Når Fredrik dykkar, er han på ei heilt annleis skattejakt

Fredrik Myhre (39) har studert livet i fjæra heilt sidan han var gutunge. I fleire timar kunne han ligga i vatnet, i ei all for stor våtdrakt, og stira på alt som rørte seg.

Han har fridykka så lenge han kan hugsa, og då han studerte til å bli marinbiolog, begynte han med apparatdykking.

– Det er noko som strir mot all sunn fornuft, at ein skal trekka pusten under vatn. Men det å få vera gjest i eit heilt framand element, gjev ei ufatteleg fridomskjensle!

I studietida sikra han seg ofte middagen ved hjelp av ein harpun, men ein dag bytte han våpenet ut med eit undervasskamera.

– Då vart eg meir oppmerksam på dei tinga som ikkje høyrde heime på havbotnen. Eg la plutseleg merke til ting utanom dyrelivet, seier 39-åringen.

Det viste seg å bli starten på ei oppvakning for Fredrik.

Såg «Haisommer» som 10-åring

Fredrik har alltid elska havet. I oppveksten på Jeløya brukte han kvart ledige augneblikk til å studera dyrelivet i fjæra.

– Mitt tidlegaste minne er frå då eg som treåring stod på badet iført ei grøn kordfløyelsbukse og dykkemaske, og dykka i den blå servanten, seier han og ler.

Ti år gammal lånte han «Haisommer» av bestemora, på VHS. Utan at foreldra var klar over det, såg Fredrik den ikoniske thrilleren heilt åleine.

Lite visste Fredrik at denne filmen skulle definera heile hans vaksne liv.

– Eg vart jo skremd, men samtidig vart eg fasinert av at det finst så store dyr i havet som likna på dinosaurar, fortel Fredrik.

Bildet viser Fredrik under vatn, med ein liten pigghå framfor seg, og fleire større pigghåar som svømmer i bakgrunnen.
PIGGHÅ: – Hai er min store kjærleik, og ingenting er så kult som det å dykke med hai i norske farvatn, fortel Fredrik. Her saman med den utryddingstruga pigghåen. Foto: Fredrik Myhre / WWF Verdas naturfond

Like etter sette han seg ned og skreiv eit brev til ein av verdas leiande haiforskarar. Fredrik spurde Rodney Fox om kva han måtte gjera for å få jobba med hai når han vart stor. Rodney svara at då kunne han bli marinbiolog.

– Det er mange grunnar til at eg er glad i havet, men det var derfor eg vart marinbiolog. Haiar er jo det kulaste som finst i heile verda!

Etter kvart fekk han jobb i WWF Verdas naturfond. Heile livet hans dreier seg om havet og alle dei mystiske skapningane ein kan finna der.

Sexleketøy i feil element

Men ofte finn Fredrik ting som ikkje høyrer heime på havbotnen. Og det er dette Fredrik eigentleg jaktar på – nemleg plast.

Kvart år går åtte millionar tonn med plast ut i havet. I år samlar P3aksjonen inn pengar til WWF og plastinnsamling – sjå P3aksjonen onsdag til søndag på P3.no og delta i aksjonen du også.

– For eit par år sida skulle me laga eit TV-innslag for NRK, og i bakgrunnen skulle det vera eit akvarium fylt med dyreliv, fortel Fredrik.

Dette dyrelivet skulle dei henta frå havet i Florø.

– Det fyrste som møter oss, er ein dildo på størrelse med ein elefant. Han formeleg lyste mot oss frå havbotnen! Han vart sjølvsagt tatt opp saman med anna plastsøppel. Me la han ikkje i akvariet, riktig nok, men det vart den store snakkisen den dagen!

Bildet viser ein mann som held dildoen som dei fann på havet.
DILDOFUNN: Det er ikkje uvanleg å finna sexleketøy på havbotnen, slik som denne dildoen dykkarane fann i Florø. Foto: Fredrik Myhre / WWF Verdas naturfond

Mystiske pengeskap

Dykkaren kjem også over mange spanande gjenstandar. Blant anna har han funne to gamle pengeskap som låg dumpa utanfor ein bryggekant i Moss.

