- «Line dater Norge»
- Line reiser Norge rundt for å finne kjærleiken
- Reisa starta i nord, og vil etter seks veker ende i sør
- Følg reisa på Instagram: @LineDaterNorge og Facebook: NRKP3
- Først i oktober, når Line er ferdig med reisa si, vil serien bli vist på TV
– Ingen har nokon gong daska penisen sin på puppen min etter at dei har kome.
Line Elsvåshagen har nettopp sett ein pornofilm med «Virtual Reality»-briller, spesiallaga briller med innebygde skjermar, som skaper ein virtuell verkelegheit for sjåaren. Med brillene på blir det nesten som å vere i samme rom som handlinga i filmen du ser på skjermane.
Sjå korleis Line reagerte på pornofilmen i videoen øvst i saka.
Det er lenge sidan Line har «fått seg» noko, derfor er dette det nærmaste ho kjem eit ligg. Likevel vart det litt for heftig å vere vitne til ein pornofilm på den måten.
– Æææh, eg følte nesten at det var eg som låg der og blei penetrert!!
Det var så sjukt utmattande å sjå på.
Kjærleiksjakta held fram
For augeblikket er Line inne si tredje veke på tur landet rundt. Målet er å finne ein kjærast.
– Det har framleis ikkje gått opp for meg kva eg driv med.
Så langt har reisa vore vellukka, og ikkje minst veldig spennande.
– Altså, den eine dagen drikk eg champagne medan eg paraglider 900 meter over bakken. Den andre dagen er eg med på allsong i eit bedehus. Den tredje på seglbåttur. Det skjer så utruleg mykje!
Line kan avsløre at ho har møtt fleire guttar ho gjerne kan tenkje seg å møte igjen, men er livredd for om dei føler det samme.
– Eg gruer meg sååå sjukt til å spørre om folk har lyst til å bli med på ein andre date, tenk om dei ikkje har lyst.
https://www.instagram.com/p/BKVK_D4BrhM/
Har du tips til folk Line kan møte? Send det på mail til linedaternorge@nrk.no, på instagram @linedaternorge, eller på P3 sin Facebook-konto.