Envy sjarmererer publikum

Christine Live: Envy har den mest streama norske låta gjennom tidene – måndag holdt dei ein minikonsert i studio og gjorde ein cover av Jay-Z.

Envy blir utfordra i pop-quiz, spelar live framfor lyttarar i studio, og fortel kvifor dei mislikar Jay-Z og Justin Timberlake sin «Holy Grail» så sterkt – alt hjå Christine på P3!

Høyr heile sendinga her!

Storfint besøk

Først av alt – Envy var ikkje åleine i studioet til Christine denne måndagen. Faktisk har det sjeldan vore så trangt og intimt i dette studioet, for denne måndagen hadde me fått inn eit eige publikum til minikonserten med Envy.

Publikum besto av to konkurransevinnarar med vener, i alt fire glade fans.

Envy med fire heldige lyttarar som fekk ein eksklusiv intimkonsert. (Foto: Rashid Akrim/NRKP3)
Envy med fire heldige lyttarar som fekk ein eksklusiv intimkonsert. Frå venstre bak: Kent Åge Jensen, Vincent Very, Martin Gellein, Nicolay Sereba. Foran, frå venstre: Ida Gundersen, Eline Selvaag (Foto: Rashid Akrim/NRKP3)

Eline Selvaag vann ved å synga si favorittstrofe frå «Am I Wrong», og fekk ta med seg veninna Ida Gundersen. Vinnarbidraget kan du høyra her:

Eline syng seg til siger

I tillegg til Eline og Ida, fekk røyrleggaren Martin Gellein frå Fredrikstad ein billett, og tok med seg kompisen Kent Åge Jensen.

Martin vann konkurransen ved å fortelja om sin største draum:

SMS

Lei før «Am I Wrong» kom ut

Envy består av Nicolay Sereba og Vincent Dery, og har sidan 2011 hatt ei kometkarriere. No er «Am I Wrong» tidenes mest streama norske låt på Spotify og Wimp.

– Det er kult å ha rekorden no, men så håpar eg at nokon kjem og tek oss igjen. Så kan me konkurrera mot dei, og dra kvarandre opp, seier Vincent.

Høyr og sjå fleire minikonsertar hjå Christine.

Både Vincent og Nico fortel at dei var lei av låta allereie før den kom ut. Men i dag, fleire månader etter dei slapp «Am I Wrong», er det framleis mange som kjem bort og fortel at dei ikkje er lei.

– Forhåpentlegvis er den tidlaus, seier Nico.

Ikkje favoritt

Envy spelte sjølvsagt «Am I Wrong» live hjå Christine og gav deg ein heilt ny versjon. Video av dette kan du sjå nedst i saka.

Dei gjorde og ein coverversjon frå P3 sine spelelister – ein cover av den låta dei likar minst: «Holy Grail» av Jay-Z og Justin Timberlake.

Envy spelar på P3 Gull – bli endå betre kjend med dei her!

– Då eg høyrde den første gong, likte eg den litt. Men så kjem det forferdelege verset, og den rare og tynne beaten, fortel ein opprørt Nico. – Eg veit ikkje heilt kva det er, men det er ikkje noko for meg.

– Det me tenkte var at me kunne øva skikkeleg, og gjera den låta til noko me kunne likt sjølv, legg Vincent til.

«Holy Grail» gjekk gjennom Envy-maskineriet – resultatet kan du sjå her:

Kva tykkjer du om resultatet?