nrk.no

– Eg vil ikkje vere han angstmannen

Kjærleikssorg og store mengder arbeid gjorde at det sa stopp for komikar Jonis Josef (30). Og han er ikkje den einaste innan showbiz som har vorte utbrent i haust.

Den siste tida har fleire personar som lever av å stå på scena, som Jonis, Boy Pablo, Musti og Stian Blipp, stått fram med psykiske utfordringar og utbrentheit.

Tre av fire unge i Noreg seier dei har opplevd å bli eller vore i nærleiken av å møte veggen i arbeidslivet.

Svenske studiar viser òg at talet på personar som var sjukmeldt for stressrelaterte tilstandar, blei rundt seks gongar høgare frå 2010 til 2017. Frå 2017 til no har tala lege stabilt høgt, og aldersgruppa som har størst auking, er unge under 30 år.

– Til slutt kokte alt over i hovudet mitt

I haust forsvann Jonis frå offentlegheita ein periode. I starten av november var han tilbake i studio med makkerane Henrik Farley og Martin Lepperød, etter å ha vore borte ein månads tid frå podkasten deira «Dynga».

Dei tre gutane frå Dynga, Jonis Josef, Martin Lepperød og Henrik Farley, står ute framfor ein grå vegg. Sola skin. Jonis står heilt fremsti bilete så vi ser han berre frå skuldrane og opp. Håret hans er mørkt, kortklipt og krølla. Luggen hans heng litt framover i panna. Han har kortfrisert skjegg. Jonis myser og har antydning til eit smil mens han ser inn i kamera.  Han har på seg ei flanellskjorte som er blå-, beige- og kvitruta.
Martin står litt bak. Vi ser han frå bokselinningen og opp. Han bruker ein grå genser. Han har bølga, blondt hår i ein midtskill. Martin held opp begge hendene og viser tommal opp med dei. på venstre hand bruker han ei klokke. Han har runde briller, skjegg og eitt breitt glis.
Henrik står bakerst i midten. Vi kan skimte litt av den gråe buksa hans. Elles bruker han ei rosa-raud mellert tskjorte. Han står med armane i kryss og bruker ei sølv casioklokke på den venstre handa. Henrik har hovudet på skakke og eit meir alvorleg uttrykk enn dei to andre. Han myser augene. Håret hans er mørkebrundt og kortklipt med antydingar til krøller.
OMSORG: – Eg vil seie, på ekte, gutar: Eg har to venner som støttar meg skikkeleg, avlastar meg og ikkje stressar meg, seier ein tydeleg prega Jonis til kompisane i podkasten. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3.

I podkasten fortalde han openhjartig om ei tung tid.

– Det starta med at eg har vore overarbeidd dei siste åra. Forholdet eg var i, tok slutt i sommar. Til slutt kokte alt over i hovudet mitt, og eg jobba jævlig mykje, fortel Jonis til kompisane og lyttarane av podden.

– Men det som blei problemet mitt, var at det utvikla seg til ein apati. Eg blei ikkje glad, eg blei ikkje trist, eg blei ingenting. Så byrja eg å bli sliten mentalt. 

Da Jonis ein kveld skulle gjere eit heilt vanleg standupshow, sa det fysisk stopp.

Som å vere vaken månadsvis i strekk

– Plutseleg klarer eg fysisk ikkje å halde ølen min. I tillegg hadde eg mjølkesyre i føtene, slik at dei svikta – det kjentest ut som at eg hadde sprunge maraton, liksom.

Jonis bestilte legetime og blei spurt om han kunne kvile ein periode.

Han kansellerte nokre jobbar og fekk tre–fire dagar fri, og i løpet av desse dagane blei han enda verre. På dette tidspunktet innsåg Jonis at han berre måtte ta tida til hjelp.

Faktorar som kan føre til utbrentheit

  • Uhandterlege mengder arbeidsoppgåver, som vi aldri opplever å komme i mål med
  • Manglande oppfatning av kontroll i kvardagen – at vi ikkje har moglegheit til å strukturere oppgåver eller ta pausar der vi har behov for det
  • Konkurranseprega kultur på arbeidsplassen – lite støtte og samhald å hente frå kollegaer
  • Utflytande arbeidstider – her kan heimekontor vere ein syndar som bidreg til at skiljet mellom arbeid og fritid sakte blir viska vekk
  • Høge krav og forventningar frå omverda – enten frå arbeidsgjevar, familie, barn som må takast hand om osv.
  • Å ikkje få til å sette grenser for å vareta seg sjølv

Kjelde: Vidar Kristiansen (@psykolog.pappa), psykolog

– Det å vere utbrent føltest som at eg hadde vore vaken i sju–åtte månader. Alt føltest som ein veldig lang dag og at eg aldri fekk stoppa opp og begynne på nytt, utdjupar Jonis når P3.no tek ein prat med han.

