nrk.no

Ida (25) kjempar for klimaet ved å knuse kråkebollar på havbotnen

Unge sitt klimaengasjement har ikkje vore så lågt på fem år. Men slik er det ikkje for Ida – ho ser at det ho gjer, nyttar.

Du kan finne Ida Søhol (25) på havbotnen utanfor Tromsø, utstyrt med dykkarmaske og svømmeføter. Her nede brukar ho fritida si på å knuse kråkebollar.

Dette prosjektet kom litt tilfeldig inn i livet hennar.

Ida har alltid vore glad i naturen. I to år hadde ho vore på reise, der ho dykka mange ulike stadar rundt om i heile verda. Og då ho skulle velje studiestad, var det kvar det var best å dykke ho ville legge vekt på.

– Då tenkte eg: «Tromsø, det er sikkert midt i blinken», seier Bærums-jenta til P3.no.

Ho flytta nordover, til ein stad med hav, bølger, store fjell og masse snø, den kulaste staden ho kunne tenke seg.

Men då ho først tok turen under havoverflata, blei ho skuffa.

Havbotn utan liv

– Eg hadde ein idé om at Nord-Noreg var litt urørt og full av liv, seier Ida.

Ho såg for seg noko anna enn det ho var vand med frå Oslofjorden.

Men i sjøen utanfor Tromsø, møtte ho ikkje det frodige, yrande livet ho såg føre seg. Langs heile havbotnen var det tett i tett med kråkebollar, og lite anna.

To dykkarar svømmer under vatn langs havbotnen. Dei har på seg våtdrakt, dykkarmaske og svømmeføter. Dykkaren til høgre har rosa dykkarmaske. Ho held ein kråkebolle i den eine handa. Havbotnen er dekka i kråkebollar.
ØRKEN PÅ HAVBOTNEN: Dei store kråkebollane blir hausta inn og brukt til for eksempel mat. Foto: David Gonzalez

Ida og dei andre dykkarane ho var saman med, fann ut at kråkebollane var grunnen til at all taren som vaks der tidlegare, var borte.

– Når ein dykkar, blir havet ein veldig nær ting. Ein brukar mykje tid i havet, og då vil ein jo passe på det også.

Medan skogen bind opp karbon på land, bind taren opp karbon i havet. Taren er derfor svært viktig for å bremse klimaendringane, og han er i tillegg heim for småfisk og anna liv i havet.

Sjølv om kråkebollar er mat for anna liv i havet, kan dei gjere store skadar. Dermed var det ikkje snakk om å la problemet ligge.

Ida ville fjerne store mengder kråkebollar på havbotnen, slik at taren kunne vekse opp igjen. Målet er maks to per kvadratmeter.

– Då må vi jo gi det eit forsøk, bestemte ho seg for.

Ida og to andre dykkarar gjekk inn i eit samarbeid med eit forskingsinstitutt og ein dykkarklubb i Tromsø, og oppretta «Tarevoktere». Dette blei først omtalt av NRK Troms og Finnmark.

Og etter å ha rydda bort kråkebollar i eit lite område på havbotnen, tok det berre eit halvt år før tareskogen hadde vakse opp igjen.

– Vi burde gi meir kred til havet

– No har vi restaurert tre tusen kvadratmeter, fortel Ida.

Dette er berre ein liten del av det enorme kråkebolleområdet utanfor Trømsø, og ho er klar over at dei aleine ikkje kan få tilbake heile tareskogen. Men motivasjonen er der likevel.

Bilde av tare frå under vatn. Vatnet ser nesten grønt ut, og taren veks på venstre side av bildet.
TAREVOKTERE: Det er slike tareskogar Ida vil sjå meir av. Foto: Juni Bjørneset

– Uansett kor lite vi gjer, så er det meir enn ingenting. Eg ser at det hjelper. Det er absolutt mogleg å få tilbake tareskogen, seier ho.

Taren gjer ein like viktig jobb som trea på land.

– Vi pustar jo på grunn av havet. Det gir oss oksygen, forklarar Ida.

For at vi skal fungere på jorda, er vi avhengige av at havet fungerer som det skal.

– Vi burde gi meir kred til havet, synest eg, ler Ida.

Dykkarane som hjelper Ida og resten av «Tarevoktere», brukar si eiga fritid for å utgjere ein bitte liten forskjell for miljøet. Motivasjonen ho får frå dei andre frivillige, gir Ida enda meir håp.

– Det her er ei krise, men det kan jo absolutt gå. Det er lett å tenke at problemet er veldig mykje større enn seg sjølv, seier 25-åringen.

Ida har på seg våtdrakt, og håret hennar et sett opp i ein knute. Ho ser ned mot venstre. Bak henne heng mange våtdrakter.
DROG NORD: Ida sitt val av studiestad stod mellom Tromsø og ein eksotisk stad i utlandet. Foto: Hanne Wilhelms, NRK

Når Ida ser for seg framtida, ser ho ein havbotn full av tareskog, ein vinter med masse snø, og ei klimakrise som er historie. Å vere optimistisk er ei nødvendigheit.

– Vi må jo tru det. Viss ikkje har vi ingenting, seier ho.

Tre grunnar til at unge engasjerer seg mindre

Sjølv om Ida er ein av fleire som gjer ein viktig innsats for klima og miljø, er det tydeleg at unge sitt klimaengasjement minkar.

I oktober slapp Kantar den årlege klimaundersøkinga Kantar Klimabarometer for 2023. Ho viser at folk var meir optimistiske til at vi skulle lykkast med å redusere utslepp i 2020, enn det dei er i dag.

