10 kjappe: OnklP

OnklP elskar Snoop Dogg, men trur det heile starta med Billy Joel. Her svarar onkelen på Ruben sine ti kjappe spørsmål.

OnklP er aktuell med ei kritikerrost plate med OnklP & De Fjerne Slektningene, og har allereie lagt bak seg ei lang karriere. Han svarar på 10 kjappe spørsmål hos Ruben!

Sjå OnklP gi deg ein versjon av Admiral P sin “Skakke Gi Opp” saman med Jaa9 og Oslo Ess øvst i saka. Det skjedde då heile gjengen besøkte Christine i fjor haust.

Kva er ditt første musikalske minne?

– Det kan ha vore Billy Joel. Eg veit ikkje, noko mor og far spelte i bilen. Mor var hekta på Elton John, far var hekta på Billy Joel.

Korleis oppdaga du at du kunne rappa?

– Eg veit ikkje eigentleg, det berre klikka på eit tidspunkt. Då eg skjønte at trikset var å gjera det på norsk. Det skjedde omtrent då dei første norske, Uro MCs, Klovner i Kamp og slikt kom ut.

Kva er den aller første sangen du hugsar at du diggar?

– Det må vera Michael Jackson eller noko slikt. “Bad”. Eg prøvde meg på nokre moves, å kasta meg på knærne og slikt. Nesten som MJ.

Då OnklP var på besøk hos Christine i haust saman med Jaa9 og Oslo Ess, vart gjestene utfordra i aktteikning. Sjå korleis det gjekk!

OnklP & De Fjerne Slektningene på by:Larm 2014. Foto: Tom Øverlie, NRK P3
OnklP & De Fjerne Slektningene på by:Larm 2014. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Korleis skjønte du at du skulle bli musikar?

– Eg har alltid hatt det i meg, inni meg ein stad. Eg har prøvd alle moglege instrument og alle former for å laga musikk heile barndommen. Det var eigentleg først med rappen at det fekk ein form.

Eg trur eg berre er fødd musikar, om eg får lov til å kalla meg sjølv det.

Vil du høyra heile sendinga til Ruben, der OnklP var gjest? Det kan du gjera i nettradioen!

Kvifor byrja du å laga den musikken du lagar?

– Det er akkurat det – eg veit endå ikkje heilt sjølv kva musikk eg lagar. Det er alltid i endring. Eg rappar, det er våpenet eg er utstyrt med. Det held eg meg til, og vil alltid halda meg innafor formatet mitt.

Kva låt har vore viktigast for din eigen musikk?

– Alle låtene på Snoop sin Doggystyle, kvar einaste ein. Det trur eg er utgangspunktet til meg og veldig mange i min generasjon. Både i og utanfor rap.

“Gz and Hustlas”, når klokkespelet startar og trommene byrjar – frå det første sekundet eg høyrde det var det over. Generelt ferdig snakka.

Når dansar du?

– Det er svæært sjeldan. Eg prøver å sei at eg aldri gjer det, men eg har nokre moves når eg blir tilstrekkeleg full.

Når høyrer du ikkje på musikk?

– Det går stort sett i musikk heile tida, men eg er ikkje han fyren som spelar på full guffe når eg vaknar, ikkje no lenger.

Kva sjanger høyrer du på i dag som du ikkje høyrde på for ti år sidan?

– Eg har alltid prøvd å høyra på alt mogleg, og å vera litt altetande. Men eg har blitt introdusert for ein del obskur rock og slikt. Men eg høyrer eigentleg mindre på til dømes R n’ B no enn før.

Kva er tidenes beste låt?

– Ååå.

Eg tykkjer me skal gå tilbake til Doggystyle, og “Gz and Hustlas”. Heile skiva er fantastisk, og akkurat den er den tøffaste låta på den tøffaste skiva i verda. Den tek meg tilbake til då eg var ung og endå dummare enn no. Det er litt vanskeleg å setta ord på den sangen – det er eit soundtrack du bør ha i hovudet uansett kva du gjer.