Jonis forklarer at han kjende seg som eit offer for sin eigen kalender og at han mista kontrollen over livet sitt.  

Han følte seg heller ikkje like stødig mentalt lenger. Før gjorde Jonis jobbar og var stolt av dei. Nå blei han i staden sjølvkritisk og utvikla sjølvforakt.

– Da eg laga standupspesialen eg er aktuell med nå, skulle eg klippe ut nokre små klipp til SoMe. Dette klarte eg ikkje å gjere, for eg syntest ingenting av det eg sa, var gøy. 

Jonis sit på ein barstol på ei scene. Bak han er det mørke scenetepper og ljoskastarar. Vi ser han frå knea og opp. Jonis har på seg beige antrekk: Chinos og ein tynn genser med krage. Han bruker ei stor sølvklokke på venstre hand. Denne handa held han og ein mikrofon i. Den andre armen er uklar og bevegelse grunna gestikulering. Håret til Jonis er kortklipt og skjegget er er kortbarbert. Han har eit overraska, engasjert uttrykk i fjeset, med heva augebryn. Ved sidan av han står eit barbord med to vanndlasker og ei ølflaske av glas.
IRONISK: Jonis ler av at han nå er aktuell med ein standup-spesial der han pratar om at han er lei unge menneske som er opne om psykisk helse. Skjermdump: «Woke» på TV2 Play.

Men sjølv om Jonis merka at ting ikkje stemte, var ikkje løysinga å ta ein pause opplagt for han.

– Eg har ADHD, noko som gir meg svært mykje energi. Derfor har eg ein tendens til å ta på meg veldig mykje jobb. Når eg seier veldig mykje jobb, meiner eg veldig mykje.

Jonis kan stå standup fem til sju gonger i veka, medverke i to til tre radiosendingar, i tillegg til mykje skriving og møte. Slik har han hatt det i åtte år.  

I tillegg til store arbeidsmengder fortel Jonis at han dei siste åra har vore i eit forhold som var ein veldig stabil del av livet hans, og det tok slutt i sommar. Da blei det for mykje på ein gong.

– Eg kom meg likevel ikkje ut av jobbflyten. Når eg er lei meg, har eg tvert imot ein tendens til å ta på meg meir jobb, for å forsvinne i arbeid.  

Ein ond sirkel

– Er det ein ting eg veit, så er det at scenekunstnarar pressar seg utruleg langt. Det sit veldig langt inne å avlyse eller ta det skrittet å bli sjukmeldt, seier Christine Thomassen.

Ho er nestleiar i kunstnarorganisasjonen Creo. Overordna jobbar dei for å skape eit fellesskap for scenekunstnarar og utgjere ein tryggleik medlemmane har i ryggen. 

Alle som har inntekt frå kunstneriske eller kunstpedagogiske yrke, kan bli medlemmar.

Dette er eit portrettbilde av Christine. Det er i svart-kvitt. Ho står framfor eit bybilde som er ute av fokus. Christine brukar ein kvit bluse, . Ho har ei smykkelenke rundt halsen og sølvringar i øyrene. Håret hennar er delt i ein sideskill og går til litt under skuldrene. Ho smiler med både auge og munn, og ser inn i kamera.
KJEMPAR FOR UFORSEIELEGHEIT: Christine Thomassen og Creo jobbar politisk for å sikre at scenekunstnarbransjen skal ha gode rammevilkår som gjer det mogleg å vere kunstnar i Noreg. Foto: Privat.

I tillegg har organisasjonen tilbodet «scenekunstmedisin», som er eit satsingsområde med fokus på medlemmar si yrkeshelse, både det psykiske og fysiske aspektet. 

Dei har ressursar for mental trening – ein proaktiv del av satsingsområdet der ein jobbar konstruktivt med å vareta si eiga psykiske helse.  

