Til nrk.no

 

Her er høgdepunkta frå VG-lista på Rådhusplassen 2019

Raske briller, gåsehud og episk avslutning med Tix! Nok eit ellevilt show på Rådhusplassen er over.

Nok eit år med fantastisk musikk blei feira på VG-lista! Det heile starta, tradisjonen tru, med ein gigantisk gratiskonsert på Rådhusplassen i Oslo.

Til tusenvis av tilskodarar opna Keiino VG-lista 2019 med låta «Spirit in the sky», samstundes som eit kraftig regnvêr herja over Rådhusplassen.

🎵 KEiiNO – Spirit In The Sky 🎵

Den norske musikkgruppa Keiino stakk av med seieren i årets norske Melodi Grand Prix-finale, og i dag fekk dei også æra av å opne VG-lista 2019.

I tillegg fekk publikum gleda av ein cover frå Keiino, då showet nærma seg slutten.

🎵 Skaar – 24 🎵

Hilde Skaar, det unge stjerneskotet frå Stord, fekk ein draum oppfylt då ho framførte hiten «24» framfor eit ellevilt publikum.

🎵 Kristian Kristensen – Du gav mæ viljestyrke 🎵

I det solstrålene kikka fram frå dei mørke skyene, over Rådhusplassen i Oslo, kunne ein høyre Kristian Kristensen synge for full hals: «Kan æ få si det va du som ga mæ viljestyrke». Kan hende det var det som fekk sola til skinne? 🌞

🎵 Morgan Sulele feat. Onkl P – Helt Ærlig 🎵

Morgan Sulele og Onkl P strålar saman på scena i det dei framførte samarbeidslåta «Helt Ærlig».

🎵 Ina Wroldsen – Strongest 🎵

Ina Wroldsen, for ei dame! Trur samtlege på Rådhusplassen hadde gåsehud då denne dama gjekk av scena. 👏🤩

Og heldigvis for oss framførte ho også låta «Body Parts + Forgive or Forget + Obsessed»:

🎵 Stina Talling – Mer Enn God Nok 🎵

Dei fleste kjenner nok Stina Talling som den populære Youtube-stjerna ho er, men i kveld var ho også ein artist i det ho entra scena på Rådhusplassen med låta «Mer Enn God Nok». 🤩

🎵 Katastrofe – Medley 🎵

Tidlegare i år annonserte Petter Bjørklund Kristiansen, best kjend som Katastrofe, at han legg musikk-karrieren på hylla. Då passa det perfekt med ein medley i det som mest sannsynleg er det siste året me ser Katastrofe på VG-lista-scena.

🎵 Freddy Kalas – Vacation 🎵

Feriefølelsen var til å ta og føle på då Freddy Kalas framførte strofane «Ready or not, Here we go, Vacationtime». 🌴☀️

🎵 Hkeem – Madiba 🎵

Omgitt av trommeslagarar og danserar var det ikkje vanskeleg for Hkeem å vekke dansefoten til publikum. 💃🕺

🎵 Lauren – Ensom 🎵

Lauren syng kanskje om å vere «Ensom», men stemninga på Rådhusplassen var heldigvis alt anna enn det. ❤️

🎵 HRVY 🎵

Britiske Harvey Leigh Cantwell, kjend under artistnamnet HRVY, er både dansar, artist og programleiar! Og i kveld sjarmerte han rådhusplassen med to freshe låtar: «Personal» og «Told you so».

🎵 Nicolay Ramm – Raske Briller 🎵

Nicolay fant frem de aller raskeste brillene

🎵 Tix – Jeg Vil Ikke Leve 🎵

Kveldens desidert største høgdepunkt fann stad heilt på tampen av kvelden! Nemleg då Tix ankom scena. 🤩 Betre avslutning på VG-lista får me ikkje!

🎵 Tix – Shotgun 🎵

Fleire høgdepunkt frå showet:

🎵 Ruben – Lay by me 🎵

🎵 Chris Holsten – I’ll Be Allright 🎵

🎵 Astrid S – The first one 🎵

🎵 Madden feat. Chris Holsten – Love you right 🎵

🎵 Rat City feat. Isak Heim – Kind of Love 🎵

🎵 Duncan Laurence – Arcade 🎵

🎵 Lars Vaular – Kroppsspråk 🎵

🎵 Isah + Dutty Dior – Hallo 🎵

🎵 Daya – Insomnia 🎵

🎵 Daya – Don’t let me down 🎵

🎵 Store P & Lars Vaular – Kem Kan Eg Ringe 🎵

🎵 Julie Bergan – Don’t Give Up On Me Now 🎵

🎵 Julie Bergan – Outlaw + STFU 🎵

Fy fabian, Brenn. opp rocken!

Fy fabian, Brenn. opp rocken!

Brenn. er ikke bare det søteste, men kanskje også Norges beste rockeband akkurat nå.

Nesten hjemmeseier for Sigrid

Nesten hjemmeseier for Sigrid

Sigrid sjarmerer med hjemmekoselig stemning på hjemmebane, men kjemper mot et slitent publikum.

Jepp, Blomst blomstret på Malakoff

Jepp, Blomst blomstret på Malakoff

Blomst er kanskje ikke den vakreste rosen. Men på Malakoff kom de som en blåveis i trynet.

Ikke like sulten

Ikke like sulten

Girl In Red viste seg ikke fra sin aller beste side på Malakoff. Har fjorårets Urørt blitt for rutinert allerede?

Er Ruben musikkens svar på inspirasjonssitater?

Er Ruben musikkens svar på inspirasjonssitater?

En konsert med Ruben er en oppvisning i følsomhetsposering, men pop-nykommeren redder seg inn med en fabelaktig sistelåt.