Topp 20-turneen kjem til Bodø

Gratis folkefest i Rensåsparken den 24. juli.

Topp 20 tek turen til Bodø! Sumarturneen startar på Rådhusplassen i Oslo den 21. juni, og dreg innom Stavanger, Trondheim, Bergen, før den avsluttar i Nordlandsbyen den 24. juli.

– Det er kjempegøy at me får gjere VG-lista i Nord-Noreg! Eg har aldri vore i Parken, men det skrytast alltid mykje av Bodø som musikkby, seier prosjektleiar i P3, Jan Henrik Mo.

– Sirkus Eliassen er gode ambassadører slik sett!

Eliassen-brørne vil vere blant artistane som speler i Rensåsparken, saman med blant andre Astrid Smeplass, Envy, og Eva & The Heartmaker. Fleire store namn vil bli annonsert dei næraste vekene.

Jan Henrik Mo håper på folkefest i Parken. Her frå Trondheimskonserten i fjor. (Foto: Erlend Lånke Solbu)
Jan Henrik Mo håper på folkefest i Parken. Her frå Trondheimskonserten i fjor. (Foto: Erlend Lånke Solbu)

Les også: Musikkbyen Bodø gikk fra å beskytte seg fra det kommersielle til å omfavne det

– Den rampete veslesystera til showet på Rådhusplassen

Jan Henrik meiner det er på sin plass å ta turen lenger nord i landet.

– Me håper jo sjølvsagt at folket i Bodø tek oss godt i mot! Det blir jo fort at ein gjer mange ting i det sentrale austlandsområdet, men P3 er ein landsdekkande kanal, og det er viktig for oss å vere tilstades i Nord-Noreg òg.

Programleiar Aishath synes stemninga på sumarturneen er annleis, og at det difor vert noko heilt anna enn den største konserten på Rådhusplassen:

– Topp 20-turneen er på ein måte den rampete veslesystera til showet på Rådhusplassen, kor alt kan skje! Artistane slepp seg ofte litt meir laus på turneen, og så er det hyggeleg å vere ein gjeng på tur, sa ho tidlegare i vår.

Sjå bileter frå Topp 20 frå 2012.