Mannen mot strømmen er eit grått og tunglydt samfunnsdrama som går i strupen på korrupsjonskulturen som gjennomsyrar den iranske landsbygda, og ved assosiasjon, heile landet.

Regissør Mohammad Rasoulof har tidlegare blitt fengsla i heimlandet på grunn av arbeidet sitt, og kom igjen i trøbbel etter denne filmen fann suksess, blant anna under filmfestivalen i Cannes i fjor.

Dette overraskar lite, for sjølv om nokre av detaljane er føremålstenleg vage, malar han eit klart bilete av eit undertrykt samfunn.

ANMELDELSE: Sommerbarn – Ujevn barnehjemsskildring fra Island.

Reza driv oppdrett av gullfisk, men blir sabotert av folk som vil kjøpe jorda hans. (Foto: Arthaus)

Små fisk i liten dam

Reza og kona Hadis lever på lånt tid – og jord. Medan Hadis er relativt suksessfull som rektor på ein vidaregåande skule, går ikkje Reza sin oppdrett av gullfisk heilt etter planen, og dei ligg bakpå med nedbetalinga av lån.

Reza blir klemt mellom to konfliktfrontar som ikkje er fullstendig separate. På eine sida er bankmennene som vil «hjelpe» ved å la han kjøpe seg utsetjing fram til persisk nyttår – høgtida for sal av gullfisk. På den andre er naboen Abbas, som ikkje berre kontrollerer vasstilførselen til oppdrettsdammen, men opererer som ein mindre mafiaboss i byen. Abbas er òg er den lokale armen til det nasjonale, men ikkje-namngjeve «Selskapet» som er ute etter eigedommen til Reza.

Situasjon etter situasjon oppstår der Reza blir oppfordra til å «skaffe seg bekjente» for å ordne ting. Det er openbart at han ikkje kan holde unna nokon av frontane mykje lengre, men Reza er for sta til å jekke ned prinsippfastleiken nok til å kome noko veg.

ANMELDELSE: Dobbelt begjær – Sexpyntet tvillingtrøbbel.

Soudabeh Beizaee gjer sterkt inntrykk som Hadis i Mannen mot strømmen (Foto: Arthaus)

Fokuserer for mykje på Reza

Hadis er den meir pragmatiske av dei to, og difor den mest interessante. Filmen brukar veldig mykje tid på Reza i dirrande impotent sinnemodus som den med fordel heller kunne nytta saman med Hadis.

Hennar posisjon som rektor gjev ho makt det faktisk går an å misbruke – noko ho forsøker å gjere – samtidig som ho til ein viss grad er underlagt myndigheitene. Nokre av dei beste historietrådane i filmen spring ut frå desse høva, men verken filmen eller Reza er interessert i hennar historie. Når Reza endeleg bestemmer seg for å gjere noko drastisk blir Hadis vist hen til bakgrunnen.

Med ofte einsfarga palett og eviglang lunte ulmar, dramaet Mannen mot strømmen ein god del meir enn det brenn. Filmen er for interessert i å la Reza stange hovudet sitt i veggen gong på gong, og verkeleg hamre inn håplausheita. Dette gjer at den omtrent to timar lange speletida kjennast litt for godt på kroppen. Det minskar ikkje meininga i filmen, men for kinoopplevinga er det noko hemmande.

Om FILMEN

Mannen mot strømmen
  • Mannen mot strømmen
  • Slippdato: 04.05.2018
  • Regi: Mohammad Rasoulof
  • Utgiver: Arthaus
  • Originaltittel: Lerd
  • Aldersgrense: 6 år
  • Sjanger: Drama