10 kjappe: Linda Pira

Når gret Linda Pira, og kva meiner ho er den beste låta nokon sinne? Ruben stiller rapdronninga ti kjappe spørsmål.

Kva er ditt første musikalske minne?

– Eg var på førskulen då eg var fem år. Eg står framfor ein spegel, med noko i handa eg ikkje hugsar kva var. Men eg latar som eg er Paula Abdul og høyrer på «Straight Up». Det er så langt tilbake eg kan hugsa at eg elskar musikk.

Korleis oppdaga du at du kunne rappa?

– Eg oppdaga det då The Latin Kings si første plate kom ut. Eg lærde meg alle tekstane og rappa med låtene. Eg oppdaga at eg fekk det til, og byrja å rappa med andre låter. Også amerikanske artistar, som Tupac. Sjølv om eg ikkje forsto det, kunne eg herma ganske bra.

Eg trur det var rundt der eg skjønte at eg kunne rappa, men det er jo berre ein del av det heile. Seinare kom det å setja saman musikken.

Kva er den første låta du kan hugsa at du digga?

– Den første eg hugsar var frå tidleg på 90-tallet. Det var då Kris Kross kom ut med Jump. Eg hugsar at eg allereie på den tida var fascinert av den raske rappen. At dei kunne flowa på ein rask måte. Eg tenkte «Shit, kva er det her?» Og til slutt kunne eg sjølv gjera det. Det var ei artig greie, å finna teknikken.

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=010KyIQjkTk]

Korleis skjønte du at du skulle bli musikar?

– Då eg gjekk inn i eit ordentleg studio for første gong var eg 12 eller 13, og sang ei coverlåt. Eg gjekk inn der, tok på meg hodetelefonane og sang. Så fekk eg høyra det sjølv etterpå.

– Då eg fekk høyra mi eiga stemme for første gong på tape, innsåg eg at det var det kulaste eg kunne gjera.

Då eg fekk høyra mi eiga stemme for første gong på tape, innsåg eg at det var det kulaste eg kunne gjera. For det første høyres stemma annleis ut på opptak, men eg hugsar og eg likte den crispy lyden i studio. Eg høyrde kvar detalj og lyd, det var så fint. Det var på den tiden at eg forsto at denne musikklaginga var noko eg ville gjera.

Kvifor lagar du den musikken du lagar?

– Eg holdt faktisk på med mykje sang, og tok eit sangfag på vidaregåande, der eg lærde meg å synga. Men eg reiste og til Thailand, der eg trente på Thai-boksing i fleire år, som gjorde at eg øydelagde stemma mi litt. Ein lagar jo veldig mykje lyd når ein trenar, og skrik. Det sleit veldig på stemmebånda, og då eg kom heim oppdaga eg at det høyrdes ganske fælt ut når eg sang.

Så eg byrja å syngerappa, og merka at det funka. Så det var det som fekk meg til å rappa. Men så påverka det og mykje at eg hadde ein storebror som høyrde på hip hop. Bassen eg høyrde frå rommet hans tykte eg var så heftig. Då skjønte eg at det er denne musikken eg elskar.

Les også: Er du Norges nye rapstjerne?

Kva låt har vore viktigast for din eigen musikk?

– Det er ei låt Lauryn Hill har gjort, som heiter «To Zion». Den er veldig sterk, ho syng om då ho fødde barnet sitt og korleis alle sa at ho måtte velga mellom musikk-karriera og bornet. Den låta var veldig sterk for meg allereie før eg vart mor.

Men så, då eg vart mor, var eg på same plass som ho i livet. Eg hadde akkurat fått platekontrakt, og alle ville høyra meir. Ho syng «Lauryn, baby. Use your head. But instead I chose to use my heart». Og eg kunne kjenne att det veldig då eg var gravid, at no måtte eg velga vekk karriera. Eg valde jo barnet, men eg kunne driva med musikk og.

Eg høyrde den låta første gong då eg var 11-12 år, og då gret eg. Og då eg høyrde den igjen då eg var 27 og skulle få barn, forsto eg kvifor eg gret, og eg gret endå meir.

Når dansar du?

– Eg dansar ofte når det er veldig høg buss. Eg høyrde om ein DJ som var døv, kan du tenka deg det? Han spelte etter bassen, for den kjende han i heile kroppen. Det er bassen som får meg til å dansa, i alle fall.

Når gret du av musikk?

– Eg har ei heil speleliste på Spotify som heiter «Love Songs», og den set eg på når eg er på ein følsom stad i livet. Det er den lista med flest låter på, eg trur eg har 600 låter på den. Det er heilt sjukt.

Vil du høyra meir frå Ruben? Sjekk det ut i nettradioen!

Når høyrer du ikkje på musikk?

– Om eg har jobbar veldig hardt i studio ei veke, eller ein lengre periode, og kjem heim – då vil eg ikkje høyra musikk i det heile. Då skal det vera heilt stille. Så når eg har mi tid heime med born og familie, då skal det ikkje vera musikk.

Kva sjanger høyrer du på i dag som du ikkje høyrde på for 10 år sidan?

– Det må vera reggae, for eg oppdaga det ganske seint. Reggae var noko far min høyrde på, og då var det ikkje like kult. Men då eg sjølv vaks opp hadde eg mange kompisar som høyrde på reggae, og då fekk eg opp øyrene for det. Eg skulle ønska eg var meir mottakeleg for det på den tida eg høyrde far min spela det, for reggae har gitt meg utruleg mykje.

Kva er tidenes beste låt?

– Hmm. Om me snakkar om hip hop kan det vera at «Borta i tankar» er tidenes beste hip hop-låt. Det er ein av dei beste tekstane eg har høyrt, ein kan sjå så mykje av seg sjølv i den låta. Det spelar ingen rolle om du har levd det livet eller ikkje, ein forstår likevel kva han pratar om.

Nokre er kanskje knytt til narkotika og slikt, men eg knyt det til å ha veldig spreidde tankar. Spesielt i tenåra, då eg høyrde låta først. Det er ein klassikar som alle kan kjenna seg igjen i, og eg trur det er difor den vart så stor. Den er heilt perfekt.