nrk.no
Marstein - «Frihet i lenker»

Fri frå hitmaskineriet

Marstein kunne ha laga 16 nye listetoppar, men vil heller bevise at han er djupare enn som så.

Då Marstein først gjekk solo hausten 2022, beit dei to EP-ane «Medici Marstein» og «Xania» seg umiddelbart fast på dei norske topplistene.

Låtene «Sommerhus» og «Frida Kahlo» har no begge bikka over 15 millionar strøymingar på Spotify.

Ved sida av mindre suksessfulle soloprosjekt frå Jon «Loverboy» Ranes og Plaza, begynte folk å snakke om Jo Marstein som Undergrunns Harry Styles; han som klarar seg like godt på eigne bein som i ei likestilt gruppe.

Med karrieren har det utan tvil gått bra. Korleis går det så med Marstein sjølv?

Ingen sommarhits i sikte

21-åringens første fulle album «Frihet i lenker» er mjukare og meir dempa enn alle hans største solohits.

Hausten er trass alt over oss, og albumet trenger ikkje å sikte mot å bli årets sommarlåt, som mange meiner at «Sommerhus» vart i fjor. 

Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

Eit fenomen han også rappar om på låta «3 vise menn»:

«Så når vinter endelig ga seg måtte han slippe en sommerlåt

Han hadde 2/3 tracks han likte bedre

Men samtidig var han keen på et fuckings boliglån»

I staden for å gå for ein ny «cash grab hit», dykkar Marstein djupare i seg sjølv. Kanskje med den konsekvensen at ikkje alle lyttarane får høyre det de ville høyre, får fyren frå Oslo sjølv sagt mykje meir av det han vil seie.

Tek det roleg

Albumet er altså ikkje allmenn norsk festmusikk, og det er heller ikkje tungt basert på Undergrunns europeiske danserytmar, som Marsteins tidlegare soloprosjekt har vore prega av. 

Her står lyrikken i sentrum over rolege beats, svevande korstemmer, varmande «middelhavsk» gitarklimpring og fiolinlinjar frå jazzfiolinist Tuva Hasle. 

Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

På eit vis er dette albumet meir Cezinando enn det er Undergrunn, sjølv om Marsteins karakteristiske lyrikk og framføring ikkje lenger kan takast feil av.

Fridomens pris

Som forfattarson, kulturelitebarn og sjølverklært «nepobaby», har Marstein sitt gode handlag med tekst blitt sett på som ei sjølvfølgje.

Men gutane i Undergrunn sitt val om å omfamne både høgkulturelle referansar og språk var ingen sjølvfølgje i norsk rap, kor kulturell kapital ikkje alltid har vore ein sterk valuta.

et råkult bilde fra Undergrunn konserten hvor flere av medlemmene står på scenen og synger. Bak dem er det pyro.
Foto: Herman Falck How, NRK P3

På dette albumet hevdar Marstein seg enda meir som tekstforfattar.

Han introduserer ein ny audmjukskap, og unngår å sette seg sjølv på ein pidestall eller kaste seg inn i hiphopens evinnelege pissekonkurranse om kven som har mest pengar og anerkjenning. 

Livet med fri tilgang på pengar, damer, rus og moglegheiter er endå tema, men nå begynner ungguten å analysere konsekvensane. 21-åringen har innsett at det frie livet han har oppnådd, kanskje ikkje er så fritt som det ein gong såg ut som. 

Litt om mykje, mest om seg sjølv

På vegen mot denne konklusjonen tar han både avstand frå kor avhengig generasjonen hans er av skjerm, han uttrykker støtte til Palestina, harselerer med «napobaby»-omgrepet og samanliknar seg sjølv med Marius Borg Høiby. 

16 spor og tre kvarter med klar og kompakt tekstføring gir rom for å titte innom veldig mange små tema. Men det er baksida av rapglamouren og musikkbransjen som er gjennomgåande. 

Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

Mellom mange konklusjonar som handlar mest om Marstein sjølv, rettar han blikket utover på låta «Money».

Han blandar referansar frå politikk, sport, litteratur, filosofi og musikk, og låta er ein samfunnskommentar som burde få både unge og gamle til å tenke.

Beina på jorda

Kanskje er det likevel dei låtene med mest rytme og glimt i auget, dei som er best på fest, som kjem til å nå lengst.

«Nepobaby» som er spiss, leken og sjølvironisk, eller «Emma» som bruker et house-hook som et instrumentalt refreng, er begge gode kandidatar.

Uansett har Marstein med dette markert seg som noko meir enn ei hitmaskin. Han veit, og vi veit, at han kunne laga ennå ein enkel festlåt me kunne ha sunge i kor til og dermed tent ein stor pengesekk til. 

Men det «fuckings bustadlånet» er allereie sikra, prisar og førsteplassar har for lengst blitt normalen, og det viktigaste han hadde igjen å bevise er at han klarer å halde seg audmyk og ekte midt i det hele.

FLEIRE MUSIKKANMELDELSER:

ENDÅ MEIR OM MUSIKK:

Siste fra P3.no: