Til nrk.no

SE HELE SHOWET

Alan Walker

Astrid S

Cezinando

Dagny

Julie Bergan

Matoma

Aldri før har me hatt så mange navn på blokka som då me skulle nominere artistar til årets P3 Gull-prisar.

LES OGSÅ: Dette er dei nominerte

Under P3 Gull 2016 delte me ut følgjande prisar: årets live, årets låt, årets nykommer, og sist men ikkje minst, den aller gjevaste P3-prisen. Medan årets live og låt vert avgjort gjennom avstemming, er dei to andre bestemt av ein jury.

Röyksopp vann P3-prisen

– Dette er vanvittig fett for oss!, seier elektronikaduoen frå scena.

I fjor var det Lars Vaular som stakk av med kveldens gjevaste pris. I år er det elektronikaduoen Röyksopp, beståande av Svein Berge og Torbjørn Brundtland, som kan ta med seg gjevaste prisen heim. Når duoen har fått roa seg litt ned og nervøsiteten har forsvunne litt legg dei til følgjande:

– Me set umåteleg stor pris på dette her, det er så enkelt som det. Me er ikkje så flinke til å seie dei tinga når me står der på scena, men no når me har roa oss litt og tenkt litt gjennom ting går det betre. Dette her er veldig stor stas!

LES VÅRT PORTRETTINTERVJU MED DUOEN HER
Röyksopp vann den gjevaste prisen på P3 Gull 2016. FOTO: Tom Øverlie/NRK P3.
Röyksopp vann den gjevaste prisen på P3 Gull 2016. FOTO: Tom Øverlie/NRK P3.
Slik begrunnar juryen avgjerdsla:

“Röyksopp har gjennom konsistente utgivelser og sterke liveopptredener i en årrekke vært selve spydspissen for en sjanger som har plassert Norge på det musikalske verdenskartet. Gjennom en kompromissløs og egenrådig tilnærming, har de fremdeles en posisjon som ledestjerne for svært mange som lager elektronisk musikk. På tross av sin sterke posisjon også utenfor landets grenser, har duoen etter nærmere 20 år klart å beholde en stor grad av mystikk. Ved flere anledninger har Røyksopp utvidet sjangeren, blant annet gjennom definerende samarbeid med Susanne Sundfør og Robyn. Duoen har en beundringsverdig sterk evne til å tenke nytt, uten at det går på bekostning av deres umiskjennelige egenart og signatur.”

Karpe Diem stakk av med begge publikumsprisane

Folket har talt: Kapre Diem – “Lett å være rebell i kjellerleiligheten” din er vinnaren av prisen for årets låt.

– Eg håper borna mine veks opp og ikkje forstår denne låta her, eller at dei ikkje kan relatere seg til dette. Eg håper eg må forklare kva som skjer i musikkvideoen, og at den blir utdatert. Men fram til då: Tusen tusen takk!, seier Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid (31), eine halvdelen i rapduoen Karpe Diem.

Då låta først kom vekte den reaksjonar landet rundt, blant anna fordi den omdiskuterte låta kritiserar justisminister Anders Anundsen. Ifølgje duoen sjølv er den basert på ting dei har plukka opp i debattane rundt innvandring og asylpolitikk.

Karpe Diem vann begge publikumsprisane under P3 Gull. (FOTO: Tom Øverlie/NRK P3).
Karpe Diem vann begge publikumsprisane under P3 Gull. (FOTO: Tom Øverlie/NRK P3).

− Me endte opp med å havne litt i trøbbel på grunn av denne låta, og eg har eigentleg ikkje nervar til å stå i sånne ting. I utgongspunktet ville jeg aldri satt meg sjølv i en slik situasjon. Men eg trur det som skjedde satte i gang et engasjement, legg Chirag til.

Ikkje nok med det, rapduoen stakk også av med prisen for årets live-artist!

– Vanlegvis er det Magdi som tek sånne talar, men han insisterte på at eg skulle gjere det dersom me vann pris for årets live! Tusen takk, dette er fantastisk gøy, seier ein glad Chirag frå scena.

Under fjorårets P3 Gull framførte dei låta “Hvite menn som pusher 50” live:

Cezinando er årets nykommer

Tidlegare i år, berre tjue år gammal, gjekk Kristoffer Cezinando seirande ut av Urørt-finalen. I kveld har han gjort det igjen – som vinnar av prisen for “årets nykommer”.

– Tusen takk til alle som har hjulpe meg på vegen, seier ein tydeleg prega 21-åring.

− Kvifor blei du årets nykommar, trur du?

− Eg veit jo ikkje kva juryen har tenkt – men eg føler på ein måte at jeg har klart å bygge noko som er større en musikken min, og eg trur dette kan helde fram i framtida også, seier Cezinando, før han legg til:

– Det er liksom heile 1111-klubben der folk stiller opp. På kvar einaste konsert ser eg folk som er aleine, ofte gutar. Ein ser at dei er veldig ukomfortable og eg skjønar kva dei har gått gjennom for å gidde det – men det er så vakkert og rørande. Derfor tenkjer eg at eg har klart å bygge noko som er større enn musikken min.

– Dette har vore eit sinnsjukt år for deg, korleis skal du toppe det?

– Eg skal sleppe meir musikk, som eg sjølv meinar er mange hakk vidare. Så eg er ikkje nervøs for å toppe noko som helst – men priser og sånn er jo litt vanskeleg å forutsjå om eg kjem til å få. Men herregud, dette er heilt enormt, tusen takk!

Slik begrunnar juryen avgjerdsla:

“Cezinando har på kort tid markert seg som en helstøpt og nyskapende artist. Som lyriker er han formidabel, der han sammenblander vittige og viktige tekstlinjer på lekent vis. Med en imponerende tilstedeværelse på scenen og i studio, har han fått et solid tak på mange unge mennesker. Han utfordrer og utvikler rapsjangeren ved å utfolde seg kreativt på flere områder og klarer samtidig å være troverdig. Cezinando er en artist som har alt det som skal til for å kunne markere seg ytterligere i lang tid fremover.”

Cezinando vann prisen for årets nykommer under P3 Gull. (FOTO: Tom Øverlie, NRK P3)
Cezinando vann prisen for årets nykommer under P3 Gull. (FOTO: Tom Øverlie, NRK P3)

DEI NOMINERTE ER:

ÅRETS LIVE

Kvelertak
Higasakite
Karpe Diem – VINNAR
Sondre Justad
Aiming For Enrike

ÅRETS NYKOMMER

Dagny
Cezinando – VINNAR
Alan Walker
Julie Bergan
Anna Of The North

ÅRETS LÅT

Alan Walker – “Faded”
Julie Bergan – “Arigato”
Sondre Justad – “Riv i hjertet”
Tomine Harket & Unge Ferrari – “Nostalgi3Millioner”
Karpe Diem – “Lett å være rebell i kjellerleiligheten din” – VINNAR

P3 Gull 2016

Vart i år sendt frå Sentralen i Oslo.

Følg oss på Instagram @nrkp3.

Følg oss på Snapchat @p3snap.


Vinnarane P3 Gull 2016

Karpe Diem – “Årets Låt” og “Årets Live”

Cezinando – “Årets Nykommer”

Röyksopp – P3-prisen

Desse speler live på P3 Gull 2016. FOTO: NRK P3.