– I tillegg har vi eit tilbod om samtaleterapi. Dette er eit lågterskeltilbod, og vi ser at det er frykteleg mange i bransjen som har behov for nokon å snakke med, fortel Thomassen

Ho presiserer at sjølv om folk er på jobb, gjer det dei skal og står på scena, er ikkje det nødvendigvis eit barometer for om det går bra eller ikkje. 

Da Jonis faktisk tok steget bort fra scena og underhaldningskvardagen, følte han ofte på dårleg samvit for at han ikkje kunne bere lasset saman med folk lenger. Da var det viktig at folk såg han, tok omsyn og avlasta. 

– Det beste folk kunne gjere for meg som utbrent, var å vise forståing og omsorg.

Ein prestasjonsprega bransje

– Underhaldningsbransjen er krevjande og intens. Eg driv jo med radio og TV på dagtid og har standupshow på kveldstid. I tillegg kjem sosiale medium som er kjelde til mykje negativitet og stygge kommentarar, fortel Jonis.

Thomassen i Creo påpeiker at ein gjerne er ekstra utsett for å bli utbrent som ung artist eller scenekunstnar.

– Da er ein gjerne usikker og føler det er vanskeleg å sette personlege grenser. I tillegg kan ein vere redd for å ikkje få fleire oppdrag, i tillegg til å ikkje ville skuffe folk. 

Tre hovudkategoriar på symptom som tyder på utbrentheit

  • Du kjenner deg fysisk utsliten og har redusert yteevne
  • Du kjenner deg følelsesmessig utmatta og distansert frå andre
  • Du kjenner deg mentalt sliten og fell fort ut av det du driv med
  • I tillegg kjenner mange på andre symptom som kroppsleg anspentheit, dårlegare søvn, tap av arbeidsglede, mangel på energi i kvardagen og liknande

Kjelde: Vidar Kristiansen (@psykolog.pappa), psykolog

Thomassen ser òg at utbrentheit kan kome av «fatigue» – at ein er utsliten etter mange år med mykje press i ein usikker arbeidssituasjon. 

– Scenekunstnarar har ekstreme prestasjonsyrke der ein skal halde toppnivå og levere over veldig mange år. Det er gjerne konsertar eller framføringar fleire gonger i veka, seier Thomassen.

Desse aspekta ved livet som senekunstnar samanfatta, meiner Thomassen skaper eit grunnlag for å møte veggen. Og det har vist seg å stemme blant fleire scenekunstnarar denne hausten.

– Dreiv på til kroppen tvang meg til å stoppe

Boy Pablo-vokalist Nicolas Muñoz (23) måtte i likskap med Jonis ta seg ein pause frå scenen. Han annonserte nyleg på Facebook at han måtte avlyse den planlagde Asia-turneen han skulle legge ut på i november.

Boy Pablo står på ei scene og syng av full hals. Bak han venstre sit ein trommeslager og til høgre står ein gitarist. Boy Pablo står i framgrunnen ved eit mikrofonstativ. Han har svart, halvlangt hår. Han syng og gaper så høgt at vi ser tunga og tennene hans.  Han har på seg ei langerma fotballdrakt som er babyblå med babyrosa, vertikale striper. Gitaren han spelar på har oval form og er same blåfarge som drakta. I tillegg er han kvit.
HJARTEKNUSANDE: – Eg veit kor mange av dykk som gledde dykk til konsertane og kor mykje teamet mitt har jobba med dette, men eg håpar dykk forstår at dette er best for meg på lang sikt, skreiv Nico på Facebook. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

– Det siste året har vore veldig tungt av mange grunnar, og eg dreiv på til kroppen min tvinga meg til å stoppe sist sommar, skreiv Nico til fansen sin på Instagram.

Nå vil han ikkje risikere å gjennomføre turneen i frykt for at den mentale helsa hans skal bli verre, og at jobbinga han har gjort med ho, skal vere forgjeves.

Rapparen Musti (21) måtte òg ty til avlysing. På Instagram delte ho at konserten ho skulle halde på Sentrum Scene i midten av november, i tillegg til alt anna jobbrelatert, nå blir lagt på hylla.

– Akkurat som ting er nå, så er det ingenting som er gøy, skreiv ho.

