Ein må kanskje ha litt ekstra interesse i amerikansk 50-talsfilm for å hugsa ho, men Gloria Grahame var ei relativt stor stjerne på den tida, med eit resymé som inkluderer ein Oscar for birolla si i Vincente Minelli sin The Bad and the Beautiful frå 1952.

I Filmstjerner dør ikke i Liverpool blir ho strålande bringa til liv av Anette Bening, og me får ta del i hennar korte, men intense romanse med den noko yngre briten Peter Turner.

Sidan filmen baserar seg på memoar skrive av sistnemnde, er det hans figur – dugeleg framstilt av Jamie Bell – som er på papiret hovudperson. Frå ho fyrst entrar bilete er det derimot ingen tvil om at dette er Bening sin film, og det er i samspelet mellom dei to at den verkeleg fungerer.

ANMELDELSE: Loving Vincent – Et visuelt uttrykk som ikke ligner noe annet.

Jaime Bell får god tid til å sture i flotte omgjevnader. (Foto: Norsk Filmdistribusjon)

Perioderomantikk

Historia tek til i Liverpool, året 1981. Gloria Grahame kollapsar rett før ho skal på scena i ei oppføring av teaterstykket Glassmenasjeriet. Peter blir tilkalla som næraste pårørande, og tek ho med seg heim til foreldra for å la ho kvile. Ho påstår sjølv at det ikkje er noko alvorleg, men me skjønar fort at det ikkje er sant.

Filmen glir over i utdjupe forhistoria deira, frå kjærleik ved fyrste dans til eit transatlantisk pendlarforhold. Illustrert som tankane til Peter som vandrar medan han handterer situasjonen, hoppar filmen smakfullt mellom notid og fortid.

Me hadde nok ikkje trengt meir enn påkledningen og andre detaljar i produksjonsdesignet for å kjenne oss igjen i tidsperioden, men lydsporet og andre pop-kulturelle indikatorar hjelper godt til. Ein tur på kino for å sjå skrekkfilm hausten 1979 er spesielt artig.

Mindre vellukka er ein del av scenene som skal gå føre seg andre stader enn Liverpool, spesielt i tilfelle der landskapa i California eller New York City er synlege på skjermen. Då kjem det veldig godt fram at skodespelarane filma er i studio, med bakgrunnen lagt på i ettertid. Det ser akkurat falsk nok ut til å forstyrre fordjupinga i det som skjer.

ANMELDELSE: Mountain – Byr på noen smellvakre «wow»-øyeblikk

Gloria Grahame hadde si stordomstid på 40- og 50-talet, og me får sjå klipp frå nokre av filmane hennar. (Foto: Norsk Filmdistribusjon)

Skodespelet er hovudattraksjonen

Filmen tar ikkje dei biografiske elementa særleg langt. Me får sjå nokre klipp frå Grahame sine mest kjende filmar, og eit par rollefigurar her og der mimrar om den ho ein gong var. Dette kjem nok av at filmen primært baserar seg på Peter sine opplevingar, men det kjennest likevel litt overflatisk ut.

Dei store tvistane i dramaet er telegrafert so tydeleg i førevegen at det er ingenting å sitte og lure på. At filmen på tross av dette skapar gripande scener, er takka skodespelet til alle involvert.

Bening får lov å spele på heile registeret, og gjev alt i alle scener. Ho er betre enn manus, for å seie det sånn. Bell overtyder òg i si rolle, med solid støtte frå Julie Walters og Stephen Graham som høvesvis spelar mor og bror hans.

Som periodedrama utan veldig skarp brodd gjer Filmstjerner dør ikke i Liverpool for det meste den jobben den skal, og er ein fan av sjangeren treff den truleg midt i blinken.

Om FILMEN

Filmstjerner dør ikke i Liverpool
  • Filmstjerner dør ikke i Liverpool
  • Slippdato: 27.04.2018
  • Regi: Paul McGuigan
  • Utgiver: Norsk Filmdistribusjon
  • Originaltittel: Film Stars Don't Die in Liverpool
  • Aldersgrense: 9 år
  • Sjanger: Biografi, Drama