– Dei var dessverre tomme, men at dei har hatt ein spanande historie, er det ingen tvil om. Me fann også haglpatronar og pistolammunisjon i nærleiken, men eg veit ikkje om dei hadde nokon samanheng med kvarandre, vedgår Fredrik.

Bildet viser ein dykkar som lyser lommelykta si på dei to pengeskapa som vart funne på havet.
MYSTERIE: Ingen veit kvar pengeskapa kom frå eller kva dei inneheldt. Saman med Moss undervannsklubb vart dei henta opp frå havbotnen. Foto: Fredrik Myhre / WWF Verdas naturfond

Pengeskapa på 700 kilo vart overleverte til politiet, men skuffande nok fekk dei aldri svar på kvifor dei hadde hamna på havbotnen.

Sjølv om det meste som blir tatt opp frå havet, går i søppelet, er det nokre ting som får nytt liv.

– Eg har ein kompis som brygger sitt eige øl, og han bruker berre flasker han har funne på havbotnen.

Bildet viser ein dykkar som skriver på ein laptop som ligg under vatn.
FINN ALT: Fredrik og hans faste dykkebuddy, Roger Carson (bildet), har funne så godt som alt ein kan finna på havets botn. Foto: Fredrik Myhre / WWF Verdas naturfond

Fredrik pleier også å ta vare på dykkarutstyr når han kjem over det på havbotnen. Om det er i grei stand, gjev han det vekk til vener og familie. Men det kan også vera interessant å finna heilt vanleg søppel.

– Det er spanande å finna gammal plast der ein greier å identifisere kvar det kom frå og kor gammalt det er. Me har for eksempel funne innpakninga til båtis som er fleire tiår gamle, seier han.

Ei viktig kampsak for Fredrik er å stilla produsentane av plasten til ansvar, også når søppelet hamnar i naturen.

Ei sjokkerande oppdaging

Sjølv om Fredrik la merke til kor mykje plast det var i havet då han studerte, var det fyrst fleire år seinare at han innsåg kor stort plast-problemet verkeleg var. Ei av dei verste opplevingane hadde han på ein heilt vanleg dag, under det som skulle vera eit heilt vanleg dykk.

I 2015 skulle Fredrik dykka saman med to kompisar utanfor Nesoddtangen i Oslofjorden. Etter å ha svømt eit godt stykke ut frå land, vart dei møtte av eit sjokkerande syn.

Bildet viser ein trist dykkar som ser på eit spøkelsesgarn som har fanga ein humrar og ein torsk.
DRUKNAR: Spøkelsesgarnet utanfor Nesoddtangen hadde fanga to hummar og ein kysttorsk. Berre den eine hummaren slapp unna med livet i behald. Foto: Fredrik Myhre / WWF Verdas naturfond

– Framfor oss låg det eit 40 x 40 meters belte infisert av plast. Det var vanvettige mengder plast på havbotnen. Me fann trafikk-kjegler, champagnehaldarar, plastposar … Plast i alle former!

Ved sida av søppelbeltet stod det eit spøkelsesgarn, altså eit gammalt fiskegarn som har blitt tatt av havet. To humrar og ein utryddingstruga kysttorsk hadde sete seg fast i garnet.

– Eg følte eit enormt tungsinn. Dette var ikkje øydemark. Her var det masse flyndrer, eremittkrepsar og krabber som hadde sin heim, midt blant all denne plasten.

Fram til dette punktet hadde Fredrik alltid fylt lommene på dykkardrakta med plastsøppel kvar gong han dykka, men no skjøna han at det ikkje var nok.

– Dette var ikkje eit område me forventa å finna så store mengder plast, men etter kvart har eg oppdaga at det ikkje var eit unikt tilfelle, seier Fredrik og sukkar.

Har ikkje gjeve opp håpet

Etter fleire små og store ryddeaksjonar har dei fått opp mykje av søppelet utanfor Nesoddtangen og andre stader i Oslofjorden. Akkurat dette spøkelsesgarnet kan ikkje lenger ta livet av fleire dyr, men det er ikkje det einaste garnet som flyt rundt i norske farvatn.