Eva Livgard i Kantar fortel at det er færre unge som ser på klima som den største utfordringa vi har. Talet er gått frå 40 prosent i fjor til 35 prosent i år.

– Vi må tilbake til 2017 for å finne eit lågare engasjement blant dei unge, seier Livgard på telefon til P3.no.

Ho nemner tre grunnar til at klima er blitt mindre engasjerande for unge.

Den første grunnen er at tronge økonomiske tider har gjort folk opptekne av dei nære tinga, som å kunne betale rekningane sine. Den andre grunnen er lågare tillit til politikarane.

Når politikarane ikkje held klimaløfta sine, er det mange som sluttar å engasjere seg, forklarar ho.

Den siste grunnen til at klima er blitt mindre engasjerande for dei unge, er at dei ikkje lenger har det same fellesskapet eller sterke forbilde å sjå opp til.

– I 2019 og 2020 hadde vi skulestreik for klima. Vi hadde klimabrølet som samla fleire tusen unge, framfor Stortinget, seier Livgard.

Men sjølv om engasjementet dalar, er det framleis gruppa under 30 år som gjer mest for klimaet.

– Dei unge har det siste året ete mindre kjøt og kjøpt meir brukt. Dei har også i større grad valt å låne eller leige.

I tillegg trekk Livgard fram at unge flyr mindre og nyttar seg meir av bildelingsordningar.

– Ungdommen blei ikkje møtt

Ei av dei som føler på det dalande klimaengasjementet, er Erle Kvammen (20).

Tidlegare var ho ein aktiv medlem i «Natur og Ungdom», men no har ho ikkje lenger den same motivasjonen.

For nokre år sidan var ho med på klimastreiken saman med fleire tusen andre på sin alder. Då tenkte ho at ho var med på å gjere noko viktig, som kunne skape forandring.

– Det føltest ut som ein stor bevegelse blant ungdom. Det var noko eg delte med vennane mine, seier Erle til P3.no.

Erle har ein teori om at klima ikkje lenger er like populært som før, og at det derfor ikkje er like engasjerande.

Ida har blondt hår og hvit genser. Ho sitter inne på ein benk framfor ein murvegg, og ser inn i kamera. Ho har ringar med gullfarge i øyrene.
GIDD IKKJE MEIR: Erle trur mange unge har mista motivasjonen. Foto: Frida Lien

– Det blei mindre synleg i media, og det blei mindre snakk om det i min vennegjeng, som sikkert også mange andre har opplevd, trur 20-åringen frå Oslo.

Sjølv om Erle framleis er oppteken av å gjere klimabevisste handlingar i kvardagen, er ho ikkje lenger aktiv på andre måtar.

– Det blei liksom litt tilsidesett. Ein skjønner litt kva for veg det går, seier ho.

Men Erle meiner at det dalande engasjementet ikkje er dei unge si skuld.

– Det kan ha samanheng med at ungdommen ikkje blei møtt då dei stod utanfor Stortinget og brølte, trur ho.

Ei hand som helt eit skil av papp opp i vêret. På skiltet står det i fleire ulike fargar: «Dere forventer at vi går på skole for å studere til en fremtid, vi forventer at dere sørger for at vi har en».
SKULESTREIK: Erle var med i «Natur og Ungdom» i 2020. Foto: Erle Kvammen

Dersom politikarane hadde høyrt på dei unge og gitt dei konkrete forslag, trur Erle ungdom framleis ville vore motivert.

– Folk ser ikkje noko poeng i å gi opp litt av kvardagslivet sitt eller ofre litt skuletid for å prøve å gjere endring, når det ikkje kjem noka endring, seier ho.

Erle trur ikkje at engasjementet til unge er borte, men at det heller er flytta over på andre ting.

– Eg har blitt utruleg positivt overraska over engasjementet til dei fleste unge når det gjeld den pågåande krisa i Gaza. Det kan bidra til å forklare kvifor unge, som meg, ikkje prioriterer klimademonstrasjonar, meiner Erle.

Kjærleik til naturen

Sjølv om Erle ikkje lenger er aktiv i klimakampen, ligg engasjementet hennar framleis i botn. Ida trur mange er som Erle: engasjert, men kjenner på ei fortviling.

– «Korleis skal det gå?» Det er så stort, og det er så mykje. Men det er jo mange løysingar, seier kråkebolleryddaren.

Eit bilde frå havoverflata og inn mot land. Vi ser både land og under vatnet i bildet. Det er snø, og det går tre dykkarar langs fjøra.
IKKJE BERRE SJØ: Ida trur arbeidet dei gjer, er bra for både klima, miljø, kysten og lokalmiljøet. Foto: David Gonzalez

Ho trur at å setje meir fokus på klima og miljø er viktig. Men for å få tilbake eit personleg engasjement, trur Ida det er lurt å fokusere på noko ein bryr seg om.

– Om ein har ein hobby eller noko ein synest er litt ekstra interessant, så er det jo kjempebra. Og det treng jo ikkje vere tarerestaurering, seier Ida.

For å kunne kjempe for naturen, er det ein nøkkel å bli glad i han, trur ho.

– Dra på turar, dra på fjellet, bad i havet. Berre få naturen litt inn i kvardagen, så blir det ein viktig del av kvardagen og ein viktig del av livet. Ein vil ta vare på det ein er glad i, seier Ida.

MEIR OM DETTE:

Siste fra P3.no: