– Eg er spent på om eg blir noko smartare av å møte alle desse politikarane, eller om eg berre kjem til å framstå som ein idiot ved sidan av dei, seier Vida Lill Berge.
Ho og Adelina Ibishi skal frå og med 5. februar vere programleiarar for NRK P3 sitt nye ettermiddagsprogram, Norske Tilstander. Programmet plukkar opp tråden etter Verdens Rikeste Land, eit samfunnsorientert program som hadde si siste sending i desember 2017, etter åtte år på lufta.
I likskap med VRL kjem Norske Tilstander til å ta føre seg tema som politikk og samfunn. Sendetida blir òg den same, klokka 14.00 til 17.00 måndag til torsdag. Men med Norske Tilstander lovar Vida Lill og Adelina å bringe noko nytt inn i miksen.
«Make news great (and fun) again»
Programmet siktar seg mot å ta opp alt som rører seg i Norge i dag.
– Norge er jo så mykje rart. Vi har jo politikk og alt det der, som mange bryr seg om, men så har vi òg folk som Ulrikke Falch som trekker seg frå Vixen og som blir til ei sak alle prater om, seier Adelina, som er den som er mest samfunnsinteressert frå før.
Målet til programmet er å «make news great again» og at alle som er litt interesserte og engasjerte i samfunnet, skal bli endå litt meir interesserte og engasjerte.
– Det inkluderar meg sjølv, ler Vida Lill.
– Ja, alt du sjekkar er jo sider som SeHer og Side 2, skyt Adelina inn.
– Ja, difor er eg spent på om eg kjem til å bli meir oppdatert på nyheiter. VRL var jo veldig drevne på dette området medan vi er meir utrente, forklarar Vida Lill.
Sjølv om programmet skal dreie seg mest om politikk og samfunn, lovar programleiarane å likevel halde fram med det dei kallar «jazzing».
Kjærleik for sketsjar
Adelina og Vida Lill har «jazza» på radio ilag tidlegare i programma Hallo P3 og Voksenpoeng.
– I Voksenpoeng øvde vi oss på å bli vaksne. No må vi bli det, forklarar Vida Lill.
I forkant av premieren føler programleiarane difor litt meir på nervene enn vanleg.
– Det er jo eit stort ansvar å ta over ei så viktig sendeflate, seier Adelina.
Men sjølv på ei viktig sendeflate, skal programleiarane halde fram med å prøve å få lyttarane til å le, både med hell og uhell.
– Norske Tilstander skal vere som ein god godtepose. Med litt jazz og litt seriøse tema håper vi å lage ei god blanding, oppsummerar Vida Lill.
Vil du ha ein forsmak på Norske Tilstander, kan du sjekke ut desse sketsjane:
https://www.youtube.com/watch?v=ZiQ4X8Soazg&t=1s
https://www.youtube.com/watch?v=S1rLbKN_yP8&t=1s