kven tittelen Infinite Warfare visar til, men det er iallfall klart at dette er fura og værbitte kamphanar, med ei rik utstyrsliste av høgteknologiske dippeduttar.

Anmelding: Call of Duty: Black Ops III: – Konsollskytespillenes moderskip hviler trygt

Kanskje det lovar godt når det tek ein halv trailer før ein tenkjer over at det faktisk er Call of Duty ein ser på?

Det er godt at det har blitt lov med fargesterke omgivnader i førstepersons-skytespel igjen, etter litt for mange år med brunt og grått preg. Dette ser iallfall bra ut, så får me sjå kor regissert og lineært det endar med å vere når det kjem i butikkane.

Call of Duty: Infinite Warfare sleppast 4. november 2016.

Spider-Man, does whatever Spider-Man does

Lat meg berre seie det slik: Det er heilt riktig valg at Insomniac lagar eit Spider-Man-spel. Gjengen bak farts- og fargefylte leikeplassar som Ratchet & Clank-serien og Sunset Overdrive er gode valg til å lage eit så sinnerikt rørslesystem som det Edderkoppen frå Bronx treng.

Sjarmen til unge Peter Parker er iallfall til stades.

Spider-Man dukka opp i den siste Marvel-filmen, men dette spelet vil etter alle solemerker ikkje finne stad i det same universet. Traileren gir preg av eit actionfylt og eksplosivt spel, og kva heltar det hamlar opp med gjenstår å sjå.

Ingen dato hittil.

Og resten …

Fleire var litt triste då Star Wars: Battlefront ikkje hadde romskipskrig. X-Wing VR Mission kan vere det virtual reality-støtta spelet dei har venta på.

Du kan også vere Batman i VR, om du vil. I så fall er Batman Arkham VR greia for deg, rett frå utviklar Rocksteady.

Om du verkeleg er hardcore på VR, så støttar også dei grufulle scenene i komande Resident Evil VII dette. Ein demo er i Playstation Store no – men spelet kjem ikkje før 24. januar 2017.

Horizon Zero Dawn har ikkje VR-støtte, men ser til gjengjeld nydeleg ut. Sjå for deg jaktsekvensane i Assassin’s Creed, The Witcher 3 eller Monster Hunter, berre at du jaktar robotmonster, som du kan ri etterpå. Interessant.

Days Gone = Sons of Anarchy + post-apokalypse.

Endå meir VR-spel i kjølvatnet av No Man’s Sky. Vakker romutforsking i Farpoint.

Det neste spelet frå spel/film-auteur David Cage, skaparen av Beyond: Two Souls og Indigo Prophecy, handlar om ein androides møte med menneskearten, og kva som eigentleg gjer oss menneskelege eller ikkje. Detroit: Become Human ser då lovande ut, gjer det ikkje?

Alle dei tre spela med Crash Bandicoot kjem attende i remastera versjonar for Playstation 4 i løpet av hausten 2016. Lukke og hell til dei som fekk smaken på den vesle skapningen vekt på nytt i Uncharted 4: A Thief’s End

Siste selskap ut blant årets E3-presentasjonar er Nintendo som viste fram det nye Zelda-spelet.

Les Alle saker frå E3 2016

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.