Ynskjer å fylle eit tomrom

MÅNADENS URØRT: 20-åringen Ousu Leigh tek oss med på ei R&B-reise mellom fjordar og fjell.

– Hovudmålet er å leve av det eg elskar, og å inspirere. Det er så vakkert at ein gjennom musikk kan nå folk på eit djupare nivå.

Ousu Leigh syng om si eiga reise frå å arbeide som fotograf til å bli musikar, i hiphop- og R&B-låta «Notice». Og ikkje berre gir han oss ei solid sjangerblanding i musikken, han visar oss kor magisk det kan bli når norsk natur og hiphop vert introdusert for kvarandre.

Urørt meiner:

Ousu Leigh beviser at han kan meir enn å fotografere i debutsingelen «Notice». Avslappa og naturleg, med ein stødig vokal, og gode og lekande rytmiske elementer i teksten, er Ousu eit godt og friskt tilskot til norsk hiphop og R&B!

Frå fotograf til musikar

Ousu Leigh drog opp i fjella for å filme musikkvideoen til låta «Notice». Foto: Last Abdi

Ousu er ikkje ny for musikkbransjen. Lenge arbeidde han som fotograf under dei store musikkfestivalane i Noreg. Musikkgleda han hadde kjent på sidan barndomen bobla fram att, og artisten visste at det ikkje lenger var nok å berre halde eit kamera i handa.

Og sjølv om det kan vere vanskeleg å gjere ei såpass drastisk karriereendring, er Ousu klar på kor viktig det er å følgja draumane sine.

– Det er så klisjé, men eg trur det er viktig å tørre å gjere det ein har lyst til. Har du ein draum, så gjer det. Det er betre å tørre og feile, enn å angre på at du ikkje gjorde det.

Låta «Notice» handlar om Ousus bakgrunn som fotograf, og kvifor han byrja med musikk. Artisten ville vise resten av verda at han tek musikken seriøst.

– Derfor måtte denne låta bli den fyrste eg gav ut, seier Ousu.

Mellom fjordar og fjell

Musikkvideoen til låta «Notice» skildrar majestetiske fjell og den typiske norske ferga. Ousu var tidleg klar på at han ynskja at musikken hans, sjølv om han skriv tekstar på engelsk, skulle representere Noreg. Ein lenge planlagt roadtrip til blant anna Jørpeland i Rogaland og Preikestolen blei grunnlaget for musikkvideoen.

– Det kulaste er at vener i Gambia sender videoar på Whatsapp av at dei høyrer på låta. Det er kjekt at musikken eg sit og lagar på rommet heime har nådd så langt.

https://www.instagram.com/p/Br53OEQItFp/

Sjølv om Ousu Leigh ynskjer å representere Noreg, blir han ofte samanlikna med amerikanske hiphop-artistar, som Drake, the Weeknd og Tory Lanez.

– Og så er det nokre småungar som nektar å slutte å kommentere «Chris Brown» på bileta mine på Instagram, men det trur eg kanskje handlar meir om utsjånaden min, ler Ousu.

Vil kome med noko nytt

Ousu ynskjer at musikken skal nå ut i verda for å vise kva Noreg har å by på, både av natur og musikk. Foto: Last Abdi

Ousu føler det moglegvis manglar noko i den norske hiphop-scena, og trur han kan bringe noko nytt til denne.

– Det er fordi eg personleg føler at det finst eit tomrom. Eg trur eg kan fylle det litt, og håpar å bli så god som mogleg til det.

Det neste på artisten sin agenda er å spele på by:Larm, og å jobbe mot slepp av den neste singelen.

– Eg gler meg til å spele konsert og vise fram ny musikk. Og så gler eg meg til at mamma skal sjå meg spele, smiler artisten.

Les om årets fyrste Månadens Urørt, Mall Girl, her!