nrk.no
Lars Vaular - «Vintage velour»

Lars Vaular gjer det Lars Vaular er god til

«Vintage velour» er kanskje ikkje eit publikumsfrieri, men det er eigentleg berre eitt enkeltspor som held Lars Vaular nemneverdig tilbake.

Ser vi bort frå ulike drypp i form av singlar, nærmar det seg fire år sidan sist vi høyrde frå Lars Vaular i albumformat. Sidan «Flere steder alltid» frå 2019 har han fylt tida med både skodespel i serien «Verden er min» og som tekstforfattar av det tilhøyrande soundtracket.

Men med dagsferske «Vintage velour» er 38-åringen attende i det gullkanta albumformatet.

Apropos alder er vi komne til eit punkt der dei, i alle fall meir kommersielle, norske rapparane her til lands generelt må ta eit val. Skal dei fornye seg eller halde fram i deira vande spor? Om dei skal utforske nye retningar, som Karpe, eller om dei skal dure vidare med eit jamt over aldrande, men lojalt publikum.

Å kalle dei rap-pensjonistar blir hardt, og det finst vel ikkje dårlege val så lenge det betalar rekningane.

Lars Vaular sit i ein grøn sofa og ser i kamera. Han er kledd avslappa, og lokalet han er i er under renovering.
BERGENSKE SAMARBEID: Vaular får hjelp frå både Angelo Reira og Kamara på sitt nyaste prosjekt. Foto: Leah Solomons, promo.

Uansett – Lars Vaular er i ei særstilling sånn sett. Han har ei eiga evne til å levere heilt i tråd med låten og viben, og kanskje særleg har han ein unik skrivemåte. Allereie då han under artistnamnet Stiquo gav ut mixtapen «We are the champions» med gruppa Freakshow i 2004, kunne ein ane konturane av artisten Lars Vaular nesten 20 år seinare.

I så måte har ikkje Lars Vaular drive like mykje med fornying derifrå og fram til «Vintage velour» i 2023, som han har foredla og vidareutvikla artisteriet sitt heile vegen.

Til dømes overraska han rap-publikummet ved å danse ballett i videoen til «Det ordnar seg for pappa» i 2016, og sette for alvor inn støtet for å gjere norsk rap meir melodiøst med «Samme nr. som i 99» i 2009.

Heimebane

Ein del kontekstualisering der, men det er fordi «Vintage velour» i stor grad byr på at Lars Vaular gjer det Lars Vaular er god til. Å gå artistisk til verks, med både store og nære bilete, og ikkje minst ein lydmessig atmosfærisk innfallsvinkel.

Eigenarten hans har enno til gode å verkeleg bli utfordra.

No treng ein berre sjå til fjorårets album frå både Kobe og Karpe for å finne rimeleg vellukka tilfelle av at andre norske rapparar som spelar på atmosfæriske grep, men for Lars er dette verkeleg heimebane.

Lars Vaular lener seg tilbake i sine svarte solbriller og holder mikrofonen tett mot munden. Han har på seg brudekjole fra navelen og ned.
BRYLLAUPSKJOLE: Lars Vaular på Øyafestivalen 2017. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

Geir Øyvind Hvidsten sine ofte svevande, og ofte litt jazzy, produksjonar utfyller Lars sitt tekstunivers godt, der han vippar mellom det konkrete, og meir flytande tankerekkene der ting er meir ope for tolking.

Kremdømet er kanskje opningslåten og høgdepunktet, «Pene biler brenner penere», som soundmessig manar fram bilder av kalde, bergenske drabantbydelar som eit bakteppe til Lars sine lausrivne linjer om død, ettermæle og vennskap. Stort vakrare blir eigentleg ikkje norsk rap.

Ramlar ikkje heilt uti det utilgjengelege

I eit så referansetungt tekstunivers, der koplingane ikkje alltid er like tydelege, kjem ein ikkje unna at ting tidvis kan virke som fjas. Særleg om ein ikkje er av typen som finn glede i å gå tekstar nærare etter i saumane.

På den andre sida er det jo ein større gevinst i å fange opp ein referanse, heller enn å få den servert overforklart i fanget.

Når det er sagt, plumpar han heller ikkje uti dei altfor svevande tekstlinjene, og evnar som sagt å halde seg konkret. Eit godt døme er «Vi går opp», det svært tydelege og saklege innlegget i rusdebatten. Som ein kronikk i form av ein rap-låt, er ikkje tankane til Vaular om politiet og NNPF si handtering av rusbrukarar til å ta feil av.

Lars Vaular har på seg en svart bukse, hvite joggesko og en svart hettegenser. Han sitter i en grønn designersofa.
SPELT INN PÅ ØKERN: «Vintage velour» er produsert av Geir Øivind Hvidsten, med innspel frå Frode Kvinge Flatland, Karima Furuseth og Matthew Kent. Foto: Leah Solomons, promo.

Eit døme på at det går for langt over i det konkrete, er albumets einaste openbare lågpunkt, «Kun legender i min kalender». Med ein nokså slitsom produksjon i botn, ramlar låten etterkvart ut i ein namedrop- og shoutout-bonanza utan like.

Låten bleiknar fullstendig på eit album der både atmosfære og tekstforfattaren Vaular står så sterkt. Nei og nei, denne burde blitt liggande att på arbeidsbenken.

Krever litt investering

«Vintage velour» er ikkje eit album som lenar seg på dei mest opplagte forsøka på å lage store hits, og ber heller lyttaren om å investere litt tid og fleire lyttingar i det.

Spor som «Enveisticket» og «Beamet ned fra en annen planet» bygger naturlege bruer mellom høgdepunkt som «Gass Gass» og «Fat Boy Slim», og sørgar for at albumet heng saman.

Kanskje er det ikkje heilt oppe der med t.d. «Du betyr meg» frå 2011 som totalpakke, men akkurat det hindrar ikkje «Vintage velour» frå å vere endå eit pluss i margen for Lars Vaular.

Den tida albumet ber om er ikkje eit urimeleg krav, for den investeringa er det verd.

LES FLEIRE ANMELDELSAR:

Siste fra P3.no: