PÅ SKYSHOWTIME FRÅ 30. JANUAR: Dexter Morgan var ein av dei mest berømte og sympatiske seriemordarane på TV da den bokbaserte krimserien «Dexter» gjekk for fulle sofakrokar på andre halvdel av 00-talet.
ANMELDELSE: Severance S2 – Fabelaktig hjernegymnastikk
Det enda med ein ganske så skuffande finalesesong i 2013. Så blei slutten gjenoppliva og gjort enda verre av det blodfattige comebacket «Dexter: New Blood» i 2021.
«Dexter» nektar likevel å døy, og 2025 byr på heile to nye innslag om den drapsglade antihelten. I sommar vender Michael C. Hall tilbake i den direkte oppfølgjaren «Dexter: Resurrection». Denne veka startar forløparen «Dexter: Original Sin», der Patrick Gibson gir oss byrjinga på Dexters drapskarriere. Den serien startar som ein glatt, preglaus og ganske unødvendig kopi, som gjer lite anna enn det aldeles opplagde.
Var det noko i barndommen kanskje?
Vi er i Miami i 1991. 20 år gamle Dexter Morgan (Patrick Gibson) studerer medisin og bur med politifaren Harry (Christian Slater) og søstera Debbie (Molly Brown). Han har enno ikkje drepe nokon, men blodtørsten veks, og den mørke passasjeren vil fram i sola.
ANMELDELSE: Paradise – Konspirasjonsthriller med emosjonell kraft
Etter kvart finn Dexter sitt første offer – ei historie vi allereie har sett i originalserien – og da må han og far tilpasse eit sett med reglar som gjer at dei livsfarlege impulsane kan brukast konstruktivt mot dei som fortener å døy. Og samtidig sørge for at unge Dexter ikkje blir avslørt.
Det er ein eim av uinspirert coverversjon over dei første episodane av «Dexter: Original Sin».
Det liknar mykje på gamle «Dexter», men tilbliingshistoria har ikkje same snert, eigenart og energi. Forteljarstemma til Michael C. Hall blir ofte eit platt kommentarspor. Opningsvignetten har ikkje same morbide kvardagskraft. Og mykje av den innleiande handlinga er allereie kjent territorium frå originalserien.
Resultatet er ei bleik etterlikning som plasserer seg trygt og traust i ein overflatisk amerikansk krimtradisjon. Pakka inn i popmusikk, polerte Miami-utsikter og karikerte skurkar for å gjere sjåaropplevinga lettfordøyeleg. Og krydra med kjente fjes som Sarah Michelle Gellar («Buffy») og Patrick Dempsey («Grey’s Anatomy») – utan at dei får særleg mykje å spele på.
Når ikkje gamle høgder
Den originale «Dexter» (2006 – 2013) var ein serie som var med å sette sitt preg på ei tid kor TV-serien verkeleg utvikla seg og sette avtrykk i popkulturen.
Det blei skrive bøker om drapsmannen med den unike moralkoden. I The Guardian blei han i 2010 kalla «posterboy» for den aukande mengda antiheltar som dominerte TV-ruta på 00-talet. Ein interessant figur som blei nemnt i samanheng med komplekse antiheltar som Don Draper («Mad Men»), Tony Soprano («The Sopranos») og Walter White («Breaking Bad»).
I dei innleiande sesongane av «Dexter» var publikums sympati med ein drapsglad hovudperson noko som blei utforska og utfordra med nysgjerrigheit rundt brutale dilemma og Dexters psykologi. Og kontrastane til det morbide blei forsterka av at serien hadde ein lett og humørfylt tone.
Dessverre er ikkje «Original Sin» meir nysgjerrig på den tematikken enn at låta «Nothing but a Good Time» av Poison tonesett montasjen med debutdrapet. Antiheltens posisjon i 2025 er ikkje særleg interessant i dette comebacket, no skal vi berre underhaldast.
Det er truleg nok for å gje gjensynsglede for blodfansen. Dei får her eit realt påfyll av signaturtrekka frå originalen. For meg blei dette ei hol og uinteressant utviding av ein gamal seriefavoritt. Og dessverre nok ein «Dexter»-skuffelse.
«Dexter: Original Sin» har premiere på SkyShowtime torsdag 30. januar. Meldinga er basert på dei 3 første episodane.