nrk.no

– Kyss meg i ræva, eg kjem ikkje på «P3 Gull»

Gjennom heile 2022 har Brenn stått fram som eitt av landets mest vitale liveband. Men det er også utmattande, rockelivet.

Brenn

brenn3

Gjennom heile 2022 har Brenn stått fram som eitt av landets mest vitale liveband.

brenn1

Men det er også utmattande, rockelivet.

– Kyss meg i ræva, eg kjem ikkje på «P3 Gull»

Vi var knapt ferdige med å feire nyttår då Brenn hausta enorm respons for andrealbumet «Vandrer på solskinn». Og via endelause moshpits og stagedives har bandet leia publikum gjennom både festivalsommaren og konsertar landet over.

Likevel er det «P3 Gull»-aktuelle bandet vrient å få ordentleg grep om.

Utagerande liveshow og eit humoristisk image står i sterk motsetnad til eit tekstunivers fylt med angst og frustrasjon over seg sjølv og alle rundt.

Ein forsvarsmekanisme?

I ein Toyota i Maridalen sit underteikna saman med dei to bandmedlemmene, Edvard Smith Save (vokal/gitar) og Rémy Malchère Pettersen (trommer), og forsøker å få grep om den kontrastfylte duoen.

Er dei eigentleg berre den klassiske gråtande klovnen, krydra med ironisk distanse?

– Det er jo mest når vi er saman som Brenn at det blir tull. Ein kan ikkje ha det gøy på turne utan å kødde det til, forklarar Rémy.

Medlemmene i Brenn, Rémy Malchère Pettersen og Edvard Smith Save sit i ein bil i skogen og ser i kamera. Baklysa er på og lyser skogen i bakgrunnen opp i raudt.
KLARE FOR «P3 GULL»: Brenn spelar på «P3 Gull» 26. november. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3.

– Om du kan le, kvifor ikkje gjere det, liksom? Når vi skriv låtane, er det annleis. Då må vi faktisk levere, for elles er det berre å finne seg ein annan jobb, legg Edvard til, før Rémy held fram:

– Ja, for då er det berre sutring og lei seg og kjipt. Ikkje nødvendigvis dritkjipt, men utgangspunktet er alltid negativt.

– … så all denne tullinga på scena og i intervju. Det er berre ein forsvarsmekanisme?

Edvard bryt ut i latter: – Det er det garantert! Det er det vel for alle som køddar rundt, men kva skal ein gjere? Skal eg berre snakke om at mamma er død og dei kjipe tinga i livet mitt? Det er stussleg å høyre på, og folk går nok lei om eg mjølkar det i mange år.

Stjernekamp og Valium

Det kryr kanskje ikkje av band generelt på topplistene i 2022, men relativt sett er Brenn absolutt inne i ein god periode.

Publikumstala har hatt ein markant auke, og bandet opna hovudscena på Øyafestivalen i august. I tillegg fortel unge lyttarar at musikken deira gir dei noko på personleg nivå.

Men det er også utmattande, dette livet, seier Edvard.

– Det er ein ganske openbar kontrast i at det som skjer med bandet er det kulaste eg nokosinne har opplevd, medan andre ting i livet på ingen måte er det. Livet har bestått i ekstreme kontrastar dei siste åra, og det er jævlig slitsamt. Eg håpar på meir av det gode framover, for eg har byrja å gå lei.

Brenn er ute i skogen og er omgitt av røyk
EIN UTVEG?: Har Brenn køyrt seg så fast at det berre er Stjernekamp som kan redde dei? Foto: Kim Erlandsen, NRK P3.

For medan det kan vere forløysande å uttrykke seg på scena, bak pyro og fuzz-gitar, er det ikkje lett å handtere personlege stormar når ein stort sett berre har upersonlege hotellrom som landingsstad.

– Det er jo umogleg å få sove. Det er ikkje mi seng, mi pute. Så får ein vel berre byrje med Valium då. Gå den vegen og bli kjempedårleg.

Men på spørsmål om kva som er alternativet, slår forsvarsmekanismen til Edvard inn for fullt att.

– Vi har måla oss inn i eit hjørne der vi kanskje berre må halde fram med det vi gjer. Ein dag får vi kanskje panikk og konkurrerer mot kvarandre i Stjernekamp.

Berre ein spøk?

