20-åringen Asgeir Trausti skulle bli idrettsstjerne, og han gjorde det veldig bra. Han tok nokre medaljar i spydkast på Island, og var på god veg til å bli rå på vektløfting. Likevel hadde musikken surra i bakhovudet heile vegen.
– Musikk har alltid vore ein større del av livet mitt enn sport, men eg dreiv med spydkast ei stund og var blant anna i VM. Då eg starta med musikken i fjor hadde eg allereie slutta med spydkastinga, og då eg såg kva retning musikken tok, slutta eg å bry meg om sport i det heile, seier han.
Høyr saken med Asgeir på Lydverket her:
Det var uproblematisk for Asgeir å kutta ut sporten, for musikken har alltid vore viktig for både han og familien. No lagar han folkemusikk med electronica-gener.
Artikkelen held fram under videoen.
[youtube http://www.youtube.com/watch?v=txO7yn2vyG0]
Les og: Best akkurat no
Oversetter til engelsk
Då Asgeir Trausti gav ut plata Dýrð í dauðaþögn hausten 2012, slo han raskt salsrekordar på Island, og ligg framleis på andreplass på oversikt over dei mest populære albuma. Den einaste som er framfor han er John Grant, som har samarbeida tett med Asgeir.
John Grant har hjulpe Asgeir Trausti med å oversetja tekstane sine til engelsk, og planen er å gi ut plata på nytt med engelske tekstar i løpet av våren.
– Meininga er at du skal høyra at eg er frå Island.
John Grant, som nyleg har sluppe albumet Pale Green Ghost, har busett seg på Island og forelska seg i øya. Grant har samarbeida med blant andre Sinead O’ Connor, og tidlegare i år kom nyheita om at han var HIV-positiv, noko han og syng om på albumet sitt.
Høyr ei av låtene om sjukdommen, «Black Belt» her:
Island er kjend for å tvihalda på språket sitt, og rynka på nasen av all språkleg innflytelse utanfrå. Likevel er det få som reagerer sterkt på overgangen til engelsk heime.
– Det er faktisk utlendingane, «the Iceland lovers», som reagerer sterkast, og meiner eg bør halda på islandsk.
Med aksent
Både John Grant og barndomsvenen til Asgeir, Julius Róbertsson, bidrog sterkt i oversetjinga av dei islandske tekstane. Målet, fortel Asgeir, er å formidla dei same kjenslene. På nokre sangar var dette enklare, som singelen «Leyndarmál.»
– Den handlar faktisk om ingenting. Ingen av setningane høyrer saman med setningen før, det berre passar med rytmen. På engelsk går starten slik: «Listening nighttime dew, and she is walking with me. From this house of red, I hear a child crying»
[soundcloud url=»http://api.soundcloud.com/tracks/71963787″ params=»» width=» 100%» height=»166″ iframe=»true» /]
Det skrivne ord har Asgeir fått hjelp med, men bak mikrofonen er han åleine. Men sjølv då er ikkje hjelpa langt unda.
– John Grant var med i studio medan eg spelte inn låtene. Om det var noko med uttalen min som var heilt ute, sa han ifrå og me tok det på nytt.
Likevel er ikkje målet for Asgeir å høyrast ut som ein amerikanar når han syng på engelsk.
– Meininga er at du skal høyra at eg er frå Island.
Siktar utover
Asgeir Trausti er for tida i Austin, Texas, der han spelar på den gigantiske bransjefestivalen SXSW. Dei engelske tekstane som snart kjem ut på plate, håpar han skal treffa eit større publikum.
Les og: Verdas viktigaste festival
– Me føler dette er noko me må gjera for å heva oss frå Island og ut i verda. Islandsk er eit tungt språk, og forhåpentlegvis vil publikum knytta seg betre til dei engelske tekstane.