Saksøkt for «Harlem Shake»

Ikkje berre ein, men to gonger. Baauer må no rista seg inn i ein rettsal.

Trenden «Harlem Shake», som kort sagt går ut på å rista laus til Baauer si låt med same namn. Trenden har tatt av dei siste vekene, og har gitt ein enorm boost for Baauer. Han toppar hitlister, og har blant anna blitt booka til Pstereo i sommar. No blir han saksøkt, melder The Line Of Best Fit, og kan få bruk for alle pengane han rakar inn om dagen.

Les og: Som lemen etter memer

Les og: Baauer til Pstereo

I linken over kan du og sjå fleire videobidrag i Harlem Shake-trenden.

Uvøren sampling

Dei som no vil ha sin del av kaka, er Hector «El Father» Delgado og Jayson Musson. Begge meiner at Baauer har forsynt seg rått av deira låter for å laga Harlem Shake.

Høyr Baauer si låt her:

«Do the Harlem Shake»

Det er ikkje store bitane det er snakk om. «El Father» Delgado står for  dei spanske frasene i starten av «Harlem Shake», medan Musson kommanderer deg til å «Do the Harlem Shake» i si låt. Dei som er lei av fenomenet jublar kanskje i skadefryd, men fansen kan trøsta seg med at det framleis er godt giv i trenden på Youtube.

Les og: Plagiatanklage mot Frank Ocean

Hector «El Father» Delgado – «Maldades» og Jayson Musson – «Miller Time»
[youtube http://www.youtube.com/watch?v=FFgWPnOaj7U&w=741&h=421]

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=va-AY7jOh04&w=741&h=421]