Matoma om då kjærasten overraska han: – Tårene rann

Dama dukka uventa opp då han trong det aller mest.

Eigentleg skulle Tom Stræte Lagergren (28), betre kjend som Matoma, nyleg ha spelt fleire konsertar på den amerikanske musikk- og kunstfestivalen Coachella. I staden sit han heime, slik som resten av Noreg.

– ­Det er jo surt så klart, fortel Tom til podkasten «I Karantene med Ronny og Tuva», saman med kjærasten Maren Sofie Gjertsen.

Fyren frå Flisa vart fyrst lagt merke til på musikktenesta Soundcloud, der han i 2014 la ut songar han hadde remiksa. Året etter vann han prisen «Årets nykommer» under P3 Gull. Sidan den gong har han hatt stor internasjonal suksess som DJ og musikkprodusent, innan sjangeren «tropical house».

På fredag slapp han låta «Bender» saman med Brando.

Tok til tårene då kjærasten overraska han på turne

Tidlegare i år var Matoma på turne i USA. Sjølv om han spelte for utselde konserthallar, framfor fleire tusen menneske, var det ikkje konsertane som var høgdepunktet på turneen for artisten.

– Det som var så kjekt med den turneen var at Maren kom og overraska meg i New York, fortel han med brei Hedmarksdialekt.

– Han skulle vere vekke i to månadar. Eg sa at eg eigentleg ikkje hadde tid til å besøke han på fordi eg hadde så mykje skule. Som jo var sant, forklarar Maren.

Denne turneen hadde så langt vore ekstra tung for Tom. Etter å ha feira nyttår med familien i Mexico vart det ein brå overgang frå ferie, til å sove i køyesenger på turnebussen.

– Eg var på bussen saman med tolv amerikanarar som eg kom godt overeins med, men ein merkar at ein mister privatlivet. Ein mister også den kjærleiken og kosen som ein har heime, med den som betyr mest i livet ditt.

I tillegg hadde Tom blitt sjuk med bihulebetennelse.

– Motivasjonen var mildt sagt langt nede, seier han til Ronny og Tuva.

Ein kveld medan Tom låg og sov banka turnesjefen på døra. Han sa at det var ein naudsituasjon – Tom måtte kome seg ut av bussen med ein gong på grunn av branntryggleik. Småstressa heiv han på seg klede og flaug han ut av bussen.

– Eg hadde så vidt vakna, og så opna eg døra, og der stod Maren! Eg trudde eg drøymde.

– Eg venta meg ein sjokkreaksjon, men han berre stod der og stirra på meg søvnig og sa: «Drøymer eg no?» Så kom eg litt nærmare og då byrja han å grine, fortel Maren.

– I det ho tok rundt meg og klemte meg då…  Tårene rann, utdjupar Tom.

Syng nattasong over telefon

Sidan Matoma slo igjennom som artist har han hatt alt mellom 100 og 300 reisedagar i året. No er alt av konsertar avlyst fram til hausten, og for Tom er dette ein unik mogelegheit til å vere heime i Trondheim saman med Maren.

– Det har vore heilt fantastisk, seier Tom.

– Folk har snakka om karantene som om det er keisamt, men for oss har det vore veldig kjekt. Det er ikkje noko me skal gjere heile tida, men me har kost oss med god mat, film og katten vår Måltrost, supplerer Maren.

– Det siste året har me sikla etter katt, og då me endeleg fekk ein var det soleklart at den skulle heite Måltrost, seier Tønsberg-jenta.

Historia bak kattenamnet kan få ein kvar romantikar til å sukke høgt.

– Då eg var lita var «Lille Måltrost» favorittsongen min. Når Tom er på reise pleier han å synge den som nattasong til meg, fortel Maren.

– Som regel er eg i ei anna tidssone enn det Maren er i. Derfor er eg ofte på ein flyplass eller ein anna offentleg stad, og så spør Maren: «Kan ikkje eg få nattasong, Tom?»

– Det er ekstra kjekt når det er folk rundt han og han byrjar å synge på norsk i telefonen, seier Maren og ler.

– Du lyste opp som ein engel

Om du ikkje allereie har smelta av det søtaste kjærasteparet i Noreg, så vil du gjere det når du høyrer korleis dei møtte kvarandre.

Historia startar slik: Matoma var i Oslo for å spele. Etter konserten var han på veg ut døra, men vart stoppa av nokre fans som ville ta selfie saman med artisten. Medan dette skjedde gjekk Maren og veninnene forbi.

– Ho og vennegjengen byrja å le av meg fordi eg stod der med eit par fans, byrjar Tom.

– Ja, me hadde vore på fest og dette her syntest me var kjempeartig, så me vart med, fortel Maren.

– Dei bombarderte heile settinga! Så det vart vel til at me tok bilete med dykk også, fortsett Tom.

Dei la kvarandre til på Instagram, og eit par veker seinare tok dei opp kontakten. Då Maren var i heimbygda Tønsberg skulle ho tilfeldigvis ut med veninnene sine same dag som Tom var i byen for å spele konsert. Dei avtalte å møte kvarandre ute den kvelden.

– Så kom eg meg endeleg dit. Du satt to bord lenger inne, og du lyste opp som ein engel. I det augeblikket eg såg ho visste eg at denne jenta skal eg dela resten av livet med, fortel Tom, medan han ser på Maren, til stor begeistring for Ronny og Tuva.

Fem år har gått, og Tom er framleis like sikker i si sak. Paret har flytta saman til Trondheim, der dei no har late heime-dagar saman med katten Måltrost.

Les fleire saker frå «I Karantene med Ronny og Tuva»: