Ping-pong og vampyrar

Christine Live: Eye Emma Jedi blir testa i åttitals-kunnskapen og spelar to låter for deg.

Då Eye Emma Jedi besøkte Christine var det live-musikk og åttitalet som var i fokus. Storparten av bandet er fødd i 1988, og har dedikert sin siste P3-lista singel generasjonen som kom til verda rundt nettopp dette årstalet. Ein live-versjon av låta «’88» ser du nedst i saka.

– Den låta er ein hyllest til den tida der du spelte Nintendo 64 og blåste støv ut av kassettane, og brukte ringeklokka og hustelefonen. Tida utan Facebook og sms, fortel Alexander Pavelich.

I tillegg til Alexander består bandet av Andreas Reiten Westhagen, Drew Snyder, Sjur Husom Vonen og Andrew Murray.

Høyr heile sendinga her!

Ut mot havet?

Mykje lys og mykje varme. Eye Emma Jedi var i studio. (FOTO: Beate Grøndahl/NRKP3)
Mykje lys og mykje varme. Eye Emma Jedi var i studio. (FOTO: Beate Grøndahl/NRKP3)

Dei fleste gjestene til Christine vert møtt med ein konkurranse i ein eller anna form, og i dag var det åttitals-quiz. Alexander og Andrew skulle konkurrera mot kvarandre i kven som visste mest om 1988.

Spørsmåla omhandla George Bush Sr, hits frå 1988 og Die Hard.

Her vart det og gjennomført ein eigen versjon av «Beat for Beat» – Christine spelte klipp frå store hits frå 1988 – blant anna Rune Rudberg sin klassiske «Ut mot havet».

Sjokkbølgene spreidde seg i studio då ingen av deltakarane kjende att denne låta – høyr det heile under:

Eye Emma Jedi tek ein quiz: Kunnskapen om 80-talet vert testa

Favorittlåta

I tillegg til å spela ’88 og bli testa i kunnskap om åtti-talet, skulle og Eye Emma Jedi gjera ein cover hjå Christine. Då Envy var på besøk på måndag valde dei å gjera sin versjon av den låta dei likte minst, «Holy Grail».

Eye Emma Jedi gjekk i motsatt reting, og valde den låta dei likar best: Vampire Weekend – «Unbelievers».

Lysten på fleire live-versjonar frå Christine? Klikk her!

Videoen kan du sjå i toppen av saka – og her får du Eye Emma Jedi som spelar sin nyaste singel ’88 hjå Christine.

Kva tykkjer du om live-versjonane til Eye Emma Jedi? Og er det for skandaløst at dei ikkje kjenner igjen Rune Rudberg? Del di meining i kommentarfeltet!