– Me finn heile tida dyreliv som sit fast i våre gamle synder, spesielt i gammalt fiskeutstyr. Det er så trist å finna slikt.

Bildet viser to fisk som har vikla seg inn i eit garn.
TRIST: Det er ikkje uvanleg å finna daude dyr, vikla inn i gamle garn, fiskesnører eller teiner på havbotnen. Foto: Fredrik Myhre / WWF Verdas naturfond

Sjølv om ryddinga utgjer ein forskjell for dyrelivet i områda, meiner Fredrik at det viktigaste er å stoppa ny plast frå å hamna i naturen.

– Me kan rydda og rydda til me ser mannen med ljåen, men dersom me ikkje stoppar den uendelege tilførselen av plast frå å hamna i naturen, er det ein kamp me er dømde til å tapa.

Bildet viser ein dykkar som lyser på eit spøkelsesgarn.
DRUKNAR I GARN: Slike «spøkelsesgarn» kan ta livet av fisk, hummar og anna dyreliv i årevis, om ikkje dei blir fjerna. Foto: Fredrik Myhre / WWF Verdas naturfond

– Hender det at du blir litt motlaus i kampen mot plast?

– Ja og nei. Når eg ser kor mykje merksemd plastsaka har fått dei siste åra, blir eg optimistisk. Plast er eit fantastisk produkt som me har gjort oss avhengige av i dagens samfunn, men me har aldri lært oss å leva med det. Me må læra oss å bruka ressursane på riktig måte!

Med på «P3aksjonen»

Fredrik jobbar for eit berekraftig hav, fritt for plastsøppel. Både gjennom jobben og på privat basis arrangerer han små og store ryddeaksjonar, der målet er å få plasten opp frå havet. På dei store aksjonane kan dei frivillige rydda fleire tonn med søppel.

– Me har funne alt frå flatskjermar til DVD-spelar, bilar, elsparkesyklar og trillebårer, fortel han.

I år er det arbeidet for fjerna plast i havet som blir støtta gjennom «TV-aksjonen» og «P3aksjonen» på NRK. I 100 timar skal P3 senda live for å samla inn pengar til WWF Verdas naturfond, for deira kamp mot plast i havet.

Les meir om årets «P3aksjon» her!

Dette skal også Fredrik vera med på. Han skal fridykka saman med programleiar Ingrid Simensen.

– Me skal sjå litt på dyrelivet og kva me finn av plast, fortel marinbiologen.

– Vilje og mot

Kjærleiken til havet driv 39-åringen i arbeidet og det frivillige. Det gjer også tanken på at dei to barna hans skal veksa opp på ein levedyktig og rettferdig planet.

Fredrik meiner at me menneske kan greia å snu utviklinga, nettopp fordi problema planeten står ovanfor, er menneskeskapte.

– Eg meiner at me kan sjå på verda på to måtar: at me står i ein solnedgang der verda er på veg ned for menneska – eller at me står i ein soloppgang.

– Eg vel å sjå på det som ein soloppgang, fordi me har kunnskapen om korleis det står til med planeten, og me har mykje av teknologien me treng for å snu situasjonen, seier han.

Bildet viser ein dykkar som later som om han kjører på ein elsparkesykkel under vatn.
FINN DET MESTE: Ein elsparkesykkel som har blitt kasta i Oslofjorden. Foto: Fredrik Myhre / WWF Verdas naturfond

Han meiner at for å skapa endringar, handlar det aller mest om vilje og mot.

– Vilje til å ta dei riktige avgjerdene og mot til å stå i dei upopulære avgjerdene, seier Fredrik.

Få med deg den 100 timar lange sendinga til «P3aksjonen», som begynner onsdag 14. oktober kl. 19.00 på P3.no!

Portrettfoto: Geir Barstein / WWF Verdas naturfond
Videoer: Fredrik Myhre / WWF Verdas naturfond

Marit Eide

Journalist Marit Eide