Etter å ha storma inn på banen under valet i mai 2012, då dei gjekk frå 0 til 21 seter i parlamentet, har det greske ekstremhøgrepartiet Golden Dawn vore omsverma av kontrovers.

Over ein periode der fleire av dei høgast akta medlemane i partiet – inkludert leiaren Nikolaos Michaloliakos – satt i varetekt i vente av rettssak, fekk regissør Håvard Bustnes lov til å fylgje tre av kvinnene som haldt ting gåande i mellomtida. Det han fann var ein organisasjon som verkeleg er nettopp det dei sjølv nektar for å vera – ei rørsle med nazistiske trekk.

ANMELDELSE: The Death of Stalin – Hoderystende humoristisk satire

Med lovnadar om å vise dei fram som vanlege familiefolk, fekk Bustnes imponerande nær tilgang på Dafni, Jenny (Eugenia), og Ourania, tre kvinner som i isolerte tilfelle kunne blitt opplevd som nettopp det – vanlege. Mellom intervjua får me likevel servert klipp frå nyheiter og YouTube som står i sterk kontrast til imaget dei vil fremja.

Til dømes argumenterer Jenny gjentekne gonger for at det ikkje er noko samanheng verdt å diskutere mellom Golden Dawn sin nasjonalisme og nazisme. I eit klipp frå gresk TV erklærer mannen hennar, Panagiotis at han verken er fascist eller rasist, men heller ein tribalist. Samtidig har han ein tatovering på armen som seier Sieg Heil, skrive med gotisk font.

I ei anna scene sit Dafni og snakkar med barnebarna sine. Ho oppmodar dei til å snakke om dei negative sidene til barn med utanlandsk bakgrunn, før ho sendar dei til å leike med særs realistiske pistolar og maskingevær. Tidleg krøkast…

Ourania er ei av dei tre kvinnene me fylgjer i Hatets vugge. (Foto: Storytelling Media)

Bileta snakkar høgast

Ikonografien er tydlegare i språket enn Golden Dawn sjølv er, noko som best eksemplifiserast av logoen til partiet. Ein svart meander (spiralaktig buktning/band med rettvinkla haker) med kvit bord på raud bakgrunn er vanskeleg å tolka so veldig mange vegar – spesielt sett saman med bruken av romersk helsing. I mindre vaktsame augeblink fangar kameraet òg opp kvinnene prate om ein «Zion-protokoll», og den verdsspanande jødiske konspirasjonen.

Filmen startar med ei undring over kva som skjedde med Hellas i etterkant av finanskrisa. Det er ikkje noko Bustnes eigentleg kjem til botn i. Heller ikkje kjem det forklaring på korleis kvinnene hamna på slik ein ytterkant i politikken. Til det er han for fascinert av fasaden Dafni, Jenny og Ourania er med på å oppretthalde rundt Golden Dawn. Utan at det trekkjer noko frå slagkrafta til sidestillingane han gjer.

Bustnes deltar òg sjølv i filmen, både ved å snakke med intervjuobjekta, og som forteljarstemme – med blanda suksess. Fleire av tilfella der han legg tankane sine over bilete opplevast det som smør på flesk. Andre gonger verkar han å trekke konklusjonar som ikkje heilt blir støtta av det me får sjå. Han kunne godt latt bileta snakke endå meir for seg sjølv. Det er nemleg lite som er spesielt uklart.

ANMELDELSE: Røverdatter – Sterk dokumentar om et spesielt far og datter-forhold

Håvard Bustnes kunne godt latt bileta snakke endå meir for seg sjølv. Det er nemleg lite som er spesielt uklart.(Foto: Storytelling Media)

Masken

Som de facto leiar mens faren er fengsla, visar Ourania fram ei side milevis frå den glade ungdomen ho presenterer seg som tidleg i filmen.

Ho går frå å snakke om sin kjærleik for dyr og avfeie fordommar om at dei er vonde, blodsugande fascistar, til å nytte særs fiendtleg retorikk mot sine politiske motstandarar etter valet i 2015. Når Bustnes konfronterer ho med ideen om at ho har på ei maske når dei er saman, blir han møtt med eit likegyldig trekk på skuldrene. «It’s not a mask.» er svaret han får. «Everything is a part of me».

Golden Dawn gjekk ikkje so mykje framover i dei to vala i 2015 som dei skulle ynskja. Sant nok vart dei det tredje største partiet i landet, men om ein tel seter i parlamentet ligg dei under nivået dei låg på i 2012. Det gjer det ikkje mindre skummelt å sjå ein organisasjon med ein sopass støtte av folket indoktrinere medlemane sine med antisemittisme og våpentrening.

Bustnes avsluttar filmen med ein potent Gudfaren-referanse som elegant støtter ideen om at bak fasaden til Golden Dawn er det dystre ting som føregår.

Om FILMEN

Hatets vugge
  • Hatets vugge
  • Slippdato: 06.04.2018
  • Regi: Håvard Bustnes
  • Utgiver: Storytelling Media
  • Originaltittel: Golden Dawn Girls
  • Sjanger: Dokumentar