Musti har på seg ein heildekkande kjole med mange detaljar, ulike fargar, ulike stoff, seler og utsmykkingar. Ho har òg på seg ei lue. Det krusa, mørke håret hennar heng ned under lua og går ned til skuldrane. Ho har eit alvorleg uttrykk i ansiktet og gapar såvidt så vi ser tuppen av tunga hennar.
PAUSE: – Til alle eg har skuffa, til alle som har vore bekymra og til alle som har vore der for meg – eg beklagar, men dette er det einaste rette, skreiv Musti på Instagram. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Musti skreiv på Instagram at det skremmer ho at ho i ein alder av 21 ser så mørkt på livet. Å stå opp frå senga er ein siger, og å hugse å ete er ein siger, slik ho har det nå.

– Den einaste måten eg kan fikse dette på, er å jobbe med meg sjølv og bygge meg opp igjen ti gonger sterkare, skreiv ho i same innlegg.

I tillegg gjekk managementet til komikar og programleiar Stian Blipp ut i slutten av november og meldte om at han avlyser alle show han skulle halde fram mot jul.

Blipp opna seg opp om ei tøff tid med depresjon på «Lindmo» tidlegare i månaden, etter å ha vore sjukmeldt ein periode tidlegare i haust. Planen var at han skulle i gang att med show i Bergen og Oslo i november og desember.

Stian Blipp står på ei scene. Bak han er det røyk, raud og blå belysning. Han har Sidecut og lenger hår på toppen av hovudet som er styla med voks. Han har på seg ei dress jakke som er lilla- og svartruta. Under har han ei svart skjorte og eit slips som ser ut som brokadestoff i svart og lilla. Stian har to øyreringar i venstre øyre. Det andre øyre ser vi ikkje, for han står litt på skrå mot venstre. Med høgre handa held han mikrofonen som om han beatboksar. Så den dekkjer rundt hovudet på mikrofonen og fingrane held over nase og munn. Venstre hand held han engasjert opp med håndflata opp og peikefingaren ut.
DEPRIMERT: – Her er det kjensler og tankar i hovudet som ikkje bør vere der, seier Blipp på Lindmo. Foto: Tom Øverlie, NRK P3.

– Stian klarte å gjennomføre det første showet i går, men det kosta han for mykje, så han maktar dessverre ikkje resten og er no sjukmeldt, skreiv produsent Elina Krantz i Latter Norge i ei pressemelding 18. november.

Vil berre vere ein ærleg og open komikar

Openheita rundt utbrentheita blant scenekunstnarane har møtt stor støtte og applaus blant folk. Men for Jonis var det å fortelje om plagene sine ei sjølvfylgje.

– Det er heilt naturleg for meg å vere ærleg på korleis eg har det, så eg sjølv har ikkje sett verdien av å vere open. Men det som viser seg no, er at det er nokre menneske det sit lenger inne for å snakke ope om desse tinga.

Jonis fekk blant anna tilbakemeldingar om at han sette ord på følelsar folk ikkje visste dei hadde.  

– Eg blei òg kontakta etter å ha prata ope om brotet med sambuaren på scena. Det er veldig tydeleg at openheit er veldig bra for folk. 

Jonis tenkjer at det som komikar og humorist er lett å vere open, da ingenting er heilagt. Han kan fint ta seg to minutt og vere ektefølt med vennane sine, mens dei like etterpå kan le og kødde.

– Eg vil ikkje bli teke seriøst, og eg vil ikkje vere han angstmannen. Eg vil berre vere ein komikar som er ærleg og open på radio. 

Portrett av komikaren Jonis Josef. Han ser inni kamera og smiler vagt. Jonis har på seg sort lue, hettegenser med hetta trekt over hovudet og ei ljoseblå boblejakke.
ENDRING: Før gjekk dagane i eitt for Jonis – nå tek han grep for å skape eit meir bærekraftig liv. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3.

Det å vere mann har heller aldri kjenst som noko hinder for Jonis når det gjeld å snakke om følelsar og psykisk helse.

– At menn skal vere tøffe, aldri ha det dårleg og berre vere kule, er ein falsk myte som alle burde ha avslørt innan nå. Omgrepet «tøff» bør redefinerast til det å vere ærleg om kven ein er og korleis ein har det, meiner Jonis. 

Thomassen frå Creo ser at det er aukande bevisstheit rundt psykisk helse og utbrentheit, og stadig fleire snakkar om temaet.