Dualiteten mellom humor og alvor har vekt interessa til store delar av musikkpressa. Ein av dei som har late seg fascinere, er Jørgen Hegstad, som til dagleg er programleiar i «Y2K» og «Selskapssjuk» på NRK P13.

Han har følgt med på Brenn heile vegen og har vore innom tanken på at det heile berre er ein spøk.

– For meg er det litt slik at eg står på utsida og ser inn på ei anna verd. Det ligg ein fascinasjon i at eg ikkje heilt veit kva dette er. Det er nesten så dei ikkje har ein musikksmak sjølve, og det ligg ein styrke i det også. Eg trur dei kunne laga musikk i kva som helst sjanger, med det same resultatet.

Likevel let han seg begeistre og skildrar Brenn først og fremst som eit underhaldande tilskot til norsk musikk.

– Bandet har ein heilt eigen posisjon i den norske scena. Det er ingen andre som dei. Det var veldig forfriskande då gutane dukka opp, for dei kom som ein ferdig pakke ut av ingenting, ein forundringspakke som enno ikkje er ferdig utpakka.

Gutta i brenn kliner samtidig som pyroen spruter ut. Begge holder hver sin gitar. Edvard har på seg en spenstig stripete skjorte, og han andre har på seg en hvit langarmet.
KLINING OG PYRO: Liveshowa til Brenn har vorte ein snakkis i musikkpressa. Foto: Eskil Olaf Vestre, NRK P3

I sjangrar som rock og punk, der kredibilitet og seriøsitet ofte får styre, meiner han det er viktig med eit band som bryt med konvensjonane.

– Eg trur det er bra for absolutt alle at det kjem nokon og røskar litt opp i det tradisjonelle.

Han peikar i tillegg på at Brenn er eit slikt band som inspirerer og får andre til å oppdage speleglede.

– Om ein 13-åring ser dei live, får hen lyst til å spele gitar og tenne på ting. Dei er ei anten frivillig eller ufrivillig rollemodellgreie der.

– Ta dykk saman, idiotar!

26. november står Brenn på scena under «P3 Gull». Som det unisont hylla livebandet dei er, har Edvard høge forhåpningar for kvelden – kanskje litt for høge.

– Vi er eit gøy band å sjå live. Derfor meiner eg at vi fortener å vinne «Årets live» under «P3 Gull», og at ikkje Karpe gjer det, for det er ikkje fair med folk som sel ut Spektrum ti gonger.

– … Det er ikkje ein «Årets live»-pris under «P3 Gull».

– Kva faen er det for noko!? Her har eg arbeidd for den dumme prisen heile livet, og så er det plutseleg ikkje ein kategori? Livespeling er superessensielt i Noreg. Ein sel ikkje album lenger, ein drar på turne, og så skal du fortelje meg at … Nei, fy faen, kyss meg i ræva, eg kjem ikkje på «P3 Gull».

Medlemmene i Brenn, Rémy Malchère Pettersen og Edvard Smith Save sit i ein bil i skogen og ser i kamera. Baklysa er på og lyser skogen i bakgrunnen opp i raudt. Frontlyktene lyser.
VIL VINNE PRIS: Edvard (t.h.) er lysten på revansj for då dei ikkje vann prisen for «Årets live» i 2019. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3.

Prisen som tidlegare heitte «Årets live» skifta namn til «Årets artist» då pandemien braut ut. Den er ikkje borte for alltid, men sidan starten av 2022 også var råka av restriksjonar, heiter den «Årets artist» også i år.

For å bli nominert til prisen må ein også ha prestert live.

Det forklarar litt, men Edvard meiner det er på tide at også «P3 Gull» kjem seg attende til normalen. Han er ute etter revansj for då Brenn var nominert til prisen i 2019.

– Nei då, eg tulla. Men fuck det der. Vi er attende til den verkelege verda no. Ta dykk saman, idiotar!

Det vankar ikkje nokon pris til Edvard og Rémy for framføringa under «P3 Gull», men dei får sjansen til å slå eit slag for at livemusikk også fortener ei hyllest i framtida. Så er det kanskje like greitt å la Brenn vere Brenn og ikkje forsøke å forstå dei på eit djupare nivå enn nødvendig.

MEIR OM «P3 GULL»:

Siste fra P3.no: