Nico & Vinz tilbake på VG-lista

Rapduoen stod på scena under turnéopninga av VG-lista. Onsdag er dei tilbake for å avslutte turneen.

Onsdag 2. august er det klart for årets aller siste stopp på VG-lista turneen! Med på lasset har me ein liten overraskelse – sjølvaste Nico & Vinz kjem innom!

– Håper Dokka gleder seg like mykje til å sjå oss, som me gleder oss til å sjå dei!, seier Nico & Vinz.

Rapduoen som består av Oslo-gutane Nicolay Sereba og Vincent Dery stod på scena då startskotet for årets VG-listaturné gjekk av i juni. Over ein månad seinare får dei no gleda av å avslutte turneen.

– Det er ikkje ofte me speler på så små stader! Men det var veldig hyggeleg å bli spurt, fortel rapduoen som til vanleg er busett i LA, USA.

Naturleg nok er det ein litt anna størrelse på byen enn dei er vant med.

– Dokka har nok fleire traktorar enn LA, og ikkje minst finare natur. ?

SJÅ VG-LISTA PÅ RÅDHUSPLASSEN!

Gratiskonserten finn stad i Dokka i Oppland frå 18:00 til 20:00 2. august. I tillegg vil det vere eit ope aktivitetsområdet frå klokka 12:00. Meir viktig informasjon om kva som er lov å ha med seg og ikkje kan du lese her.

Artistane som speler:
Nico & Vinz
Morgan Sulele feat. Oral Bee
Hkeem + Temur
Fanny Andersen
TRXD feat. Emilie Adams
Cezinando
Mugisho
Matilda
Sandra Lyng feat. Morgan Sulele
Arif
Chris Holsten
Kjartan Lauritzen


LES OGSÅ: Alt om VG-lista-turneen!

Slik ser konsertområdet ut:

Årets siste VG-lista konsert finn stad i Dokka i Oppland. (ILLUSTRASJON: VG)
Årets siste VG-lista konsert finn stad i Dokka i Oppland. (ILLUSTRASJON: VG)