– Folk trur eg er rånar, det tar eg som eit kjempekompliment

Odin Waage (24) spelar hovudrolla i TV-serien Rådebank, ei oppgåve han ikkje tok lett på. Før opptaka starta, reiste han undercover til rånemiljøet i Bø.

– Det er så gøy og veldig hyggeleg at folk ser på, seier Odin Waage, som spelar Glenn-Tore, «GT», i TV-serien Rådebank. 

Som dei fleste andre, er han mykje inne for tida. Likevel merkar han at serien slår an, særleg på sosiale medium. 

– Eg fekk melding av ei som hadde sett alt og var i gang med runde nummer to. Det er kjempekoseleg.

Mykje arbeid er lagt ned frå både produksjonen og skodespelarane si side for å skape eit så truverdig rånemiljø som mogleg på TV. No merkar Odin at det grundige arbeidet lønte seg.

– Folk trur eg er rånar, det tar eg som eit kjempekompliment.

I ROLLE: GT er sjefen i rånemiljøet og best til å mekke bil, men ingen veit at han har kjærleikssorg. Foto: PROMO/NRK

Gjekk undercover

Odin visste ingenting om bil før han fekk jobben som GT i Rådebank. Han kjem frå Hamar og har alltid lagt merke til rånarane som heng utanfor bensinstasjonen i heimbyen, men har aldri sjølv vore ein del av miljøet.

– Eg kan så flautt lite om bil. Trefire bilmerke, og det er alt. Så det var veldig gøy å dykke ned i ei heilt ny verd som eg ikkje visste nokon ting om.

Odin sette i gang arbeidet med å finne sin indre rånar.

Det første han gjorde, var å låne bøker om bil på biblioteket, lese seg opp og sjekke ut bilar på YouTube. Så tok han med seg gitaren og reiste til Bø for å studere rånarane på nært hald.

– Eg gjekk undercover som rollefiguren min GT og køyrde rundt i timevis kvar dag. Opp og ned stripa i Bø, fortel Odin. 

BYGUT: Det blir ikkje mykje råning i Oslo der Odin bur, men fascinasjonen for bil har han med seg frå arbeidet med Rådebank. FOTO: Maria Olivia Rivedal

Det var viktig å få eit nært forhold til bilen, ettersom han betyr så mykje for dei som rånar, så Odin budde og sov i han om natta.

Han prata bil med folk som hang på Essoen, og etter kvart blei han freista til å legge seg på det som i miljøet blir kalla for eit «tog», der alle rånarane køyrer etter kvarandre i ein slags parade ned hovudgata.

– Eg fekk det sjukaste blikket: Kven i alle dagar er du, liksom? Herregud, så flautt, ler han. 

– Alle i Bø kjenner jo kvarandre, og der kom eg køyrande etter. 

Til slutt blei han avslørt då det dukka opp nokre spørsmål om bil han ikkje kunne svare på. Seinare fekk han prøve seg som mekanikar på Bø Auto, der GT jobbar i serien.

Eg følte meg som den største tullingen i forhold til dei andre der. Men eg skifta dekk og turbo og fekk teste bilar for å sjekke at alt var klart for kunden, fortel han.

Tøffe menn bør gråte

På spørsmål om kva som er den største skilnaden på dei to, sett bort frå interessa for bil, svarar Odin at han ikkje er like lukka som rollefiguren sin.

– Eg har heile livet vore open og hatt gode kompisar eg kan snakke med. Viss eg har følt at eg treng å prate om noko, så har eg prata om det.

I serien får vi vite at GT slit med å setje ord på sorga han kjenner etter at dama dumpar han. Odin meiner det er fint at serien tar tak i kjenslelivet til gutar og tør vise at det er viktig å få ting ut.

– Det er meir godtatt i samfunnet at jenter kan gråte og vise følelsar og prate om ting. Då får ein jo arbeidd med ting, og ein kjem seg vidare. Det er sunt, og det å gråte er så menneskeleg og naturleg.

ENGASJERT: Odin likte så godt å vere i karakter at alle begynte å kalle han for GT under innspelinga. FOTO: Maria Olivia Rivedal

Ferske tal viser at serien er den mest sette i NRK sin TV-spelar i perioden frå han blei lansert, 18. mars, til no.

Dunkande hjarte og motorfeil

Odin spelte i sin første film, «Sammen», allereie i 2009. Sidan har du kanskje sett han i TV-seriar som «Øyevitne», «Svartsjön» og «Rekyl».

Livet som freelancer byr på rolege periodar der det ikkje skjer så mykje, så han har blitt god til å i alle fall prøve å strukturere dagen.

– Eg må halde på med noko eller lære meg noko nytt, elles blir eg sprø, konstaterer han.

Heile landet er jo i ein karantene no, og Odin får tida til å gå med musikkproduksjon.

– Eg har så innmari lyst til å gjere heile den kreative prosessen sjølv, seier han om arbeidet i studio.

KREATIV: Odin heime i studioet sitt. Snart kjem ny musikk. FOTO: Privat

Han spelar gitar kvar dag, og piano lærte han seg via YouTube då han var seksten år, mest for å dra damer, innrømmer han.

– Men sånn heilt til slutt, kva betyr eigentleg Rådebank? 

– Hurra! Favorittspørsmålet mitt! Altså, eg jobbar med å forstå det sjølv, det er så mange uttrykk, seier han og her blir det litt teknisk:

– Det betyr at det er feil oljetrykk og at rådane (koplinga mellom stempel og veivakselen, journ. anm.) slår veldig hardt i motoren og lagar ein høg dunkelyd.

– Det er også ein metafor for hjartet til GT, som slår ekstra hardt i denne serien, avsluttar han.

Les også: