PÅ KINO: «Supernissen» er ein enkel familiefilm som prøver å pakke science fiction og superhelt-underhaldning inn i den lune famnen til julemagien.
Dette er ein humørfylt animasjonsfilm som vil engasjere barna, men som manglar den gode historieforteljinga som kan gi meir substans og hjarte.
ANMELDELSE: «Askepote» – Sprudlande stemmeskuespill
Som juleeventyr er filmen like tynn som glansa julepapir. Den vil nok ikkje klare å rive dei vaksne heilt med, men det er nok slapstick og humor her til at barna vil kose seg i kinosalen.
Forvirra julenisse i førjulstida
Billy, dottera til to robotingeniørar, er heltinna i filmen. Ho er supersmart og superfan av superhelten Supernissen. Når ho klarer å sikre seg premierebillettar til den nyaste «SN»-filmen, har ho den perfekte julegåva til foreldra sine i boks.
Men på Nordpolen er det ein annan superfan av Supernissen – nemleg den faktiske julenissen!
Når Julenissen – iført eit litt trongt superhelt-kostyme slår seg i hovudet – trur han brått at han er Supernissen. Og i sin splitter nye superslede legg han ut på oppdrag for å fange nemesisen sin, Sintus, berre fire dagar før jul.
Heldigvis møter han på Billy, som saman med vaktarroboten og bestevennen sin C.A.R.L., må hjelpe Julenissen tilbake til Nordpolen, og ikkje minst verkelegheita, igjen.
I tillegg treffer dei på leiketøyprodusenten Frank Fafnir, som vil ta over Julenissens verkstad fordi han er lei av at Julenissen lagar leikar av så god kvalitet at dei aldri blir øydelagde.
Syltynn satire
Gjennom den vonde herr Fafnir prøver «Supernissen» seg på litt kritikk av bruk-og-kast-mentaliteten i forbrukarsamfunnet. Det er jo absolutt eit problematisk aspekt med dagens julefeiring, men satiren i «Supernissen» er syltynn.
Vi får rett nok nokre artige scener der duppedingsane til Fafnir konstant vert øydelagde, men filmen klarer ikkje å gjere det til noko meir enn ein enkel gimmick.
Det same blir Billys utfordringar med å relatere seg til andre barn. Maskiner er enkle å forstå, men venner er det vanskelegare med. Outsider-rolla er det mange gode eksempel på i popkulturen, dette er ikkje ein av dei.
Billys kjensle av å vere annleis blir berre opplevd som enda eit punkt å hake av på ei marknadsstrategisk liste. Som eit oppskriftsbasert samlebandprodukt som aldri blir ektefølt.
Artig duo
«Supernissen» er ein samproduksjon frå spanske 3 Doubles Producciones, Capitán Araña og Smartrek Films AIE, og kanadiske PVP Media. Og denne gjengen leverer på eit anna kvalitetsnivå enn vi har blitt vande med gjennom det som har blitt ein lang 3D-animasjonstradisjon frå for eksempel Pixar, DreamWorks og ei rekke andre.
Likevel så er det mykje å kose seg med i «Supernissen». Omsettinga og det norske stemmeskodespelet er godt utført, med artige ordspel og vitsar med norske referanserammer.
Jon Arne Bjørnstad er spesielt god som den nevrotiske alven Leo, som jobbar på spreng for å redde jula. Og Leo og Billy sitt samarbeid byr på ein klassisk motvillig buddy-cop-dynamikk som er underhaldande.
Og sjølv om animasjonen framstår noko generisk, så er det nok fart og spenning i «Supernissen» til at barna vil få ein gøyal kinotur.