– Det er uhyre viktig, for dette er eit tema som har vore ganske tabubelagt, både innan kultur og det øvrige samfunnet. 

Thomassen synest vi må fjerne det kunstige skiljet mellom kropp og den psykiske helsa, som ein ofte kan vere vitne til.  

– Det er heilt legitimt og forståeleg at du må avlyse ein konsert om du ligg og har omgangssjuke, men om du ikkje kan ha ein konsert fordi du har blitt utbrent, kan nok opplevast som vanskelegare å forklare og for folk å forstå. 

At fleire pratar ope om psykisk helse, trur Creo-nestleiaren kan skape aukande forståing hos folk. 

– Si «nei»

Sjølv om Jonis framleis ikkje har det heilt bra, er han på betringas veg fordi han har blitt tvinga til å ta vare på seg sjølv.

– Eg har teke veldig omsyn til forma mi med tanke på framtidige jobbar. Eg beveger meg heile tida inn i ein lettare periode.  

Første halvdel av 2023 har han halde av til å ta seg ein pust i bakken og kvile.

– Eg er ein drastisk type, så eg har blant anna leigd ut kåken min, seld bilen og bestilt meg ein einvegsbillett til Katmandu, for å lausrive meg og oppdage meg sjølv på nytt. 

Ved å gå gjennom denne tøffe perioden har han lært å prioritere rett. Han har reflektert over livet og kva han eigentleg vil.

– Grunnen til at eg er i denne bransjen, er at eg vil gjere standup. Det starta eg med i 2014, men for at fleire skulle sjå standupen min, måtte eg gjere andre ting, som å stille opp på TV og i podkastar. Da er det fort å «forsvinne i sausen».

Nå har Jonis brukt åtte år av karrieren sin på å seie «ja» og stille opp på alt. Nå skal han bruke eit par år på å seie «nei» og fokusere på seg sjølv og sine eigne prosjekt. 

Dette bør du gjere om du byrjar å bli ubrent

  • Vere tydeleg på eigen kapasitet, både overfor seg sjølv og andre. Sei «nei» om du har for mykje å gjere.
  • Pålegg deg sjølv pausar i kvardagen – det har stor verdi å ha nokre minutt her og der, der vi koplar av og får anledning til å hente oss inn.
  • Kartlegg kva som fører til stress for deg. Kva arbeidsoppgåver kjennest meir og mindre overkommelege? Er det noko du kan sette på vent ein periode eller overlate til andre?
  • Snakk om opplevinga di av å kjenne at du er i ferd med å bli utbrent – be om støtte, anten frå sjefen, som kanskje kan legge til rette for deg, kollegaer, familie eller venner.
  • Lytt til kroppen og hovudet ditt! Det er mykje betre for deg, sjefen din og ditt sosiale nettverk om du er litt sjølvvaretakande og trappar litt ned nå, enn at du må trappe heilt ned det neste halve året.

Kjelde: Vidar Kristiansen (@psykolog.pappa), psykolog

– Eit anna tiltak eg har gjort for å bli betre, er å deaktivere alt av sosiale medium. Det er enormt behageleg for sjela. 

Jonis har erfart at sjølv om ein trur at ein går glipp av det sosiale ved å slette sosiale medium, viser det seg at gruppechattar og Snapchat er blåst opp som viktigare enn det eigentleg er.

– Det som skjer ved å deaktivere SoMe, er at eg i staden ringer ein venn og snakkar ordentleg med folk. Eg merka at mange relasjonar blei styrkte av det, fordi eg fekk djupare samtaler med dei som verkeleg er viktige for meg.  

Jonis har rett nok opna Instagram-kontoen sin for ein periode for å promotere standupspesialen som hadde premiere 18. november. «Woke» er eit heilt sjølvprodusert og sjølvregissert standupshow.

– Det er verkeleg ein draum som har gått i oppfylling. Eg trur ikkje det norske folk har sett standup på denne måten før.  

Med dette showet vil Jonis fyrst og fremst få folk til å le og opne for at ein skal kunne kødde om alt.

– I tillegg har eg eit større altruistisk mål som handlar om at eg glad i norske standupkomikarar og tenkjer dei fortener meir respekt. Eg håper derfor at denne spesialen kan vere starten på at ein får sjå fleire norske komikarar på TV.

MEIR SOM DETTE:

Siste fra P3.no: