Eit dødeleg virus truar med å utrydde Skandinavia i The Rain. Dette er den fyrste Netflix-serien produsert i Danmark, og som tittelen avspeglar er det nedbøren som har skulda.

Etter tre av åtte episodar driv serien endå med å stable opp dei viktigaste brikkene, men der er tydeleg potensial for ein spennande dystopisk saga.

ANMELDELSE: The Handmaids Tale S02 – Holder på både stilen og intensiteten.

Søskenparet Rasmus og Simone er hovudpersonane i serien, iallefall til å byrje med. (Foto: Netlfix)

Doomsday i Danmark

Serien kastar oss ut i ei verd der alle naturlege vasskjelder – til og med sølepyttar – kan vere livsfarlege. Rett før det dødelege regnet byrjar å falle, blir Rasmus og Simone, då i høvesvis barneskule- og vidaregåandealder, evakuert av foreldra sine til ein bunkers i skogen. Etter dette hoppar serien seks år fram i tid, til eit punkt der samfunnet har brote saman og dei attlevande må kjempe om dei knappe ressursane som enno finst.

Det er mykje som er uvisst. Kvifor skjedde dette? Kva rolle spelar faren til Rasmus og Simone, og det mystiske selskapet Apollon i det heile? Og kva har hendt i dei 6 åra me ikkje har fått sett? Desse er berre nokre av spørsmåla serien må byrje å gje tilfredsstillande svar på utover sesongen.

The Rain blir ein slags mellomting mellom Danny Boyle-filmen 28 Days Later, og Doomsday, regissert av Neil Marshall, berre utan nokon form for zombiar. Spenninga ligg i det å returnere til ei øydelagt verd etter å ha vore isolert frå den over lang tid. Sjølv om det vassbore viruset framleis er ein konstant trussel, er det menneska som har overlevd som er farlegast.

ANMELDELSE: Westworld S02 – Tidvis helt fantastisk.

Samfunnet har brote saman etter The Rain (Foto: Netflix)

Må rettferdiggjere tidshoppa

Tvungne ut av bunkersen endar Rasmus og Simone opp saman med ein gjeng ungdomar, med den tidlegare militære Martin i spissen. Kva dei har drive med sidan utbrotet vel serien å fortelja oss gjennom sporadiske tilbakeblikk.

Dette er eit forteljargrep som fort kan bli keisamt om det dei hoppar tilbake for å fortelje ikkje informerer plottet i notida på ein god nok måte. So langt i The Rain har ikkje tilbakeblikka gjeve særleg oversikt over dei manglande åra.

Episodane er forfriskande korte, med gjennomsnittleg speletid på under 40 minutt. Dette gjer at det skjer ganske mykje på kort tid, men det er foreløpig tatt litt for lett på rollefigurbygginga. Det er ingen av dei sju hovudfigurane som har blitt gjeve tilstrekkeleg god motivasjon for å vere som dei er, so lang tid etter utbrotet. Spesielt på Rasmus og Simone er der litt for lite som tydar på at dei har vore på eigenhand i seks år.

I typisk stil for denne typen «sci-fi» må gjengen på tur gjennom landet på leit etter ein kur, og ein trygg stad å leve. Dette fell då naturleg saman med Rasmus og Simone sin søken etter far sin. Om det fyrste stoppet i København er noko indikator har gjengen ei formidabel utfordring føre seg. For at serien skal kunne utløyse sitt fulle potensial, trengs ei forbetring av samspelet mellom forteljinga i notid og fortid.

The Rain har premiere på Netflix fredag 4. mai.

Om SERIEN

The Rain
  • The Rain
  • Slippdato: 04.05.2018
  • Sesong: Sesong 1
  • Utgiver: Netflix
  • Serieskaper: Jannik Tai Mosholt, Esben Toft Jacobsen, og Christian Potalivo
  • Sjanger: Sci-fi, Survival, Thriller, TV-Serie