Christine live: Nick Jonas og Frida Amundsen

Han er akkurat no den mest spelte artisten på radiostajonane i USA. Ho er ein av NRK P3 sine norske favorittar. Høyr begge briljere live!

For ein torsdag i radiostudioet på Marienlyst! Både verdsstjerna Nick Jonas og vår eiga stjerne, Frida Amundsen, kom på besøk til Christine for å spele live.

Høyr heile intervjuet med Nick Jonas her!

Greitt med “fuck”

Nick Jonas på besøk hos NRK P3s Christine. (Foto: NRK P3)
Nick Jonas på besøk hos NRK P3s Christine. (Foto: Skjermdump frå @nrkp3 sin Instagram-konto)

– OK, han veit kva han driver med, tenkte Christine då ho overhøyrde ein kjapp diskusjon om toneart mellom Nick Jonas og keyboardisten.

Christine la også merke til at Jonas song den sensurerte versjonen under lydprøvene:

– Du veit at det ikkje er noko problem å seie “fuck” på norsk radio?

– Eg skreiv “you’re so fucking beautiful” då eg laga songen, men no likar eg eigentleg den andre versjonen med “sexy beautiful” betre, seier Nick Jonas.

Den versjonen valde han også synge då han imponerte lytterane med sin live-versjon av den sjølvskrivne hit-låta “Jealous”.

Christine utfordrar alltid artistane som kjem på besøk til å spele ei coverlåt live. Ho vart overraska då ho fekk vite at popstjerna Nick Jonas ville gjere ein coverversjon av rap-låta “No Type”.

– Det er noko ikkje nokon norsk arstist ville finne på å gjere, ler Christine.

(Artikkelen held fram under videoen)

Amundsen drar opp stemninga

Som om ikkje det var nok med ei popstjerne frå Amerika, tok også Noregs eige pop-håp, Frida Amundsen, turen til studio for å framføre to låtar.

Den nyaste singelen hennar “Told You So” er skriven saman med Joakim Berg, som er vokalist i det svenske rockebandet Kent.

Høyr heile intervjuet med Frida Amundsen her!

– Gitarsolo! Det var alt for lenge sidan, smiler Christine, og lytterane let seg også imponere:

“Stemninga gjekk fra null til hundre på arbeidsplassen vår! Seriøst dette er dritbra!”

(Artikkelen held fram under videoen)

I tillegg til sin eigen låt covrar Amundsen rapparen Yelawolf sin “Till it’s Gone”.

– Eg er heilt andpusten. Eg har fått ein heilt ny respekt for rapparar etter eg fekk prøve meg på den låta her, seier Frida Amundsen.

“Dette vil eg høyre meir av” seier ein av lytterane via SMS. Det får både han og alle moglegheit til når Frida Amundsen sitt nye album kjem den 9. mars.